fredag 21. februar 2014

På nye eventyr!

Kor skal eg begynne? Etter 2 veker på reis kan eg trygt seie at eg har opplevd MASSE! 
Det starta tidleg ein torsdagsmorgon, vi stua 16 studentar med bagasje inn i ein minibuss som blir brukt av skular. Tross at det var trangt, seta var ukomfortable, bussen var veldig varm, og vegane var som ørnesvingane (altså veeeldig svingete) i 12 timar var det verdt det. For vi kom fram til HAVET! For ein lykkefølelse å sjå havet og ein vakker solnedgang etter nesten 5 månedar utan. På denne stranda og leirplassen skulle vi vere i 4 dagar i lag med 70 andre Cece-studentar, studentar frå heile Ecuador. Leiren hadde tema surf, eller å surfe gjennom/over bølgene. Dagane var fyllt med mykje latter, seminar, andakter, bønn, lovsang, leikar, bading, fisk tre-fire gongar for dag!! (Eg tullar ikkje, vi fikk fiskesuppe til frokost, men godt var det!) Og masse, masse meir. Eg storkosa meg! Blei bedre kjent med masse fantastiske menneske, men også betre kjent med Jesus og Salomos ordspråk, ei verkeleg bra bok! Etter 4 dagar stappfulle med program bar turen vidare til Salinas, ei anna strand, der skulle eg og Sunniva ver på ferie i 5 dagar. Vi booka oss inn på eit hotell og dagane var fyllt med sol, bading, soling, søving, mat, og lesing(Eg fekk ei norsk bok i julegåve, så eg var heilt inn i bok verden for tre dagar, fantastisk!) sol, bading, soling, søving, mat. Med andre ord: Late dagar på stranda, men det er jo det som er ferie? :)
Til tross for at det var utruleg deilig var vi begge litt lei og klare for å reise vidare. Vi reiste til Guayaquil, den største byen i Ecuador, der blei vi tatt godt i mot av Cece studentar. Vi bodde med ho eine og helga gjekk med til litt guiding, prating, cece, mat osv. Vi var blandt anna i ein park med masse dyr (Til mi store glede, eller ikkje.. Særlig ikkje alle papegøyene, ikkje så stor fan), apekattar, krokodiller, flamingo, krabber osv. Ein spennende og gøy dag. Søndagen for vi til eit fattigere strøk, rart å sjå kontrastane på nærthold. Rart å kjenne folk som faktisk bur i sånne strøk, rart å innsjå kor totalt forskjellege liv vi lev. Men det var veldig kjekt og spennande! På ettermiddagen for vi ilag med mange ungdommar frå det området, til ein av største turistplassane i dinna byen, Malecon 2000. Ein veldig fin dag.
Søndagskvelden booka vi inn på Casa Alianza, for mandagen skulle vi besøke organisasjonen: Misjons alliansen. Det var ein veldig interessang dag, for det første var det veldig kjekt å treffe norske! Enda til ein sunnmøring, Stas! Vi tilbringte heile dagen der vi for frå plass til plass, besøkte mykje forskjellige folk, såg på prosjekta og arbeidet som misjonsalliansen gjer der. Eit veldig BRA arbeid. Eg blei i allefall veldig imponert og inspirert. Vi blei til og med historiske! Les meir her: http://www.lamitad.no/innlegg/article/401991. Dei jobbar med folk som lev i fattigdom, jobbar for at dei skal få andre mulighete, hjelpe dei til å tjene pengar osv. Vi møtte nokre av brukarane av prosjektet, så det var veldig kjekt. Vi spurte ho eine som hadde fått ein del hjelp og som i dag har ein betre økonomi enn tidligere om ho vil flytte til ein anna plass, eit betre hus osv. Det ville ho ikkje, ho hadde budd i det nabolaget heile livet, og ville ikkje flytte ut derifrå, eg kan ikkje heilt forstå at dei vil fortsette å bo i fattigdommen,men ho ville derimot at ungane hinna skulle få muligheten til å bo ein anna plass. Interessant! 

Tirsdag og onsdag brukte vi på hotellet grunna litt sjukdom og torsdagsmorgon var vi endeleg tilbake i Quito. Deilig å komme tilbake til nyvaska rom, nytt sengesett og eit kaldere klima, fantastisk! 
No er kleda vaska og i morga blir det å pakke kufferten igjen, då ber det ut på nye eventyr. Dinna gongen forhåpentlegvis ein tur til jungelen!! 



Stemninga var på topp sjølv om komforten kunna vore betre.



Meg og min fantastiske teampartner!!! <3


Leirplassen 


Stranda blei flittig brukt til aktivitetar, kjekt!

Seminar!

Kreativ undervisning 
Ein kulturkveld fyllt med masse bra program frå alle dei ulike byane

Det var UTRULIG varmt å tenne bål når det allereie var over 30 grader, men kosleg var det.

Siste natta kom guttane bort på jentedormen og sang mange romantiske sangar til oss. Dette er tydelegvis tradisjon på leir og blandt anna valentine og blir kalla serenata . Når guttane hadde gått planlagte vi jentene kva sangar vi skulle synge også gjekk vi bort til dei for å synge, kosleg!

Lovsang, til og med med eigen DJ! 


