fredag 30. august 2013

Blåtur

Heilt sidan onsdag etter lunsj har nesten 100 personar vore på blåtur. Etter lunsj på onsdag satte vi oss i ein to-etasjes, raud buss klar for nye eventyr. Alle hadde pakka ut i frå ei pakkeliste som inneholdt søvepose, støvlar osv. Men ingen visste noko om kor vi skulle eller kva vi skulle. Etter to minutt i bussen måtte alle levere inn alt av mobilar, data, klokker, ipod, ipad, you name it. Så dermed veit eg lite om når vi kom fram til leirplassen vi budde på. På den leirplassen har vi vore frå onsdag til fredag, då har vi gjort mykje forskjellig. Vi har grilla, ete masse god mat, hatt undervisning, team-samarbeid på tvers av dei kontinenta vi skal til, underholdningskveld, "fjell"tur, bading, osv. Team-samarbeid var veldig kjekt fordi då har eg vorte betre kjent med dei andre jentene som skal til Sør-Amerika, for vi skal nemnlig treffast ein plass i Sør-Amerika ein gong i januar og tilbringe ei veke i lag, så det blir bra. Vi var forresten eit veldig bra team, og vant omtrent alle samarbeidsoppgåvene. Det å vere utan klokke eller mobil i nokre dagar kan verkeleg anbefalast. Det har vore så deilig å ikkje stresse med å rekke noko, fordi vi har ikkje hatt kontroll på når ting skulle skje. Det var også veldig vittig fordi ingen ante når ein skulle vere trøtt eller våken. Den første kvelden var det mange som følte at det var kjempe seint ei lita stund etter at det var mørkt. Nokon tippa at klokka var to på natta, men så var det nokon som klarte å finne ut kva klokka var ved hjelp av eit kamera, å då var berre klokka rundt tolv, og då var faktisk dei aller fleste i seng. Ikkje veit eg når vi blei vekt heller, men i dag blei vi i allefall vekt tidlegare enn vi skulle. Lærerane hadde planlagt å vekke oss halv ti, men nokon som har gått på skulen før, stod opp tidlegare for å vekke oss. Vi var godtruande vi, for vi ante ikkje kva klokka var, så vi stod opp(tippa klokka var åtte).  
Det er rart kor fort vekene går, det er jammen og deg helg igjen, og det er berre 33 dagar til utreise!! 

                                                      Eg bur på ein fin plass no også!!



Eg og Rita var på shopping på Nille her ein dag.

mandag 26. august 2013

Respekt

Heilt sidan eg kom på Hald har ordet Respekt vore mykje i fokus. Respekt handlar om å sjå ein gong til. Og det er veldig viktig når det kjem til forståelse av kvarandre, kulturar osv, det er berre noko av det vi har lært om til no. Det meste vi lærer er interessant, men det er ikkje kvar dag eg er på kurs der eg går fram og tilbake på eit golv for å samtidig gå igjennom ei historie i hovudet mitt for at det igjen skal føre til at eg blir ein god historie-fortellar, men eg får nok bruk for det også ein vakker dag.
Den første skikkelege helga på Hald er over, og den har gått i god gammal internat-stil. Volleyball frå morgon til kveld, "fjellturar" (Det som blir kalla fjell her i Mandal liknar ikkje på fjella på Sunnmøre), trening, avslapping, speling og ellers det som skulle friste å gjer. Ellers så har det vore godt å komme inn i den skikkelege internathumoren igjen, spesielt med dei internasjonale her. Ord som: It´s gratis, gratis, ye,ye,ye,yellow, crazy, and I have the ball! går igjen og igjen og det beste er om ein ikkje har noko å seie så er det berre å seie nokon av dei orda så er du garantert å få ein latter som respons.
Eg har det veldig bra i det blide sørland, og har lært mykje så langt. Sola skin og alt er berre velstand, men eg må også seie det at det av og til hadde vore litt godt å hatt kjente ansikt og kjente stemme rundt meg. Eg får av og til nokre augeblink der eg saknar det gamle, men det går fort over, heldigvis :)

Mitt volleyball-lag i turneringa. Eg, Eivind og Rita!





onsdag 21. august 2013

Fredskorpset

Min kvardag går for det meste i hotell-standar for tida. På tirsdag etter lunsj satt vi oss på bussen, og kjørte heile vegen til Oslo. Her er vi enda, på eit kurs, eller ein slags konferanse i regi av fredskorpset. Det er ein organisasjon som støttar ulike utvekslingsprogram på mange måtar. Kurset går litt ut på å lære om korleis vi kan gi noko tilbake til fredskorpset, i form av å lære det norske samfunn om andre kulturar, kanskje bryte ned fordommar og virkelig kunne fortelle korleis det VIRKELIG er i andre land.   Sett bort frå å ete god hotell-mat har vi i dag vore på seminar der vi lærte å fortelle historier på ein god måte. Ellers har vi hatt fotballturnering, det var stemning. Hærlighet kor livlege og hærlige og fulle av energi dei internasjonale er. Det er virkelig inspirerande!!!

Fine jenter på veg til Oslo
Min kjære roomate på hotellet: Rita!

Eg har det veldig bra, og det einaste eg slit ganske mykje med er å halde på dialekta mi!  Eg som er einaste Sunnmøringen burde representere den dialekta, men det skal bli hardt....



mandag 19. august 2013

I gang!

No er eg i gang, fant fram til Mandal og til og med klarte å gå av på rett buss-stopp. Riktig nok hadde vi avtalt med buss-sjåføren og stoppe der vi skulle av, men uansett.  Det er så rart å vere i gang, men samtidig så utrulig deilig. Mange inntrykk, men gode inntrykk. Eg har ikkje tallet på kor mange eg har helst på i løpet av dei døgna her, men det er nok nokre eg har helst på fleire gongar. Mange nye namn, mange namn som er vanskelege å uttale å lære seg, men det går seg nok til! Ellers går det meste på engelsk, det er uvant, men heilt greit. Nokre ord sitt langt bak i hjernekapasiteten, men det kjem nok litt nye ord for kvar dag som går. Sånn rom-messig så minner det litt om romma eg såg på eit internat i Indonesia. Sjølvsagt er standaren bedre her, men det rommet eg bur på er ganske lite for fire jenter.  Det blir nok også ei utfordring å skulle dele bad med fire jenter, men det går nok fint. Eg bur på rom med ho eg skal reise med, ei frå Thailand og ei frå Ecuador! Så på kveldane lærer vi dei norsk, mens dei lærer oss litt Thailansk, men mest Spansk, og det er jo ein fordel!

I morga reiser vi på kurs, der skal vi vere til fredag, så det blir bra, trur eg!!
Tommelopp for livet!
Buenas noches :)

søndag 18. august 2013

Overvekt

No har eg starta på mitt eventyr. Det er rart, det er spennande og det er fantastisk!! Den første etappa av mange etappar i løpet av året er over. Eg sit på Gardamoen, venta på neste fly, klar for å komme heilt fram til ein heilt ny plass, alt er fremmed og ukjendt. Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gå av bussen. Men eg trur det blir bra, veldig bra. Eg veit at eg kjem til å lære mykje det kommande året, og det er spennande, kanskje eg til og med klarar å lære meg å pakke? Det har eg i allefall til gode å lære. Eg klarte å ha overvekt på kufferten i dag, og det blei dyrt, alt for dyrt. Men det var vell berre til pass for meg. Samtidig så ser eg på overvekta som nødvendig sidan eg pakka den, pakka den ut, pakka den, pakka den ut igjen. Så eg kunne faktisk ikkje ofre fleire klesplagg eller sko-par.
Eg er veldig klar for alt nytt, samtidig så kjenner eg at det er litt rart å ikkje skulle tilbake til Vestborg. Det har blitt ein så god vane å reise inn dit etter kvar sommar, tre år på rad. Reise inn til alt kjent, og trygt. Men det blir nok bra å komme inn på besøk. Vestborg er nok ikkje det einaste eg vil sakne. Heimen min, mamma´s middag, og ikkje minst: Alle vennane mine!
Men litt sakn må til for å få oppleve nye ting, lære noko nytt osv. Men eg er veldig glad for muligheita eg har til å gjere noko så spennande som det her forhåpentligvis vil bli.

 Det her var litt av det som ikkje fikk plass i kufferten...

Reiste faktisk i frå fine véret i dag. 
Rart alt eg treng for 6 veke. 
Det synet her blir eit sakn.


Skrivast snart! 


torsdag 15. august 2013

Hei!
Dagane flyg av gårde og det er berre tre dagar til eg sit i Mandal. Sommaren har gått så alt for fort og no jobbar eg hardt for å få møtt alle eg vil møte, fått sagt hade til alle eg vil seie hade til og ikkje minst, få plass til alt eg vil få plass til i kufferten. Det sistnemnte har eg enda ikkje starta på. Eg som alltid brukar å vere ute i god tid har milt sagt drøya det dinna gongen.
Etter å ha budd i kuffert heile sommaren har eg ein liten jobb med å først pakke UT før eg kan starte med pakkinga. I tilegg har eg eit lite problem når det gjeld å klare å pakke innanfor kilo grensa sidan eg skal ta fly. Eg fryktar det kan verte eit problem sidan eg hadde overvekt når eg  berre skulle vere 6 dagar i Stavanger. Og no skal eg vere 6 veker i Mandal.
Men det skal vel gå når eg har leigd inn ein personleg assistent som faktisk snakkar russisk:
 Adios

tirsdag 13. august 2013

Ei ny epoke

Hei!
Då har jammen og deg eg også laga meg ein blogg. Kanskje på tide, med tanke på alle gongane eg har blogga på andre sine bloggar..
Det er litt rart å skulle lage ein blogg der eg veit at eg kjem til å blogge om kvardagen min, kor annleis den vil verte i forhold til korleis den har vore alle dei åra eg har levd. No er eg ferdig på skule (I allefall det obligatoriske) og eg skal ut i verda for å utforske.
Eg har trua på eit heilt fantastisk år og ser verkeleg fram til den nye epoka, som eg trur vil verte veldig bra! Det kjem meir informasjon om meg, kva eg skal det året her osv. Men det vil truleg først komme eit innlegg der eg skriv om kor mange sko-par eg har pakka osv.


 Skrivast snart!
-Maria