søndag 29. desember 2013

Vind i fleisen

For meg er i år det meste annleis, men eg kan ikkje klage når alt som er annleis er så bra! Eg storkosar meg på juleferie. Det er travle dagar med mykje program, men eg får oppleve svært mykje! 
Igår for vi til ein gravplass, kanskje ikkje det mest vanlege å ta med folk til ein gravplass når ein skal vise rondt i byen, men eg forstod fort kvifor. For vi for til ein gravplass med fantastiske trær/busker, utskjært som figurar. Ein stor og berømt turistattraksjon, litt sært at det er på ein gravplass, men imponerande var det i allefall. Videre drakk eg kakao og åt kake som nesten smakte som julemann(Med litt innbilling)
Idag har eg hatt ein "norsk-dag" her i Tulcan. Vi stod opp og alle pakka på seg det dei hadde av varme klede sidan vi skulle til ein kald plass. Eg har ikkje så altfor varme klede her i Ecuador, men tok på meg det varmaste eg hadde. Heile storfamilien satte seg i bilane, kjørte i nesten ein time, på toppen av eit fjell. Der kom vi til ein vulkan og vi var i ei høgde på 4748 meter! Blei nesten litt høgdesjuk. Vi gjekk ut av bilane, og vinden blåste mot ansiktet mitt, ein kald og frisk vind. Maskaraen rann og kinna blei raude. Nesten som å vere heime på Ulla med nordavind, Fantastiisk følelse. Alle andre klaga på at det var iskaldt, men eg syns det berre var hærlig. Desverre var det mykje skodde så vi såg ikkje så mykje. Videre for vi til eit marked for å ete lunsj, og trur ikkje du eg fekk fisk da? #Helsepåjord så godt det var. 
Vi har også besøkt mykje slektningar, spennande å sjå dei ulike husa, det er som natt og dag korleis folk lev. Men i alle hus blir vi tatt imot som hedersfolk, får servert mat og alle er like gjestfrie og glade uansett når du kjem og kor mange som kjem. Det er noko av det eg likar best med denne kulturen. 
Ellers blir kveldane brukt til å sjå julefilmar som heimealeine, ligge under dyna og ellers nyte livet!






Neglane er i allefall pynta til nyttår!

Skikkeleg kaffi <3

I mange katolske heimar er det her veldig utbredt. Det blir kalla pesebre. Det her er den største eg har sett så langt. Her er då heile historia før Jesu fødsel, med Jerusalem, Betlehem osv. Mykje detaljar og mykje arbeid for å berre ha det fra desember til januar. 


Det fins elefantar i Ecuador også

Maria Emilia og Maria(Meg) Med Jomfru Maria med Jesus i armane




I går var det nok ei parade, i forbindelse med nyttår. Ein skulle tru at det snøva, men det er berre partyskom som alle spruta på kvarandre. 

Det var faktisk fleire som gjekk i paraden som kjente meg igjen, så det var fleire som berre; Maria!!!
Rart å gå i gatene her å føle at alle veit kven eg er. 

Ligna meir på eit karnevall. Desse poserte fint til meg

Eg kan seie deg at eg mildt sagt var utsatt for å bli spruta skom på. Høg og blond har sine fordela/ufordela nok ein gong. 

På kvelden fyrte vertsbestefaren i peisen, trudde ikkje det fanst i Ecuador. Men det var hærleg å oppleve varme frå peisen igjen!

Kald vind i fleisen, håret til alle kantar, og følelsen av Noreg! :D

Desse plantane finst faktisk berre tre plassar i heile verda, og her er ein av dei. 

Smakte innmari godt!

Nydeleg landskap med masse grønne sletter. Deilig med ein pust vekk frå storbyen!

I morga går turen muligens til Colombia, så det blir spennande! Nyttår skal bli feira her i Tulcan før turen går tilbake til Quito før det blir Peru natt til fredag! Så med andre ord, eg har det veldig bra, har mykje å sjå fram til og gledar meg til fortsettelsen.

"Gled dere i Herren alltid!" (Fil 4,4)



fredag 27. desember 2013

Kjendis!!

For øyeblikket no så er eg på juleferie. På juleferie i ein annan liten by, på besøk med vertsbesteforeldra mine. Dei bor i eit stort og fint hus og omtrent heile familien til vertsmora mi er her, så det er koslig, særlig sidan eg er så vandt med familieselskap i juletider! Denne byen her er mykje mindre enn Quito, så det er deilig! I tilegg er her ganske kaldt i forhold til det eg er vandt til, så det er hærlig, sidan det er litt meir likt Noreg. Vi har gått rundt i byen sånn at eg skulle få sjå, lakka neglar å ete mat. Det første eg la merke til var at folk la ekstra merke til meg her, og eg er faktisk den einaste BLONDE i byen, har i allefall ikkje sett nokon andre. I Quito er det av og til vi får litt ekstra oppmerksomhet, men her føles det ut som at eg er ein turist-attraksjon. I tilegg er eg ganske høg, så er ikkje så lett å gøyme seg vekk. Her i Tulcan er det også mykje billegare enn i Qutio, så eg var veldig klar for å kjøpe meg nye sko, sidan det får ein aldri nok av, ikkje sant pappa? Hehe! Men eg blei fort skuffa, for trur ikkje du at den største størrelsen her er 38?? Følte meg ikkje mindre som ei kjempe når ingen hadde min sko størrelse. Jaja, MEN over til høgdepunktet. I dag har eg følt meg som kjendis heile dagen, men du kan sei at eg føle meg enda meir som ein kjendis no.. På kvelden for vi på konsert, sidan det var 4 forskjellege artistar/band som skulle opptre, alle ganske så kjent i heile Ecuador/Colombia. Vi for avgårde tidleg, så vi fikk plassar ganske langt framme. Etter å ha venta i nesten 4 timar, ete kylling og chips (Har mista tallet på kor mange gongar eg har ete det) kom den første artisten på scena. Eg hadde verken hørt om han, eller nokon av sangane hans. Eg merka fort at han la merke til meg. Etter nokre sangar stoppa han opp, såg mot der vi stod og sa: Como te llamas? Eg trudde han såg på nokon andre, men vertssøstra mi begynte å rope: Maria! Maria! Eit ellevillt publikum prøvde å hjelpe ho med å få fram kva eg heitte. Når han endeleg forstod at namnet mitt var Maria ba han meg om å komme fram til scene-kanten. Eg gjekk fram, han spurte meg kor gammal eg var og kor eg var i frå. Deretter ba han meg om å komme opp på scena! Politiet slapp meg forbi og eg entra scena, passe nervøs!! Så der stod eg, med eit hylande publikum og eg ein kjent person som eg ikkje ante kven var. Han fikk tak i ein stol, plasserte meg på den og sang både ein og to sangar TIL MEG. Han spurte meg fleire spørsmål, men eg kan seie deg det at det ikkje var særlig lett å tenke på spansk, så følte meg litt passe dum der eg satt, smilte og visste ikkje heilt kva anna eg kunne gjer. Når han spurte meg om eg kunne ein av sangane hans blei det i allefall flaut! Publikum ropte og gaula på at vi skulle kysse, gjett om eg fekk litt panikk! Det endte meg at han kyssa meg på panna, klemte meg og tok meg i handa og førte meg av scena. Eg ana ikkje kor lenge eg var der oppe, men det føltes ut som ei evighet! Når vi skulle gå frå konsert område fekk eg verkeleg kjenne på det at folk no i allefall visste kven eg var. Alle ropte Maria, plystra og sa at eg hadde vore flink på scena. Var nesten som at folk ville ha autografen min. For ein rar følelse, og all oppmerksomheta: Berre fordi eg er blond!

Her er då sjarmøren!

No skal eg søve, var litt morosamt da, må innrømme det.. Men glad for at eg ikkje er kjendis på ekte!

Haha! Dagens innlegg om korleis det er å vere blond av og til! 

tirsdag 24. desember 2013

lillejulaftan,nyttår,julaftan-alt på ein gong

Jul i eit anna land.. Ting er ikkje som eg hadde sett for meg, men igrunnen huskar eg ikkje heilt kva eg såg for meg. Eg visste at alt kom til å bli annleis, men eg var kanskje ikkje forberedt på at det skulle vere så STOR forskjell. Eg tek meg sjølv i å samanligne mykje med Noreg, men ofte er det håplaust sidan det ikkje liknar på Noreg i det heile tatt.. I går var det lille-julaftan, dagen då vi brukar å pynte juletre, vaske siste rest, slappe av å forberede alt klart til den store dagen. I går var det lille-julaftan i Ecuador også, ikkje mykje pynting her skal eg seie deg. Eg stod opp, følte meg for første gong på lenge veldig bra, for ut for å kjøpe julegåver, aldri før har eg utsatt all gåvekjøpinga til dagen før. Men det fiksa seg bra og eg pusta letta ut klokka 12 på ettermiddagen då eg var ferdig, berre av å ha vore på ein butikk! Eg for vidare til mentoren min for å snakke om korleis alt går. Alltid like koslig! Og eg var ei lykkeleg jente som gjekk der i frå med heimelaga tyske julekaker (Betre enn ingen julekaker i allefall :)). Eg kom heim, lagde oreokuler dyppa i sjokolade sidan vi skulle ha selskap heime med oss den kvelden også. Kvelden kom å mange gjestar kom! Lite visste eg om at festen faktisk var for å feire NYTTÅR! Haha,, til og med før julaftan. Og eg kan seie deg ein ting, det var ikkje få gongar den kvelden eg tenkte: det her er så galskap,, rart, kultur og fantastisk morosamt. Det starta med at alle reiv papir og aviser og lagde små ballar av det, desse ballane stappa vi i nokre strømpebukser for å lage ein figur. Vi blei delt inn i fire grupper og eg kom på mat-gruppa, så vi kjørte ut for å få kjøpt inn mat til alle.. Var ikkje berre berre  å skaffe 64 kyllingvingar og 26 porsjonar med chips, men vi klarte det på eit vis etter mykje leiting. Når vi kom tilbake til huset var det galehus! Fullt program, diverse leikar osv osv! Eg måtte berre flire for meg sjølv, det her hadde aldri skjedd på lillejulaftan i Noreg. Kvelden blei avslutta med å tenne på figuren vi hadde laga. Mens den brann opp dreiv alle å sa: Godt nytt år osv! Haha, litt spesielt, men det skada vell ikkje å feire det før julaftan heller! Huset var heller ikkje så reint og ryddig etter denne festen, som kanskje alle hus i Noreg er på lillejulaftan.
I dag , julaftan! Det føles igrunnen ut som ein vanleg dag, men eg har det veldig bra. Eg stod opp tidlig for å fare til ei frå USA, der var det mange familiar samla, alle hadde med seg noko å ete, så det var eit stort koldtbord med mykje godt, vi åt mat, sang julesangar og hørte på ei julegudstjeneste i USA. Veldig bra start på dagen :) No sitt eg her med tårer, gledestårer. Eg har akkurat skypa med familien som har fått i seg julemiddagen og opna gåvene, det var så kjekt å sjå foreldre, søster, besteforeldre, tante, onkel å nokre hærlege søskenbarn! Det er så rart å ikkje vere der, så rart at det ikkje føles ut som jul i det heile tatt, men det er også godt at eg har det bra sjølv om eg ikkje er heime. Det er så kjekt å skulle få oppleve ei heilt annleis jul, men det er også litt vansklig. Savnet pressar tårene fram. Men det er nok berre eit godt teikn!
I dag skal eg nyte dagen, fordi det er Jesus sin bursdag! Det er ein gledens dag, Gud sendte sin sønn til oss. Det er så fantastisk og så stort at det er vel verdt å sette av ein dag for å feire, desverre er det veldig mange som gløymer kvifor vi faktisk feirar jul..


det blei litt krig med å kaste papirballar på kvarandre,, skulle nesten tru at det var snøballkrig

dansing

Konkuranssar

vi skulle kåre vinnaren



Med tilbakeblikk på året som gjekk og ønske om eit godt nytt år!

figuren nesten brennt opp

dagens julefrokost
Teksten på julesangane

Er ikkje så allerværst å kunne gå i kjole, solbrille og ikkje fryse på julaftan!
Klokka 5 skal eg i ei Gudstjeneste i ei engelsk kyrkje, så det blir nok bra. Ellers veit eg lite om planane, julemiddagen blir i morga. Fram til eg finn ut kva eg skal gjer skal eg lese i Bibelen, kose meg med tyske-julekaker og opne den siste kalendergåva, det blir nok einaste gåva i dag sidan pakkane frå Noreg ikkje har dukka opp. Men det gjer ingenting!

Ha ei velsigna God Jul! Ta vare på kvarandre, vis omsorg og kjærlighet, og tenk over kvifor vi faktisk feirar jul! 

lørdag 21. desember 2013

Sjuk..

Eg ligg her i senga mi, her har eg løgge så å sei heilt sidan tirsdag.. Tirsdag på veg heim blei ej sjikklig dårleg og sidan har eg vore det. Onsdag var eg ein tur på legen, kan seie at det var mitt mest ubehagelege møte med legen sidan eg var veldig kvalm og han trykte i veg på magen, med ein gong han var ferdig måtte eg berre springe for å finne eit do.. Lite gøy.. Fikk påvist ein slags bakterie, så no håper eg at medisinen vil hjelpe snart. Er sååå lei av å vere sjuk... Sååå lei av å berre ligge i ei seng, søve, sjå film og drikke ekkelt vatn med kokos-smak som skal hjelpe på at eg er dehydrert.. Så lei av å gå på diett... Så lei av å vere kvalm.. Så lei av å ha feber.. Men no skal eg ikkje klage meir, eg har hatt mine lyspunkt i desse dagane; heldigvis. Tirsdag hadde eg ein voldsam heimlengsel, trur det heng saman med at eg er sjuk(Og syns veldig synn i meg sjølv.) og at uansett kva eg les på facebook så inneheld det jul, heim til jul, godt å komme heim, sitt på flyet på veg heim, osv. Det er så rart å vere på andre sida av jorda, på ein måte kunne eg ønske at det var eg også som kunne skrive: Endeleg heime til jul. Men på den andre sida er eg glad for at eg er her eg er, eg gledar meg til å oppleve alt som er annleis her, sjølv om eg ikkje kjem til å føle at det er jul. I går hadde vi besøk, mange vennar av vertsfamilien kom over for å avslutte Novena (Ein katolsk tradisjon) med masse god mat og anna program. Var litt spennande sidan vertsmora mi gjorde det litt annleis enn kva dei er vandt til (Sidan ho er kristen), trur det starta nokre tankar for nokre :)  Alle hadde med seg eit kort eller ei lita gåve også hadde vi nok ein gong Hemmeleg venn, der vi ga gåvenen til den personen på lappen, ein veldig kjekk tradisjon!
Desse dagane har eg også fått snakka ein god del med folk, med nokre det var lenge sidan sist, så det har vore perfekt. Eg har også blitt veldig glad og takknemmleg for dette Bibelverset som eg fikk av nokon: Da sa Herren til meg: "si ikke at du er ung! Alle jeg sender deg til, skal du gå til, og alt jeg befaler deg, skal du tale. Vær ikke redd for dem, for jeg vil være med deg og berge deg," lyder ordet fra Herren. Det gir inspirasjon til å fortsatt bo her i Ecuador og la Gud bruke meg på den måten han vil her!
Eg er også veldig velsigna som blir tatt veldig godt vare på her også når eg er sjuk. Ingenting som står på omsorg i allefall, verken frå dei her eller dei heime på skype!

Gåvene klare til hemmelegvenn! 

Klare for kalkun!

Kosleg!

Årets julebilde! Fikk faktisk litt julestemning :) 

Idag var eg fast bestemt på å ver frisk. Gjekk ut, blei slått av 23 varmegrader og måtte flire litt for meg sjølv, surrealistisk at det er 21 desember! (Etter å ha gått litt måtte eg snu og innsjå at eg fint måtte holde senga i dag også..)

Dei kan å pynte alt som kan pyntast her!

No skal eg høyre på julemusikk (Alt utenom: Home for Christmas, den sangen blir hoppa over i år,, den får litt for lett fram tårene..)  og prøve å bli heilt frisk!!!!!

Klem frå Ecuador!

søndag 15. desember 2013

Tida flyg

Eg ser på datoen, kva er det allereie 15.desember?! Vi er halvveis i desember og det er snart jul! Snart årets høgdepunkt for mange, tida på året med familietid, tradisjonar, julebakst, juletre, julelys, julepynt, julenisse, julemiddag, julegåver, jul, jul, jul, jul! For mange er også dette tida på året med mykje stress, alt skal ordnast, alt skal vere perfekt. Det er denne tida mange slit med økonomien sidan det skal bli kjøpt så mykje, spesielt gåver, helst dyre. Ein stressar rundt med alt som skal ordnast. Her i Ecuador er det også snart jul, men eg merkar det nesten ikkje. Alle butikkane og husa er fulle av juleting, gjerne meir enn i Noreg, og trafikken er for tida enda meir håplaus sidan alle er ute på julehandel. Men i min familie og blandt mine vennar merkar eg ingenting av alt det stresset. Her er det vanlege kvardagar med ekstra kos. Her er det enda meir tid for sosialeanledningar. Her er ein ikkje så nøye, her kjøper ein gjerne ein liten ting på deling til heile familien og det er alt. Eg har enda ikkje begynt på julegåvene, men eg stressar ikkje, for i år blir det berre nokre få som må kjøpast. Her føler eg at eg sjølv klarer å fokusere meir på det som er viktig med denne høgtida: Juleevangeliet! Eg likar tida her, alt er så annleis.
I det siste er det mykje som har skjedd, på tirsdag og onsdag hadde eg spansk eksamen, både skriftleg og munntleg, eg var ikkje noko stressa og syns nesten det var litt gøy å ha eksamen (Berre nesten!). Rart kor mykje som kan endre seg på nokre veker. Det heng nok saman med at eg har lært meir spansk og føler at eg mestrar det betre. Og det er faktisk bevist, sidan eg for første gong i historia stod på ein spansk eksamen! Fredag var siste dag på universitetet, og eg hadde aldri trudd eg kom til å sei at eg kjem til å sakne det, men det gjer eg jammen og deg. Eg gjekk i ei fantastisk hærlig klasse og det var deilig å ha ei rutine i kvardagen. Men vi skal nok få andre kjekke ting å gjer på i tida framover, så det skal nok gå bra, også håper eg at vi klarer å holde kontakta med dei i klassa :)
Fredagskveld var vi med vertsmora mi til ei venninde av ho. Vi for dit for å utføre ein veldig utbredt katolsk tradisjon. Det vil seie at ein gjeng samlast ni gongar (Altså i utgangspunktet 9 dagar før jul) For å gå igjennom juleevangeliet, huske på alt som skjedde, be og ete mat. Vi var ein liten gjeng som sang (Eg og Sunniva måtte som vanleg synge ein sang på norsk), ba og åt empanada, ein kosleg kveld.
Laurdag var det duka for julefest med Cece (Samme som Laget). Det var noko vi hadde sett fram til sidan vi skulle få vere i lag med studentane vi jobbar saman med, ikkje-kristne som blei invitert, ete god mat osv. Eg og Sunniva hadde ansvar for litt av desserten, tross i at det var litt utfordrande å finne ut kva vi skulle lage, med tanke på kva ingrediensar her er klarte vi å slå i saman to sortar julekaker, ikkje dei mest tradisjonelle, men. Ein ambassadør og kona som er veldig fan av Cece opna heimen sånn at vi kunne ha julefesten der, hærleg! Vi holdt på med leikar, hemmleg venn (alle måtte lage eit julekort, så trakk vi eit namn også ga vi julekortet til den personen), vi åt masse god mat, 4 av universiteta hadde øvd inn kvar sine delar av juleevangeliet. Så eg spelte Maria, på spansk!!
Eg hadde også eit lite innlegg om kva jula er for meg, PÅ SPANSK! Litt skummelt, men kjekt. Veldig inspirerande at der var heile 35 personar, for i fjor var det berre 6! Noko som tyder på at cece-gruppene har vokse betrakteleg sidan i fjor, og det er ikkje anna enn fantastisk!
I dag var det opp klokka 06:00 som vanleg. Etter kyrkja blei eg med vertsmor til ein plass der radio blir spelt inn. Eg trudde ho og bønnegruppa hinna skulle bli intervjua på radioen (Det er ein kristen kanal), men det viste seg at den radiokanalen hadde eit slags arrangemang med ulike boder, ein sal der du kunne sitte å høre/sjå på at dei spelte inn radiosendinga direkte. Men der var også eit rom for forbønn, så det var der vi gjekk. Eg og venninda til vertsmor blei eit slags team, så vi satt der, hadde lister med namn og bønneemne som vi ba for og innimellom kom der personar inn som ville ha forbønn. Så eg å ho satt der, lytta til kva folk vill bli bedt for også ba vi. Eg forstår mykje spansk, men det er fortsatt litt vansklig å snakke masse og flytande, så eg turte ikkje å våge på å be på spansk. Så dei som kom til oss fikk ei bønn på spansk og ei på norsk. Sjølv om dei som var til forbønn ikkje skjønte eit ord så er ikkje det så viktig sidan Gud forstår det. Det var ein fin ting og eg likte det, sjølv om eg ikkje ante at eg skulle vere forbeder når eg gjekk inn i rommet!
Heile huset vårt e pynta til jul, til og med kjøleskapet ;) 

Juletreet har vore på plass sidan 1.desember! Litt rart, sidan vi ikkje brukar det før 23.desember.

Norskjuledeig i Ecuador

Hunden chester pynta til jul. 

Torsdag kom ein pakke frå Norge, så eg har kosa meg med norsk pålegg! :D

Eine universitetet i sving

De tre vise menn.

Alle i aksjon for å lage julekort til sin hemmelege venn.
Nyt den 3.søndag i advent :)

mandag 9. desember 2013

Ein annleis julefest


Alarmen på mobilen går av, på tide å stå opp. Klokka er 05:45 og det er laurdag. Eg hiv på eg klede, veit ikkje heilt kva eg skal denne dagen dermed er det litt vanskeleg å vite kva eg må ha på meg. Eg går ned, frokosten i dag er empanada som eg var med på å lage i går kveld. Eg går ut, taxien kjem og vi står klar ved ei kyrkje 07:00. Vi flirar litt sidan vi er dei første der, Ecuadorian time hadde slått til igjen, dette trudde vi heilt til det kom ei sikkerhetsvakt og sa at inngangen var ned ei trapp. Vi kom inn i eit rom med masse folk, det var kanskje ikkje så rart at der var mange som var presise sidan vi var i ei engelsk kyrkje med mykje amerikanarar og andre internasjonale. Vi var ikkje først likevell. Vi stilte oss i kø, fikk på oss blåe t-shorter som matcha alle andre i rommet og gjekk opp i kyrkja, der satte vi oss ned for å få informasjon om kva vi faktisk skulle gjer denne dagen. Etter lovsang og informasjon var det fire stappfulle bussar+ mange bilar med frivillege som tok turen 10 minutt utanfor byen. Der kom vi til søppeldynga. Utanfor portane der bussane kjørte igjennom stod det lange køer med menneske, menneske som ville inn gjennom portane. Alle volantørane stilte seg klare med sine postar, klare for å ta imot alle. Vi gjorde oss klare for julefest, den største julefesten eg har vore på så langt i allefall. Portane blei opna og inn strømma det menneske, portane måtte bli sperra og ikkje alle som ville fikk komme inn, sidan det ikkje var plass til fleire.. Menneske som skulle få ein gratis dag med morro, leikar, bilde med julenissen, lakke neglar, ansiktsmåling, gåver, og ikkje minst få høyre om kvifor vi faktisk feirar jul: Jesus! Menneska som skulle få alt det her kom frå fattige kår, mange av desse jobbar til dagleg på søppeldynga for å sortere søppel. Vi stod der i mange timar, køa på alle stasjonane var lange i alle timane vi holdt på. Folk i alle aldrar, voksne, godt voksne, ungar, veldig små ungar deltok med  iver og glede. Det var fantastisk å stå der, sjå alle smila og all gleden. Sjølv om eg ikkje føler at eg gjorde så mykje av å stå der å plukke opp kyllingar som folk kasta og gi dei godteri, så veit eg at det betydde noko meir enn kva eg føler. Eg veit at det nyttar og at i den store sammenhengen kan det ha gjort ein stor forskjell, muligens ikkje for alle, men i allefall for mange! Gjennom heile dagen var det konsert med kristne lovsangar, bønn og evangelisering. Fantastisk! Kanskje nokon hørte om Jesus for første gang? Kanskje blir jula for nokon der i år hakket bedre på grunn av desse timane tidleg ein laurdag? Vi ryddar opp på søppelplassen, sett oss i bussane, på veien ut blir vi møtt med folk som vinkar, smilar og takkar oss. Det varmar. Bussane tar oss tilbake til byen, berre 10.minutt unna. Kontrastane er store. Kor rart er det ikkje å bli frakta til ein plass, kunne gi noko til nokon som ikkje har så mykje for så å bli frakta tilbake til all overflod..? Eg er veldig glad  for denne dagen, den var verdifull og eg hadde ei fantastisk stond, samtidig sit eg igjen med litt dårleg samvittighet. Her kjem eg heim til nyvaska rom, middagen klar og attpåtil dessert. Kvifor er eg så heldig? Eg blir setande igjen takknemmleg. Sånne dagar som dette får meg verkeleg til å innsjå kor mykje eg har å vere glad og takknemmleg over.

Gledar meg til å lage empanada i Norge!


Her stod vi i mange timar å plukka opp kyllinga (Leike-kyllingar alstå)

Klare for innsats

Heimelaga rullestol!! 

Masse folk! Trur det var minst 1000 innom denne dagen, + over 200 frivillege!

tirsdag 3. desember 2013

Verdens lys

Eg sit her i Ecuador, nok ein dag har gått forbi, eg er heime aleine, det er stille i huset, men ute er det voldsamme lydar. Rommet blir opplyst av lynet og nokre sekund etterpå brakar det laust, litt sånn som livet mitt her. Mange høgdepunkt (Lynet) Men av og til brakar det laust med følelsar og tankar (torden). Eg legg meg ned i senga, har løgge her nokre dagar, eg har vore sjuk. Det er alltid kjipt å vere sjuk langt heimafrå. Men heldigvis har eg fantastiske personar rundt meg her som forsikrar seg om at eg har det best mulig sjølv om forma ikkje er på topp. Eg ligg der, tenke på mykje rart. Mykje på gode minne, mykje på alt eg gledar meg til å gjere her, Peru om ein måned, besøke andre plassar i Ecuador, bli ferdig på universitetet, lære meir spansk, jul, eit nytt år, bli 20.år, komme heim osv osv. Eg veit ikkje kvifor eg tenke så mykje på det her, men det er på mange måtar godt, samtidig er nokre av tinga ikkje fullt så bra å tenke mykje på, for det gjer det vanskelegare å leve i nuet. Men eg prøvar. I det siste er det fleire ting som har vore utfordrande, eg har møtt situasjonar eg har sett på tv i min kvardag, i mitt hus. Det er så rart å oppleve heilt andre utfordringar enn før. Det er rart å vere i ein situasjon der økonomien er ei utfordring, religionen ikkje blir akseptert av andre familiemedlemmar, og det er vanskeleg for meg å ikkje føle at eg kan hjelpe til med noko. Det er rart og veldig utfordrande, men samtidig trur eg det er nyttig og lærerikt. Sjølv om det ikkje akkurat var sånne utfordringar eg såg for meg at eg kom til å møte her så ser eg at eg lære mykje av det. Ofte vil eg berre rømme frå situasjonen, men på den andre sida er eg glad eg er her. Eg er tross alt veldig heldig! Og det beste av alt det her er kor mykje eg lære om det å stole på Gud. Personane rundt meg som står i ein vanskeleg situasjon avsluttar alltid samtalen med: Men Gud har ein plan, ein må berre stole på at Gud fiksar. Og det er så sant og det gir meg verkeleg inspirasjon og lærdom om korleis ein burde ta trua inn i problema, for då blir situasjonen ein heilt anna.
Når det tordnar og alt er mørkt gjeld det å oppsøke Jesus (Lynet), då blir alt så mykje lysare.

Igjen talte Jesus til folket og sa:
 "Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys." Johannes 8,12


lørdag 30. november 2013

Reke, parade og 1.desember

Du veit du har mykje å gjer når du berre har tid til å blogge i helgene (og nesten ikkje då heller). Denne veka har som dei andre vekene, gått veldig fort og i det vanlege. Jobb,cece osv! Denne veka har det også gått ein god del tid på å få gjort ferdig oppgåva til Hald, på fredag "skulka" eg faktisk skulen for å ha ein heil dag å jobbe med oppgåva på. Var ei glede å sende e-posten med innleveringa i dag! Har sett fram til 1.desember mykje på grunn av at då måtte eg vere ferdig med oppgåva, men også fordi desember alltid er ein koslig måned. I år veit eg faktisk ikkje heilt kva eg kan forvente, kva tradisjonar vi skal gjer osv. Her er i allefall ikkje vanlig med adventskalender eller adventsstake.. Men eg ventar på adventskalender frå mamma i posten, kryssar fingrane for at den kjem i løpet av neste veke #glede!
På fredag for eg og Sunniva til kontaktpersonen vår for å pynte juletre og ete skive med reke og avokado (sidan vi hadde snakka om at det var sånn vi åt reke i Noreg), det var veldig koslig og ikkje minst godt. Eg fikk i allefall litt julestemning, det hjalp også på at det regna ute, blei straks litt meir likt vinter. Her i gata eg bur har dei fleste fått opp julelysa og det skal eg seie deg: det er ikkje lite. Men eg likar det. Når eg kom heim frå Ruth var huset fult med folk. Det var duka for å spele 40, eit tradisjonelt kortspel for Quito. Det er ikkje mykje speling her, men på denne tida av året spelar alle 40. Eg hadde fått kjapp opplæring på dagen, så eg klarte i allefall å spele litt og ikkje tabbe meg heilt ut. Maten som vart servert her var kinesisk mat, ris med reker, nudlar osv. Reke to gongar på ein kveld var ikkje feil. Når klokka var 2 fant eg vegen mot senga mi, tok litt tid å søvne sidan det var full fest her heile natta med karaoke og dansing. Eg låg her i senga mi å berre flira litt for meg sjølv, kulturen er facinerande. I dag blei eg vekt tidleg og fikk beskjed om at vi skulle ut av døra om 15.min, eg heiv på meg klena og kom meg ut. Vi for til den gamle flyplassen (ein park) for å sjå på vertssøstra mi danse. Der var det maaaasse folk og ikkje berre skulen til vertssøstra mi som skulle danse for å seie det sånn. Neste helg er det: fiestas de Quito, men den begynte visst allereie denne helga (eigentleg er det fest heile desember for grunnleggelsen av Quito). Vi stod i mange timar utan noko mat eller drikke (vi rakk ikkje å ete frukost), å venta på at vertssøstra mi sin skule skulle komme dansande forbi oss. Dei var så klart nesten heilt til slutt. Men for meg var det ein stor opplevelse å stå å sjå på alle mulige i paraden. Alt frå skular til politi og 70-åringa som dansa seg forbi i steikande sol. I eit innlegg for litt sidan skreiv eg at eg har lyst til å spele saksofon igjen, i dag blei eg litt usikker, det må i allefall ikkje bli i eit skulekorps der masjering er obligatorisk. For det frista lite å spele og masjere. Eg syns rett litt synn på dei som gjekk der, men eg blei passe imponert sidan INGEN hadde notar og alle dansa mens dei spelte og i tilegg var det ganske varmt. Heile parada var imponerande, det som eg kan samanlikne det mest med er nok 17.mai tog i Noreg, men må nok skuffe dåkke med at Noreg ikkje er noko imponerande med sånne tog i forhold til her.  Når vertssøstra mi hadde dansa seg forbi oss tok vi taxi for å endeleg ete litt mat. Eg blei passe overraska når vi for på ein resturang med sjømat. Men eg klaga ikkje, tredje gongen med reke på to dagar, litt spesielt å ete det til frukost/lunsj (Klokka var 15:00), men godt. Når eg kom heim var det duka for besøk igjen, koslig.





Eg trur det her er dronninga av Ecuador (Men eg forstod ikkje heilt, for dei har jo president..?)

70-80 år gamle damer som dansar i veg

Ein skal tidleg krøkast.

Nydelege drakter

Sikkert nokre viktige personar. Tippar kongen, sjølv om dei ikkje har konge da. 
Imponerende kunstverk i paraden

Trur dei må ha mange prinsesser, neida. Eg berre tippar 

Så går vi rundt i ring

synkront

Til og med cowboyar. Fikk litt lyst å danse linedance igjen. 
Desse her var berre heilt nydelege og ikkje minst: flinke å danse

howhowhehwhow

Legg merke til hattane

Nok eit kunstverk

Til og med astronautar.. Tulla, trur det er røykdykkarar.

Desse kunne nok ha blitt cheerleader´s for HaNo

Helten!

Skulen til vertssøstra mi i aksjon

Vertssøster, vertsmor og  meg.

Skal det vere litt innbakte reke, kokt banan og ris, med popcorn og bananpotetgull vedsiden av?
(Det var veldig godt)
(blir stadig overraska over at Banan blir brukt ilag med alt og i alle mulige variantar)


Det er så rart at det er 1.desember i morga, føles ikkje sånn ut i det heile tatt, vi har ikkje pynta huset eller noko, men eg trur vi skal det i morga. Det er ikkje mykje som minne om at det snart er jul anna enn at eg i allefall har fått på plass raudfargen i ansiktet mitt. (Litt veldig solbrent etter dagen i dag, har enda ikkje lært at sola er veldig sterk og at den kjem fort fram sjølv om det er skyer om morgonen.) I morga er det nok ein gong tidleg opp, denne gongen for å møte Cece-studentar frå forskjellege plassar i Ecuador som er i Quito denne helga for ein konferanse.
Håpe alle dåkke i Noreg har leita fram teksten til: No tenner vi det første lys, eg har i allefall fått på julemusikken her, stemning.
God adventstid!