Sunniva, Jonathan og meg. Det var veldig kjekt å snakke norsk med nokon andre :)  Jonathan snakkar veldig bra norsk! (Han har budd i Noreg i to år)
På siste avslutningsmøtet fekk eg skikkeleg hjertebank og tanken om å synge velsignelsen slo meg, for eg følte eg måtte gi i allefall litt tilbake til alle dei fantastiske folka på leiren. Så eg gjekk fram, passe nervøs, tok mikrofonen og sa på spansk: Tusen takk, eg blei plutslig veldig varm i hjertet (Kom ikkje på ordet for donke på spansk) Så eg vil gjerne synge velsignelsen på norsk. Sidan det er ein tradisjon vi alltid brukte å gjere på slutten av møta på Vestborg. Heldigvis fikk eg hjelp av sunniva, anita og jonathan, så det gjekk bra. Og i ettertid er eg veldig glad for at eg gjorde det.

Slettes ikkje feil å tilbringe fem dagar sånn her!

Sydenflette måtte til!

Sunniva klar for nok ein dag i sola :)

Vi levde på Banan og Nutella, er ein på ferie så er ein på ferie ;)


Tross store kontrastar og dårlege forhold blei vi tatt veldig godt i mot. Eg blir så imponert av alle folka i dinna kulturen, alle er så opne, ærlege og snille! 


Det begynne å gå litt opp for meg kor lita tid vi faktisk har igjen her i Ecuador, og det er heilt ærleg litt trist. Det er så mykje eg kjem til å sakne her, for kvar dag som går blir eg berre meir og meir glad i kulturen, folka og livet her. Alt som er så annaleis har plutseleg blitt så bra og normalt!

Men eg gledar meg VILLT masse til å treffe igjen alle kjente i Noreg også da :D

"Se hvor stor kjærlighet Gud har vist oss: Vi får kalles Guds barn, ja, vi er det! Verden kjenner oss ikke, fordi den ikke kjenner ham." 1.joh 3,1

søndag 2. februar 2014

2 månadar

Det er søndag, nok ein solfyllt dag. Dagen har allereie vore lang, den starta som vanleg 06:00 for å fare i kyrkja. Ei kyrkje eg begynne å bli veldig glad i, ei kyrkje der eg kan lovsynge, få påfyll, sjå andre kristne, bli tatt i mot med smil og ønsker om Guds velsignelse. Det er ei kyrkje der folk ikkje er redd for å vise følelsar, hender i véret, stadige utbrudd av: AMEN, tårer, smil og Halleluja prisningar. Ein trygg og god plass. Eg går heim med eit smil om munnen, Gud er God! Heime blir eg i enda betre humør, skyping med søstrene, fantastisk!

 Videre var det kjekt å ha nok ei unnskyldning for å ikkje starte på lekser/oppgåver som burde bli gjort, skyping med guttane eg satt i Lags-styret med på Vestborg i fjor.


Eg våknar tidleg, det er laurdag. Eg står opp og vi kjem oss av gårde til dagens oppdrag: Bilvasking. Denne gongen også i lag med Cece-studentar. Vi vaskar og tjenar inn pengar for å dekke transportutgiftene til campen, sola skin. Eg kjem heim og blir i enda betre humør etter skyping heim. Kvelden kjem og eg skal på kino for første gong i Ecuador, vi skal sjå: Yo,Frankenstein. Ein filmsjanger eg ikkje er så veldig begeistra for, men popcornet smakte godt og det var ein kosleg kveld sjølv om det føltes ut som at eg var blitt lurt med på ein date, dermed var det litt kleint.

Eg står opp tidlegare enn vanleg, det er fredag. Vi går for å ta bussen x2 for å komme oss til universitetet, det her var vanleg prosedyre i 8 veker på hausten, no er det lenge sidan. Vi blir tatt i mot av studentar vi aldri har møtt før, vi sett oss ned og eg blir verkeleg inspirert. Det er ei heilt nyoppstarta Cece-gruppe vi sit i rommet med. Ivrige studentar som er klare for å nå ut til sine med-studentar, studentar, kristne studentar som plutseleg kjem saman, dei er ikkje lenger aleine kristen på skulen sin! Eg kunne ønske det hadde blitt starta ei gruppe som dette då eg gjekk på ungdomsskulen, eg følte meg så aleine og det var så vanskeleg! Det er litt av grunnen til at eg diggar prinsippet til Laget/Cece. For eg sjølv veit godt kor vanskeleg det er å vere aleine kristen på ein skule.

Resten av veka har eg sove lenger, vore på jobb, lært 12 jenter å strikke, tatt manikyr og pedikyr, blitt enda meir bevisst på kor mange fantastiske personar eg kjenner både her og i Noreg. Eg har også begynt å tenke over alle tinga eg faktisk kjem til å SAKNE med Ecuador. Livet her er godt, eg trivs og no er det berre 2 månedar til eg sett meg på flyet tilbake til Noreg, men det skal bli godt å komme heim med, absolutt!



Her får du sjå litt av prosessen vi gjer for at jentene kan lage vakre smykker. Først må vi slå hull på desse nøttene

Videre kuttar vi nøttene opp i bitar som på bilete(Det er faktisk eg som har kutta desse, litt stolt!)

Slipar dei og dyppar dei i ulike fargar

Så er det klart for å lage vakre smykker som kan bli selgt




No må eg kanskje begynne å gjere litt av det eg SKULLE gjere i dag. Først må eg berre høyre litt meir på nokre fantastiske sangar eg oppdaga i dag: Cd-plata, Thrive av Casting Crowns, fantastisk!