søndag 26. januar 2014

Mi veke

Det er nok ein søndag, dagen der eg som regel har litt tid til å blogge. Den siste veka har bestått av mykje spennande. Den nye jobben min er fantastisk, eg stortrives! Den er veldig variert, og vi får prøve oss både som vaktmestarar, artistar, barnepassarar, lærarar osv. Eine dagen storkosa eg meg i lag med to små guttar, ein på rundt 4 månedar og han andre på ca eit år, hærleg!! Onsdag reiste vi til vår gamle jobb, der blei vi godt tatt i mot av ungane som hadde mange spørsmål om kvifor vi ikkje hadde vore der på leenge. Det var ikkje lett å seie at vi berre stakk innom for å seie hade! Eg har blitt veldig glad i ungane, og har verkeleg hatt ei fin tid på eit BRA prosjekt! Men det var godt å sjå at der hadde komt nye voluntørar, nye ungar og at prosjektet kjem til å klare seg bra utan oss der ;)
Fredag var eg og Sunniva litt turistar. Vi tok telefericó(som eit skitrekk) Høgt opp på eit fjell (4100 moh) og hadde fin utsikt over store delar av Quito, fantastisk :) Seinare på dagen fikk eg besøk av ein privat-lærar i spansk heime i stua! Så no skal spansken berre bli enda betre, kjekt å få eit lite push til å måtte lære meir! Laurdag ringte vekkerklokka 05:45(Altfor tidleg), eg kom meg opp og i lag med 21 andre hadde vi ein fantastisk dag i Jerusalem(Ein park ein time utanfor Quito). Der var vi i lag med andre cece-studentar. Kanskje det er påtide at eg fortel litt om cece! Cece er ein kristen student organisasjon som jobbar med studentar på universiteta. Cece er det samme som Laget i Noreg, så sidan eg går Focus på Hald, som er Laget si linje så er cece ein av hovudjobbane våre her. Kvar veke er det rundt om på omtrent alle universiteta her, cece-møter. Eg har "mi" gruppe kvar tirsdag. Så kvar tirsdag reiser eg til eit universitet for å ha Bibelstudie i lag med andre studentar. Cece er ein veldig bra og viktig organisasjon for studentane. Det er ein fin plass til å komme i travle dagar, sette fokus på trua si og ikkje minst få oppmuntring og støtte til å vere tydeleg kristne blandt med-elevar! Denne laurdagen hadde vi litt fokus på planlegging av kva gruppene vil vekse på og gjere det neste semesteret. Vi skal blandt anna ha fokus på å vere meir synlege på universiteta, sånn at fleire kan få muligheita til å høyre om Jesus, vere med i eit trygt og godt miljø og at gruppene kan vekse og bli større. Så det kan bli veldig spennande (Gjerne ver med å be! :))
Dagen bestod også av mykje leikar, avslapping, mat og gode samtalar. Veldig kjekt å bli enda betre kjent med studentane.
I dag er det søndag, nok ein gong vekkerklokka på kl 06:00 for å fare i kyrkja. Men det gjer ingenting, for det er fantastisk deilig å reise i kyrkja, lovsynge, høyre på andakt  å få påfyll!
No driv eg å lada opp til ei ny og spennande veke med kaffi, norsk sjokolade og lovsang, perfekt!


Eit av mine favorittsyn har blitt det her: Sjå ungar som ber!

Sååå hærlig! Kjem til å sakne alle dei fantastiske ungane!!


Hærlig  å komme seg i naturomgivelsar
Bor i ein ganske så stor by ja!

Ein av leikane var å barbere ein ballong utan å sprekke den.


Vi skulle konstruere bruer! 
Avslapping ved bassengkanten var ikkje feil! 





Ha ei strålande veke!


søndag 19. januar 2014

Bestemoremne

Helga mi har som alle andre helge vore; uforutsigbar! Eg veit aldri kva som skjer om eg ikkje har spesifikke planar om kva som skal skje. Fredag hadde eg fri/studiedag, eller det vil seie, eg har fått ein haug med jobb! Nemmleg strikking, vi må nemmleg lære diverse fram til onsdag, så det er berre å henge i. Kvar gong vi møte "læraren" vår får vi eit nytt garn og eit nytt prosjekt, så no held eg på med heile 5 prosjekt samtidig! Blir bestemoremne ut av det her, haha. Laurdag var det opp tidlig for å smekke i hop 100 smørbrød i lag med nokre Cece-studentar. Så for vi til ein park for å selge dei(skikkeleg ecuadorianskt), all inntekt går til ein camp vi skal ha i begynnelsen av februar. Det er ikkje alle studentane som har råd til å fare, så no jobbar gruppene for å tjene pengar for i allefall å dekke transporten. (Om du vil sponse ein student eller to er det berre å ta kontakt! Det hadde hjulpet på mykje, og gleda dei som vil på leir, men ikkje har råd. Det kostar 330 NOK for å sponse ein student med leiren). Etter mange timar trakking var det godt å komme heim. Kom heim til fullt hus, alt pynta og klart til Babydusj(shower). Eg og Sunniva var heller innstilt på å lage norsk taco, så vi gjømte oss på kjøkkenet mens det var fullt leven i stua. Vi hadde nemmleg taco-pulver frå Noreg, og eg skal seie deg det at det smakte Veeeldig godt! Kvelden blei også brukt til strikking og filmsjåing. Vi la oss rondt 12 sidan vi var sliten av dagen. Eg var veldig klar for å søve, men det var lettare sagt enn gjort sidan det var full fest nede i stua, og eg  har ikkje ei dør eg kan late att. Eg låg våken frå tolv til halv fem! Før eg fekk søve. Synging, dansing, limbo, klapping, fliring og hoiing var litt av lydane som holdt meg våken. Eg må igrunnen berre flire, for det er ikkje første natta det har vore sånn. Eg kan vell legge det under kategorien kultur. I dag har eg tatt igjen litt søvn og strikka. Eg ser fram til ei ny og spennande veke!


Fantastisk!

Viktig å vere litt kjendis i Norge også!

Godt i gang! Eg har i allefall trua på at det KAN bli bra!

Husk å  ta kontakt om du vil sponse nokon ;)

onsdag 15. januar 2014

Hva vil du lære meg?

Gud har en hensikt bak hvert problem. Den setninga var det som møtte meg i ei bok eg las i i går når eg nok ein gong måtte fare heim fordi eg var sjuk. No har eg vore sjuk heilt sidan siste dagen i Peru, og eg begynne å bli rimelig lei av å vere sjuk. Mest fordi at eg ikkje får gjort eller vore med på alt eg vil gjere og vere med på. Eg har heldigvis klart å fungere litt, så har fått med meg cirka halvparten av det eg skulla gjort denne veka. Og det er eg glad for. Denne veka begynte vi nemlig på ein ny jobb, ein ny, spennande og interessang jobb. Vi skal jobbe med jenter i alderen 12-17 år som har vore innblanda i sex-handel!! Nokre hærlege og fantastiske jenter som lære seg andre måtar å skaffe seg pengar på. Eg og Sunniva skal få vere ein del av det her, vi skal blandt anna lære dei å strikke hue(!) Først må vi lære det sjølve, men. (Det er no eg angra på at eg ikkje strikka enda meir i min tidlegare oppvekst, haha!) Ellers skal vi også muligens lære dei å bake, så det blir spennande! (Meir om jobben seinare).
Etter å ha lest kapittelet med tittel: Forvandlet gjennom prøvelser, blei det plutsleg ikkje sjå kjipt å vere sjuk lenger. Så klart hadde det vore best å vere frisk, men når eg først er sjuk så kan eg iallefall fokusere på det som noko positivt. Det høres kanskje rart ut, men overraskande nok funkar det veldig godt.
"Gud bruker prøvelser for å dra deg nærmere til seg" "Når livet er rosenrødt, klarer vi oss med å vite om Jesus, med å imitere Ham, sitere Ham og tale om Ham. Men det er først i lidelsen vi lærer Jesus å kjenne" Eg går ikkje akkurat igjennom ein stor lidelse, men eg har merka at bønnene til Gud har blitt meir: Kvifor meg? Kvifor kan ikkje eg få bli frisk no? Osv. Men etter å ha lest det kapittelet har eg forstått at det ikkje nyttar å tenke slik, sjølv kor fristande det er. Eg har innsett meir og meir at eg har så mykje å takke for i staden for å syte over. Eg må ha meir fokus på gode tankar!!
"Hendelsene i livet ditt virker sammen i Guds plan. De er ikke isolerte handlinger, men sammenknyttede deler i prosessen som gjør deg lik Kristus. Når du skal bake en kake, må du ha mel, bakepulver, egg, sukker og smør. Hver for seg smaker ikke ingrediensene særlig godt, men bland dem sammen og bak en kake, så blir den deilig. Hvis du gir Gud alle dine vonde opplevelser, blander Han dem sammen til noe godt." Kor fantastisk er ikkje det å tenke på?? Eg merkar at når eg er sjuk, så har eg god tid til å gjere ulike ting, blandt anna å lese i Bibelen og høyre på lovsang, Så klart burde eg utnytta den tida enda meir, men det kjem seg! Eg har tid til å reflektere over livet (muligens for god tid), og eg har tid til å fikse praktiske ting som eg burde gjort for lenge sidan. På infield snakka vi om ting som fylle og tømme tanken min, og nokre av dei tinga eg skreiv opp som fylle opp tanken min får eg gjort mens eg er sjuk: aleinetid, lovsang og bønn. Eg trur eg har lært mykje om meg sjølv og korleis eg taklar ting, særleg sidan eg har vore mykje sjuk i Ecuador. Eg trur faktisk eg har vokse på å vere sjuk, rart, men sant. Ein lærer iallefall å sette pris på å vere frisk! No sattsar eg på å snart bli heilt frisk, men eg stolar på at Gud har ein plan! "Hvis du har problemer nå, skal du ikke spørre:"Hvorfor meg?" Spør i stedet: "Hva vil du lære meg?" Så skal du stole på Gud og fortsette å gjøre det som er rett.

Livet e en vei å gå


Ha fortsatt ei velsigna veke!
"For jeg vet hvilke tanker jeg tenker om dere, sier Herren, tanker om fred og ikke om noe ondt. Jeg vil gi dere framtid og håp."
Jeremia 25,11

(Boka er: Målrettet liv--Hvorfor i all verden er jeg her?  av Rick Warren)

lørdag 11. januar 2014

nedtrakka converse


Eg går ut av den varme senga mi, tar på meg kleda mine, ofte prøver eg ulike plagg før eg blir fornøgd med dagens outfit. Eg tuslar ned på kjøkkenet, der står frukosten klar, eg et og tar på meg skoa mine. Eg er klar for dagen. Videre går eg ut på gata, den er trafikert og mykje folk hastar av gårde til jobb og skule. Eg smilar, i dag blir det ein bra dag tenker eg. På enden av gata sitt du der, smilet mitt visnar kvar gong eg ser deg. Du sit der på ein murstein, du har på deg ein lyse rosa skitten joggedress, på beina har du forsmåe converse sko, gråe, hullete og berre tærne dine får plass i skoen. Håret ditt er skittent og står til alle kantar. Hendene og ansiktet ditt er skittent, fullt i eksos. Tennene dine har rotna litt, dei er litt svarte. Og du luktar, du luktar urin, svette og skittent. Omtrent kvar dag sit du der, uten mat, drikke eller kjærlighet. Eg får vondt inni meg. Kva kan eg gjere for å hjelpe? Du har jo ingenting! Eg har så lyst til å snakke med deg, men heilt ærleg er eg litt redd. Du ser ikkje skummel ut, men eg kan ikkje noko for at eg får frysninga og går fort forbi. Eg prøvar å smile litt til deg, men du ser ned i bakken. Alle andre i gata går også berre forbi. På kvelden på veg heim ser eg at du ligg å søv utanfor ei kyrkje, du har i allefall ei slags dyne som held deg varm. Eg får lyst til å gå bort, klappe deg på kinnet, synge ein nattasang til deg sjølv om du sikkert er over 30.år. Ein dag får eg mot i meg, eg har bestemt meg for å gi deg litt pengar sidan det snart er jul. Du sitt der, eg stoppar framfor deg, du ser beskjedent opp, eg rettar fram handa mi med pengane, finn handa di og legg pengane der. Du ser på meg og pressar fram: Gracias og eit lite smil. Eg går vidare, du ropar til nokon du kjenner om at du har fått pengar. Eg smilar, men berre halvveis. Eg gjorde så lite, men for deg betydde det tydelegvis mykje. Eg har så lyst til å gi deg pengar kvar einaste dag, men eg trur ikkje det er så lurt for du kjem deg ingen veg med dei få dollarane. Eg trur det beste eg kan gjere for deg er å be for deg, sjå deg, smile til deg og prøve å gi deg omsorg der eg passerer deg på veg til min kvardag. Eg håper du veit at eg bryr meg. 



fredag 10. januar 2014

Påfyll

Takknemmeleg!! I natt kom eg heim frå Peru. Eg har hatt ei fantastisk veke i lag med 13 andre norske, alle jenter/kvinner. Vi har budd på eit hostell, omtrent for oss sjølv, hatt basseng, soling, undervisning, sosialdag osv. Eg har opplevd mykje, mykje bra! Det var veldig hærleg å treffe igjen dei andre norske, snakke i lag om opplevelsar og korleis livet er no når vi alle bur i andre land og andre kulturar. Morosame historier blei utveksla, men også mykje inspirerande historier.
Eine dagen hadde vi sosialdag, då reiste vi inn til Lima og hadde ein dag med dansing. Eg trur instruktørane hadde ei opplevelsesrik og morosam stund når 14 norske skulle danse afrikansk dans (Som inneholdt MYKJE shaking av kroppsdela som vi norske ikkje er så veldig vandt med å riste), eller når vi skulle danse salsa. Men vi gjorde vårt beste, og det blei iallefall bra underhaldning og nokre latterfylte timar. Dagen blei avslutta med at vi lærte å spele på nokre trommer, ei spelte på ein esel-kjeve og ei anna på ei boks, så det blei eit heidundrandes show til slutt! Ellers koste vi oss med god mat og sosialt. Siste dagen for vi for å besøke eine prosjektet som to av dei norske jentene som er i Peru jobbar på. Heile dagen var fantastisk. Prosjektet er veldig bra! Sjølv med få resurssar og eit skur som hovudhus var prosjektet verkeleg stort. Ideen er å holde ungar og unge borte frå blandt anna gjengkriminalitet i eit område som består av mykje fattigdom og vold. Dei som kjem dit lærer blandt anna å gå på styltrer, sjonglere, vente på tur, litt engelsk osv. Vi hadde ein fantastisk dag, der vi blei mektig imponert over ferdighetene til utøverane, leike med ungane og ellers berre sjå at det nyttar!
I løpet av infield har vi jobba mykje med å vere positive. Vi har også reflektert over kva vi har opplevd og lært dei tre første månedane, og kva vi vil gjere ein betre innsats på, lære meir om, fokusere meir på osv dei neste tre og siste månane! Eg er verkeleg inspirert og gira på å gjere det beste ut av dei igjenverande månane. Infield var verkeleg nyttig og bra, og eg trur alle jentene verkeleg kosa seg, det gjorde i allefall eg!
Her budde vi. Ein fredeleg og stille plass! 

Fantastisk å treffe tjommien igjen :) 
Ingvild og Rita klare for å spele trommer
Instruktøren vår
Vi blei litt gode på desse trommene

Glade og fornøgde ette ein bra og humoristisk dag!

Koslig å ete ute ilag. Ein veit kanskje at alle vi har budd i ulike land og kulturar ei stund når vi velg å ete pizza to kveldar i staden for å prøve ut nye matrettar, hehe ;) 

Imponerande prosjekt!





Eg såg havet for første gong(På avstand, men uansett) på 3 månar! Det var ein rar følelse, men det gjorde godt. 

Fin 70-talls-stil 

I Peru følte eg at ein kunne sjå fattigdommen meir tydeleg enn i Ecuador. Det gjer noko med ein når ein set i ein bil, kjøyrer og ser alle slags mulige hus og folk langs vegen. Mange ser du at har veldig, minimalt lite å rutte med. Ein får litt dårleg samvittighet. Men det var fantastisk å besøke prosjektet, for prosjektet betyr håp og forandring for mange, og ein får verkeleg inntrykk av at det faktisk hjelp å hjelpe andre. Ofte kan det verke håplaust, eller veldig lite det ein gjer for andre, men eg har verkeleg fått augene opp for at det ofte er dei små tinga som faktisk kan bety ein forskjell for andre. Det nyttar folkens, husk det.

Her i Ecuador regnar det, og det er veldig kaldt i forhold til Peru. Vi har besøk av Siri, eine læraren på Hald, må seie at det er litt kjekt at vi skal vise ho rundt, vise ho "vår" by, det er litt rart og deilig at denne byen faktisk er kjent, og alt er ikkje nytt lenger. Til veka begynne nok kvardagen igjen, då skal vi starte på nye og spennande prosjekt, samt gjer noko av det vi gjorde før jul, eg gledar meg!

Ha ei velsigna helg. 

torsdag 2. januar 2014

På reisefot

Godt Nytt År alle sammen!!! 
Sidan sist har eg vore både i Colombia fortsatt vore kjendis, feira nyttårsaftan på Ecuadoriansk-vis og komt tilbake til Quito. 
Colombia var kjekt, men ganske likt Ecuador,, var ofte eg glømte at eg var i eit anna land og tenkte stadig: Er eg verkeleg i Colombia? Men eg merka litt forskjell da,, som då eg betalte 24000 for ei t-shorte. (Pengane er forskjellege frå dollaren), men der er mykje billegare! Så blei litt shopping den dagen. Vi var også og såg på ei berømt katolsk kyrkje.. Der kjem mange katolikkar med krykker, ber til jomfru-Maria i håp om å bli helbreda. Spennende å sjå og oppleve. 
Nyttårsaftan var som alle andre kveldar: Galne :p Begynner å bli vandt med det og denne kulturen. Vi lakka neglar (igjen), gjekk rondt i gatene å berre såg på livet. Mange mannar hadde kledd seg ut som damer og dreiv å dansa rundt og på bilar. Alle gjekk med masker og parykkar, og rakettar blei skytt opp når og kor som helst. På kvelden fyrte vi i peisen og brannt ei dokke som skulle ligne på ein i familien, dette skulle tydelegvis bringe god lykke i det nye året. Ellers åt vi mat og eg blei enda kjent igjen på gatene. I går kom eg tilbake, vaska klede og i dag har eg pakka på nytt, for i natt reiser eg til Peru! Gledar meg kjempe mykje! Der skal eg treffe dei andre norske jentene som går på Hald og bur i Sør-Amerika, så det blir kjekt å treffe andre norske igjen! :D 


Eg valde og ikkje gå på do her.. Litt for dyrt.. 

Ei stor og fin kyrkje i fantastiske omgivelsar. Kyrkja låg på ein måte i midten, og under var der gater, ei elv og resturangar. 

Litt kult å seie at eg har vore i Colombia da! :D

Familien samla på nyttårsaftan. Overraskande nok åt vi banankakelignandegreier innpakka i eit grønt blad. 

her blir dokka brendt på bålet i håp om god lykke for det nye året!

Sang og musikk og dansing blei det mykje av utover kvelden!

Eg håper 2014 blir eit bra år for Alle!! Eg ser verkeleg fram til dette året, eg trur det kan by på mykje bra!
Eg har ikkje tenkt på så mange nyttårsforsett, men eg har nokon av dei som er eit "must" å ha.. Men i går kveld las eg eit veldig godt nyttårsforsett som eg syns det var verdt å dele : Er du kristen, er du kalt til å ha to tanker i hodet samtidig. Du skal få nyte denne dagen og slippe å stresse med alt som du må få gjort før den og den datoen. Du har en Far som har omsorg for deg, og som vil gi deg alt du trenger. Samtidig så er ikke denne dagen alt som betyr noe. Alt for mange mennesker vet ikke at de har muligheten til å få en evighet i himmelen hvis de tar imot Jesus. Denne dagen kan bli brukt til å gjøre noe med det.

Jesus sa at vi ikke skulle samle oss skatter på jorden, men i himmelen (Matt 6,19-20) Det er bare mennesker vi får ta med oss til himmelen, ikke den nye iPhonen, den fete bilen eller det store huset. Når jeg tenker etter tror jeg at dette skal være mitt nyttårsforsett: Å samle skatter for himmelen. Vil du være med?
(http://www.nlm.no/itro/kristen/tema/yolo-2014) 
Ha ei fin veke, så snakkast vi etter Infield i Peru!