Videre var det kjekt å ha nok ei unnskyldning for å ikkje starte på lekser/oppgåver som burde bli gjort, skyping med guttane eg satt i Lags-styret med på Vestborg i fjor.
Eg våknar tidleg, det er laurdag. Eg står opp og vi kjem oss av gårde til dagens oppdrag: Bilvasking. Denne gongen også i lag med Cece-studentar. Vi vaskar og tjenar inn pengar for å dekke transportutgiftene til campen, sola skin. Eg kjem heim og blir i enda betre humør etter skyping heim. Kvelden kjem og eg skal på kino for første gong i Ecuador, vi skal sjå: Yo,Frankenstein. Ein filmsjanger eg ikkje er så veldig begeistra for, men popcornet smakte godt og det var ein kosleg kveld sjølv om det føltes ut som at eg var blitt lurt med på ein date, dermed var det litt kleint.
Eg står opp tidlegare enn vanleg, det er fredag. Vi går for å ta bussen x2 for å komme oss til universitetet, det her var vanleg prosedyre i 8 veker på hausten, no er det lenge sidan. Vi blir tatt i mot av studentar vi aldri har møtt før, vi sett oss ned og eg blir verkeleg inspirert. Det er ei heilt nyoppstarta Cece-gruppe vi sit i rommet med. Ivrige studentar som er klare for å nå ut til sine med-studentar, studentar, kristne studentar som plutseleg kjem saman, dei er ikkje lenger aleine kristen på skulen sin! Eg kunne ønske det hadde blitt starta ei gruppe som dette då eg gjekk på ungdomsskulen, eg følte meg så aleine og det var så vanskeleg! Det er litt av grunnen til at eg diggar prinsippet til Laget/Cece. For eg sjølv veit godt kor vanskeleg det er å vere aleine kristen på ein skule.
Resten av veka har eg sove lenger, vore på jobb, lært 12 jenter å strikke, tatt manikyr og pedikyr, blitt enda meir bevisst på kor mange fantastiske personar eg kjenner både her og i Noreg. Eg har også begynt å tenke over alle tinga eg faktisk kjem til å SAKNE med Ecuador. Livet her er godt, eg trivs og no er det berre 2 månedar til eg sett meg på flyet tilbake til Noreg, men det skal bli godt å komme heim med, absolutt!
Her får du sjå litt av prosessen vi gjer for at jentene kan lage vakre smykker. Først må vi slå hull på desse nøttene |
![]() |
Videre kuttar vi nøttene opp i bitar som på bilete(Det er faktisk eg som har kutta desse, litt stolt!) |
![]() |
Slipar dei og dyppar dei i ulike fargar |
![]() |
Så er det klart for å lage vakre smykker som kan bli selgt |
No må eg kanskje begynne å gjere litt av det eg SKULLE gjere i dag. Først må eg berre høyre litt meir på nokre fantastiske sangar eg oppdaga i dag: Cd-plata, Thrive av Casting Crowns, fantastisk!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar