onsdag 18. juni 2014

Sidan sist


Det er så rart kor fort tida går, no har eg snart vore i Norge i 3.månadar. I løpet av den tida har det skjedd mykje, så no er det påtide å ta det litt innover meg. Det starta med nokre dagar på Hald, det var godt å vere ein plass i lag med fleire i min situasjon. Det var også litt rart sidan det var mykje kultursjokk ute å gjekk. Det føltes så rart å ver i Norge, men samtidig så føltes det ut som at alt var akkurat som før eg reiste, og det forsterka min følelse over kor uvirkelig det var at eg hadde budd 6.månadar i Ecuador. Påskeferien kom plutselig, den blei utnytta til det fulle. Eg reiste rundt for å besøke, treffe og ver i lag med vennar og familie som eg ikkje hadde sett på lenge. Det var kjekt, men også travelt, men eg la opp til det sjølv, så. 17.mai blei feira i Mandal i lag med alle norske og internasjonale på Hald, ein minnerik dag. Eg har i allefall fått bekrefta at det er varmt å danse, synge og hoppe i 17.mai toget i budad,sol og 23 grader. Det var stas at dei internasjonale fikk sjå nasjonaldagen vår, og dei fikk meg nok ein gong til å tenke over ting eg aldri har tenkt over. Som då ein kommenterte: Dåkke er utrulig priviligerte i Noreg som kan gå rundt i bunad, med høge verdiar utan å vere redd for å verte overfalt og fråstjelt alt av sølv osv. Ja takknemmelig er vel eit ord som har surra mykje etter at eg kom heim, Noreg er verkeleg eit fint land å bo i, og eg trur vi ofte tek for gitt kor heldig vi faktisk er.

Etter 17.mai reiste eg og Sunniva på informasjonsveke, først ein tur på sunnmøre så ein tur til Bergen, ei fin veke der vi verkeleg måtte jobbe med å få formidla det vi syns var viktigast at skulle bli formidla. Det var også godt å få sortert ut litt opplevelsar å dele med andre.

Dei siste vekene på Hald har vore bra. Det å leve i lag med rundt 50 norske og 35 internasjonale er noko som eg trur må opplevast for å kunne forstå. Det er så spesielt, så unikt, så bra, så utfordrande, så livsforvandlende. Det har skjedd så mykje kjekt og eg set igjen med minne for resten av livet. Men som alle andre kapittel i livet, blei det her kapittelet også avslutta. Eg trur ikkje eg er langt i frå sannheta når eg sei at eg trur det er noko av det verste eg har vore med på. Det å stå utanfor skulen, skulle sei hade til alle du har blitt så glad i, å  vite at kanskje 95% av alle dei kjem du aldri til å møte igjen mens du lev på dinna jorda. Det var ikkje greit. Samtidig så var det så uvirkelig. Vi stod der å hulka, grein, klemte og prøvde å trøste kvarandre. Følelsane var mange. Sjølv å sei hade til dei norske som eg veit eg møte igjen var vansklig.
Etter nokre dagar med grining er det ikkje så aller verst å vere heime heller.
Eit fantastisk eventyr på Hald er over, men forandringane eg har gjort meg, tankane som har blitt planta, opplevelsane og minna er frå langt nær over.

Eit bildedryss frå siste tida på Hald: