onsdag 18. juni 2014

Sidan sist


Det er så rart kor fort tida går, no har eg snart vore i Norge i 3.månadar. I løpet av den tida har det skjedd mykje, så no er det påtide å ta det litt innover meg. Det starta med nokre dagar på Hald, det var godt å vere ein plass i lag med fleire i min situasjon. Det var også litt rart sidan det var mykje kultursjokk ute å gjekk. Det føltes så rart å ver i Norge, men samtidig så føltes det ut som at alt var akkurat som før eg reiste, og det forsterka min følelse over kor uvirkelig det var at eg hadde budd 6.månadar i Ecuador. Påskeferien kom plutselig, den blei utnytta til det fulle. Eg reiste rundt for å besøke, treffe og ver i lag med vennar og familie som eg ikkje hadde sett på lenge. Det var kjekt, men også travelt, men eg la opp til det sjølv, så. 17.mai blei feira i Mandal i lag med alle norske og internasjonale på Hald, ein minnerik dag. Eg har i allefall fått bekrefta at det er varmt å danse, synge og hoppe i 17.mai toget i budad,sol og 23 grader. Det var stas at dei internasjonale fikk sjå nasjonaldagen vår, og dei fikk meg nok ein gong til å tenke over ting eg aldri har tenkt over. Som då ein kommenterte: Dåkke er utrulig priviligerte i Noreg som kan gå rundt i bunad, med høge verdiar utan å vere redd for å verte overfalt og fråstjelt alt av sølv osv. Ja takknemmelig er vel eit ord som har surra mykje etter at eg kom heim, Noreg er verkeleg eit fint land å bo i, og eg trur vi ofte tek for gitt kor heldig vi faktisk er.

Etter 17.mai reiste eg og Sunniva på informasjonsveke, først ein tur på sunnmøre så ein tur til Bergen, ei fin veke der vi verkeleg måtte jobbe med å få formidla det vi syns var viktigast at skulle bli formidla. Det var også godt å få sortert ut litt opplevelsar å dele med andre.

Dei siste vekene på Hald har vore bra. Det å leve i lag med rundt 50 norske og 35 internasjonale er noko som eg trur må opplevast for å kunne forstå. Det er så spesielt, så unikt, så bra, så utfordrande, så livsforvandlende. Det har skjedd så mykje kjekt og eg set igjen med minne for resten av livet. Men som alle andre kapittel i livet, blei det her kapittelet også avslutta. Eg trur ikkje eg er langt i frå sannheta når eg sei at eg trur det er noko av det verste eg har vore med på. Det å stå utanfor skulen, skulle sei hade til alle du har blitt så glad i, å  vite at kanskje 95% av alle dei kjem du aldri til å møte igjen mens du lev på dinna jorda. Det var ikkje greit. Samtidig så var det så uvirkelig. Vi stod der å hulka, grein, klemte og prøvde å trøste kvarandre. Følelsane var mange. Sjølv å sei hade til dei norske som eg veit eg møte igjen var vansklig.
Etter nokre dagar med grining er det ikkje så aller verst å vere heime heller.
Eit fantastisk eventyr på Hald er over, men forandringane eg har gjort meg, tankane som har blitt planta, opplevelsane og minna er frå langt nær over.

Eit bildedryss frå siste tida på Hald:


























lørdag 5. april 2014

Heime!

Plutseleg var alle avskjedar, klemmar, tårer, gåver å eventyret over. I allefall Ecuador eventyret! Siste dagen i Ecuador blei brukt til pakking, nedvask å mulig grunna litt reisesjuk klarte eg å skli TO gongar i  trappa,,så både kne og rygg var ikkje på sitt beste under den 24 timers lange reisa. Men eg kom meg trygt HEIM etter ei fin reise og ein hyggeleg samtale heile vegen frå Amsterdam til Vigra. Så kjekt det er å berre snakke med fremmede, bli litt kjent, og på den lille stonda vi snakka blei ho like spent som meg på å lande! Eg fikk bagasjen først av alle og kom meg omtrent først ut i ventehallen. Der blei eg overvelda av familie og ein god del vennar, Massee norskeflagg, gode klemmar, gledestårer og hurra rop/sang! Fantastisk! Videre blei det laks, kake og prat. Eg er sliten, døgnvill, litt forvirra, men samtidig så er det kjempe deilig å vere heime. Båttur, basar, god mat, søving, masasje, bilkøyring, prøve-å-leite-etter-norske-ord, litt forvirra,sjå aafk-kamp og familietid har vore stikkord for denne helga. Eg har langt i frå møtt alle eg vill møte, men det har vore litt deilig å berre tatt det heilt med ro, særlig sida forma ikkje har vore heilt på topp. 
I morga blir det ut å flyge igjen, tilbake til HALD! Det skal bli kjekt!! 
Veit ikkje kor mykje meir blogging det blir, kanskje eg vil fortsette, kanskje ikkje.. 
Men TAKK til alle som har fulgt reisa mi endten eg fortsette eller ikkje, det har i allefall vore kjekt for meg! 



Gud velsigne dåkke masse!!

mandag 31. mars 2014

Ein dag!

Aiaiaiai! Faltan UN DÍA! Ein heil dag igjen! 
Eg er sliten, glad, trist, spent, ivrig, nyskjerrig, full av følelsar, solbrent, alt på ein gong! 
Dei siste to/tre vekene har gått mykje i avskjedar, det tek på! Men det er ikkje før no at det begynn å gå litt opp for meg at eg faktisk skal reise. Det er ikkje før no at det begynn å gå opp for meg at eg skal heim!
Idag kom tankane, gleden og tårene. 
Eg har sagt det før, men seier det igjen, eg kjem til å sakne livet her. Når folk spør meg kva eg kjem til å sakne med Ecuador føler eg det er så lite å svare: Folka, kulturen, maten, kvardagen. Men det er igrunnen ikkje så lite som det høyres ut, for for meg er det det som gjer Ecuador til det vakre landet. Eg kjem til å sakne folk som eg ikkje har snakka med, men som seier Hei til meg kvar dag, som avis-mannen på hjørnet, og ikkje minst: portvaktene i nabolaget, gåver er allereie kjøpt til dei. 
Men det skal bli godt å komme heim til alt det kjente, alle kjente. Eg gledar meg sååå til å gå ut av flyet, klemme, sjå kjente ansikt, snakke norsk, kjenne den friske havlufta, ta ferge, køyre båt, ete mors-mat osv osv. Det er masse eg gledar meg til, det er masse å sjå fram til!
 Det er berre det at det er så fælt å ikkje ANE når eg møte igjen alle eg seier hade til her. 
I morga er det siste heile dagen her, så startar reisa onsdag! 
Eg nyt livet, eg er takknemmeleg, eg er heldig, veldig heldig!


I dag var eg med mentoren min frå Tyskland for siste gong. Hærlig dame og hærlege ungar!

Det pakkast! Eg måtte innvistere i ein ny kuffert. 


Vakre byen vår!! Visste du at Quito er HØGT oppe på ein av dei beste turistbyane? Ta deg ein tur!

Eg skal iallefall tilbake hit. Eg må.

Kjære Jesus, eg ber om at morgendagen må bli ein fin dag til reflektering, enda meir avskjedar osv. Eg ber om energi, smil og glede. Eg ber om at heimreisa må gå bra, at vi må ver trygge, rekke alle fly, få all bagasje og få ny energi før vi landar. Eg ber om hjelp til å takle kvardagen i Norge igjen. Takk for at du alltid er med. Eg ber også for alle andre Hald studentar, ver med dei på reisene heim og dei som har enda ein måne igjen.
Takk for at eg har fått ein familie i Ecuador, men for at eg også har ein fantastisk familie å komme heim til (+ ei søster i USA). Takk for din kjærlighet og nåde. Takk for at vi kan legge alt i dine hender!

Dios les Bendiga!

Snakkast i Norge!! :D


onsdag 26. mars 2014

Eventyret er snart over

Kor skal eg begynne? Eg har så mykje på hjertet, eg har så mykje i tankane og eg har så mange følelsar i sving, at eg ikkje veit heilt kva eg skal skrive. Om 1, EI veke reiser eg her i frå. Eg reiser frå mitt andre heimland, eg reiser frå GODE vennar, familie. Eg reiser frå landet, byen og kulturen eg har blitt så glad i. Kvardagen her får eg aldri tilbake, og det er ikkje anna enn trist. Når eg satt her i det samme landet for 6,månadar sidan hadde eg aldri trudd at eg skulle skrive det eg no skriv om landet. Alt var så vanskeleg: språket, kulturen og at alt va annaleis og så stort. Det var så store kontrastar og forskjellar. 
No har eg godtatt det, meir enn godtatt det, no diggar eg det. No er den avslappa kvardagen, spansken, maten og folka noko som gjer livet mitt rikare. Den siste veka har gått med til avskjedar, men det at eg faktisk snart reiser går ikkje opp for meg, akkurat som at det er litt sprøtt at eg har budd her så lenge. Det er sprøtt alt eg har lært, alle opplevelsane rikere, og utviklinga eg har gått igjennom. Frå å vere ein utlending som ikkje kunne språket, ikkje ane korleis eg skulle komme meg frå plass til plass, vere usikker og irritert på alle folka som stirra osv, har eg no blitt meir sjølvsikker, eg er orientert i denne store byen og veit godt korleis eg skal komme meg frå plass til plass, eg kan meir eller mindre snakke spansk (Idag leda eg og Sunniva Bibelstudie på spansk.), smile over at folk kallar meg gringas osv. Eg har lært så mykje om korleis det er å vere annaleis, korleis ein kan vekse og lære av at alt er annaleis, og du sjølv er annleis i forhold til dei rundt deg. Og ikkje minst at den norske kvardagen og livet der ikkje er den einaste måten å leve på. 
Eg trur det blir rart å komme tilbake til Noreg. Når ein bur i eit anna land sett ein pris på dei gode tinga i sitt eige land, men ein ser også det som ikkje er så bra. Kanskje eg kjem til å sjå dei tinga litt for godt når eg kjem heim. 
 Kanskje eg kjem til å sjå annaleis på såkalla utlendingar sidan eg så godt veit korleis det er å vere det. 
Men det skal bli godt å komme heim, få litt perspektiv på ting. Kanskje eg då skjønnar enda meir? 



I går var eg og Sunniva på besøk med Shannon. Ei dame som gjekk i spansk klassa vår, ho er frå USA og har blitt tanta vår her! Fantastisk dame!

Idag gjekk ikkje alt som planlagt, men det førte til tid til pedikyr. Viktig å forberede det som kan forberedast. Neglane med eit norskt og eit ecuadoriansk-flagg!
Idag var det siste dagen vår på jobb. Desverre fikk ikkje vi sagt hade til dei vi har jobba med, sidan ikkje alle daga blir som planlagt. Gjerne be for situasjonen for dei vi har jobba med.! 

Kjem til å sakne denne arbeidsplassen!

Fine smykker som jentene våra har laga :)


Gjerne ver med å be for siste veka, pakkinga(om å ikkje ha overvekt, haha), sikkerheta, avskjedane, flyturen, at bagasjen kjem fram og at det må blir VELDIG kjekt å komme heim(Noko det blir! :D)

God Bless :)




onsdag 19. mars 2014

2 veke!

Sidan sist har det vore full rulle, som vanleg her i Ecuador. Etter bursdagen min gjekk veka og laurdag blei merkeleg nok, brukt til Avslutningsfest for meg og Sunniva!! Temaet for avlutninga var: Nordisk, eller norskt. Så det blei pynta med kvitt, raudt og blått samt at studentane kom med klede i dei fargane. Eg og Sunniva endte opp med stilongs, ullsokkar, fletter og enda meir ull. Først hadde vi Bibelstudie, videre hadde eg og Sunniva eit skodespel om korleis vi trudde Ecuador var FØR vi kom hit, det førte i allefall til mykje latter!. Videre hadde vi ein presentasjon om korleis tida her har vore, så hadde vi begge ein slags tale eller takkeord til studentane, alt på spansk, sjølvsagt ;) Etter det kunne studentane og dei som ville seie ting til oss, ahh alle sa så mykje fint!! Og kvar setning betydde mykje! Videre kosa vi oss med suppe og kanelbollar. Ei vellykka avslutning. Men det var litt rart å sete igjen med følelsen om at eg skulle reise dagen etterpå når eg enda har 2.veker igjen her.. Men men! Søndagen for vi med kontaktpersonen vår for å besøke svigerforeldra hinna, ein veldig koslig dag. Deilig å komme seg litt ut av byen og litt meir ut på "landet"
Mandag til idag har vi som vanleg vore på jobb, Cece-møter, mentor og ellers vanlege ting. Men vi har også gjort uvanlege ting. Mandag for vi nemmleg til radiostasjonen HCJB for å bli intervjua om vårt opphold. Ei erfaring rikare. Eg som likar å bli intervjua (haha), synes det igrunnen var litt fælt, sidan eg blei skikkeleg nervøs og fekk ikkje sagt det eg ville, i og med at intervjue gjekk på spansk. Men men!
Til helga kjem vi på lufta, gruar meg litt til det, men. Tirsdag reiste vi også til radioen, denne gongen for å få omvisning og litt historie over viktigheta til den kristne radio kanalen og kva den har å seie for Ecuador. Eg har blitt veldig glad i denne radioen sidan eg høyrer på den kvar dag, når eg våknar ljomar den og når eg legg meg står den fortsatt på høgt, to etasjar ned. Videre blei vi med radio-mannen ut for å ete.... MARSVIN! Eg var glad at eg hadde klart å gå heile oppholdet her i Ecuador utan å måtte prøve, men i går måtte eg altså. Det smakte,, emm ikkje så mykje. Minnte på ein måte om kylling, men på ein måte ikkje. Eg syns det var mykje fett, men tilbehøret var godt da, så blei i allefall mett. Og ei smaksprøve rikare.
Om nøyaktig 2.veker sitt eg på flyet på veg heim.. Det er rart, men samtidig deilig. Eg kjenne at eg er nokså klar no. Men no skal eg nyte resten her og ikkje minst få plass til alt i kufferten, det kan bli ei utfordring..


Vi fekk gåver, så no er vi klare til VM! Her i lag med vår gode venninde frå Nederland.


Nokre av Cece-studentane og vennane våra


Eg og Ela Paz!
Ela Paz, meg, Mirjam, Sunniva og Ana Gracia kosar oss på besøk.

Klare for intervju!
Trur det her blir mi nye karriere!

Klare for å prøve marsvin..
Litt skeptisk..

Ha ei velsigna god veke videre!

torsdag 13. mars 2014

Ecuadoriansk 20.års dag

No har også eg komt over i den litt eldre generasjonen.. Eg synes sjølv det var fælt å skulle tenke på at eg faktisk skulle bli 20.. 20.år! Alle tenåringsåra mine er over og eg føler meg så gammal.. Neida, tulla, i allefall litt. Symptoma som eg har kjent på til no har vore: Latskap, lett rørt, frys veldig lett, ueffektiv, sein til avtalar og muligens litt glømsk..Eg sattsar på at eg kan skylde på kulturen her og ikkje berre på 20.års krisa.
Bursdagen min var ein veldig fin dag! Eg stod opp, var seint ute så mens eg styrta frokosten banka det på døra, der stod Sunniva med ein STOR bukett med roser frå hinna vertsfamilie! Koslig. Videre tok eg med meg kaffikoppen i handa og gjekk til jobb, kan tru eg følte meg voksen då? ja.
På jobb blei dei litt irriterte og nesten litt sinte for at vi ikkje hadde fortalt dei dagen før at eg hadde bursdag! Vi prøvde så godt vi kunne med å forklare at det er den europeiske kulturen å ikkje fortelje/fremme deg sjølv eller sånn for å få oppmerksomhet. Det blei ikkje ei heilt godtatt unnskyldning, og forstod nok at den ecuadorianske kulturen er heilt annaleis når det kjem til sånne ting! Her så blir alt som kan feirast, feira. Så når dei ikkje visste at eg hadde bursdag og at dei hadde ei mulighet til å ha ein fest så blei dei nesten litt skuffa. Jaja, lærte noko nytt den dagen også: Ikkje ver beskjeden i den sør-amerikanske kulturen! Det endte opp med at vi for på café ilag med sjefen min, åt kake og drakk kaffi, koslig!
Så hadde eg nokre timar i huset mitt som blei brukt til skyping med alle familiemedlemmane i kjernefamilien, veldig kjekt! Videre blei eg rørt at alle koslige gratulasjonar! På ettermiddagen gjekk eg og Sunniva til Ruth (Kontaktpersonen vår), for der skulle vi på middag, trudde eg. Døra blei opna og eg blei møtt av hærlege Cece-studentar som hadde arrangert bursdag for meg. Kvelden blei fyllt med masse leikar, god mat, kake, eg måtte utføre den ecuadorianske tradisjonen med å stappe haudet ditt i kaka, bursddagssang på tre språk, gåver,blomster og masse fine ord.  Etter ein lang bursdag (To døgn, på grunn av tidsforskjellar) var det ein fornøgd 20.åring som la seg. Så velsigna som har så masse GODE folk rundt meg her i Ecuador, i Noreg og igrunnen i resten av verda også!
Klarte 20 lys på ett pust! 

Så masse fantastiske folk!! 



Hærlig start på dagen!



Det begynne virkelig å merkast at det snart er heimreise! På laurdag skal vi faktisk ha avskjedsfesten vår!!!
Eg trur det blir bra, men også veldig trist!! Studentane hadde ein idé om at alle skulle kle seg som norske, så det skal bli spennande å sjå kva folk kjem i!! Eg sjølv veit igrunnen ikkje heilt kva eg skal ha på meg, sidan eg ikkje har så altfor mykje norskt her.

Ha ein velsigna dag/kveld!


tirsdag 4. mars 2014

Tankar


Livet. Det er så rart, ligge her i øverste etasje, sola skin, men eg veit at om nokre timar kjem nok regnet. Eg smilar, spansk lovsang ljomar, og nede er frokosten snart klar. Ein ny dag med nye muligheter er i gang. Ein ny dag i eit land som no har blitt litt mitt. Kulturen, menneska, kvardagen. Eg har budd her i over 5 månadar, og det er under ein måne igjen før eg sitt på flyet tilbake til det landet eg er frå. Tilbake til familie, vennar og livet der. Det skal bli deilig og eg GLEDAR meg, men eg kjem til å sakne livet her, veldig.
I begynnelsen syns eg at mange ting var rart, men i dag er dei tinga den største sjølvfølge. Eg kjem til å sakne Bananar. Bananar var noko av det første som slo meg når eg kom til Ecuador. Det var bananar på kvart gatehjørnet og i kvart måltid. Slik er det enda, ein dag utan banan er ein rar dag. Kulturen her er varm, open og imøtekommende. Ein blir med ein gong inkludert, og det er aldri ei tid som ikkje passar å få besøk eller å reise på besøk. Alle er velkommen. Her blir det som vi kallar brød det samme som å kjøpe bollar på Esso eller Statoil. Her er kylling og banan ete like ofte som vi et brød i Noreg. Her er det mødrene som styrer i huset, og som ei datter blir ein veldig bortskjemt. Her får ein servert alt av mat utan å måtte løfte ein finger. Her har eg blitt avhengig av ketshup! Eg trur at eg må på avvenning den siste måneden her. Grunnen er at det ikkje fins sausar til å ha på maten, så risen kan bli veldig tørr om eg ikkje har på ketshup. I kvardagen min her har det blitt den største sjølvfølge å snakke tre språk om dagen. Spansk for det meste, ein god del engelsk og litt norsk. Eg trur at hjernekapasiteten min har auka ;) Det å alltid ha neglelakk på både fingrar og tær er kultur, og til meir avanserte mønster du har til meir føler du deg ecuadoriansk. Å våkne av bilalarmar eller sirener er ikkje lenger så irriterande. Å høyre hundane i gata bjeffe har rett blitt litt stemning. Trafikken er fortsatt like ille, men det er veldig gøy å kjenne seg igjen, vite kor huset ditt er i forhold til kjøpesentera. Det er gøy å oppdage at du veit kor bussane går og kva buss du skal ta for å komme deg ulike plassar. Det er ikkje lenger så irriterende å aldri vite kva, kor lenge eller med kven om du blir med vertsfamilien ut. Det er fortsatt irriterende å finne fugledrit på dei nyvaska kleda. Det er ikkje lenger vanskeleg å vite kva klede du skal ha på deg i og med at klima skiftar fortare enn at du rekk å ta opp paraplyen. Å kaste papir i bosset vedsiden av do er i dag meir naturleg enn å kaste det i do. For litt sidan var vi på besøk med nokon som hadde do der du kunne putte papiret i do.. Eg syns det var fælt, og følte eg gjorde noko ulovlig kvar gong eg kasta papiret i do. Å kysse vilt fremmede og kjente på kinnet er vane. Det værste er å møte internasjonale som også har budd i denne kulturen, det blir så kleint, fordi vi ikkje veit om vi skal ta kvarandre i hendene, eller kysse på kinnet, ofte blir det halvt om halvt.
Å gå utanfor komfortsona blir ofte praktisert her, og på ein rar måte er ikkje det så ille.
Å aldri vite om du får dusje i kald, lunka eller varmt vatn er faktisk ikkje så ille, men dei gongane det er varmt sett du pris på å dusje.
Du sett pris på at det er mykje folk i gatene og på bussane, for det føles tryggare. Det at folk legg merke til deg, plystrar, tutar osv er oppmerksomhet som av og til kan gjere dagen betre.
Det at det er heilt greit å slappe av, ikkje gjer noko fornuftig, er heller ikkje å klage på.
Men det beste med å bu her og i Noreg er at Gud er den samme. Uansett kor eg er i verda er Han mi største hjelp og styrke. Eg trur eg trengte denne reisa for å utvikle mitt forhold til Jesus. Eg trur eg trengte meir å møte utfordringar og leve i eit heilt anna miljø, der alt var ukjent, sett bort frå Bibelen. Eg trur det har gjort mykje med meg, eg håpar det har gjort mykje med meg. Eg håpar at resten av tida i Ecuador blir fantastisk, fordi at eg kan lære meir om trua mi, bli enda meir bevisst og ha Jesus på 1.plass. Og bønna mi er at eg kan klare å vekse like mykje som eg har gjort her når eg kjem heim også.