søndag 26. januar 2014

Mi veke

Det er nok ein søndag, dagen der eg som regel har litt tid til å blogge. Den siste veka har bestått av mykje spennande. Den nye jobben min er fantastisk, eg stortrives! Den er veldig variert, og vi får prøve oss både som vaktmestarar, artistar, barnepassarar, lærarar osv. Eine dagen storkosa eg meg i lag med to små guttar, ein på rundt 4 månedar og han andre på ca eit år, hærleg!! Onsdag reiste vi til vår gamle jobb, der blei vi godt tatt i mot av ungane som hadde mange spørsmål om kvifor vi ikkje hadde vore der på leenge. Det var ikkje lett å seie at vi berre stakk innom for å seie hade! Eg har blitt veldig glad i ungane, og har verkeleg hatt ei fin tid på eit BRA prosjekt! Men det var godt å sjå at der hadde komt nye voluntørar, nye ungar og at prosjektet kjem til å klare seg bra utan oss der ;)
Fredag var eg og Sunniva litt turistar. Vi tok telefericó(som eit skitrekk) Høgt opp på eit fjell (4100 moh) og hadde fin utsikt over store delar av Quito, fantastisk :) Seinare på dagen fikk eg besøk av ein privat-lærar i spansk heime i stua! Så no skal spansken berre bli enda betre, kjekt å få eit lite push til å måtte lære meir! Laurdag ringte vekkerklokka 05:45(Altfor tidleg), eg kom meg opp og i lag med 21 andre hadde vi ein fantastisk dag i Jerusalem(Ein park ein time utanfor Quito). Der var vi i lag med andre cece-studentar. Kanskje det er påtide at eg fortel litt om cece! Cece er ein kristen student organisasjon som jobbar med studentar på universiteta. Cece er det samme som Laget i Noreg, så sidan eg går Focus på Hald, som er Laget si linje så er cece ein av hovudjobbane våre her. Kvar veke er det rundt om på omtrent alle universiteta her, cece-møter. Eg har "mi" gruppe kvar tirsdag. Så kvar tirsdag reiser eg til eit universitet for å ha Bibelstudie i lag med andre studentar. Cece er ein veldig bra og viktig organisasjon for studentane. Det er ein fin plass til å komme i travle dagar, sette fokus på trua si og ikkje minst få oppmuntring og støtte til å vere tydeleg kristne blandt med-elevar! Denne laurdagen hadde vi litt fokus på planlegging av kva gruppene vil vekse på og gjere det neste semesteret. Vi skal blandt anna ha fokus på å vere meir synlege på universiteta, sånn at fleire kan få muligheita til å høyre om Jesus, vere med i eit trygt og godt miljø og at gruppene kan vekse og bli større. Så det kan bli veldig spennande (Gjerne ver med å be! :))
Dagen bestod også av mykje leikar, avslapping, mat og gode samtalar. Veldig kjekt å bli enda betre kjent med studentane.
I dag er det søndag, nok ein gong vekkerklokka på kl 06:00 for å fare i kyrkja. Men det gjer ingenting, for det er fantastisk deilig å reise i kyrkja, lovsynge, høyre på andakt  å få påfyll!
No driv eg å lada opp til ei ny og spennande veke med kaffi, norsk sjokolade og lovsang, perfekt!


Eit av mine favorittsyn har blitt det her: Sjå ungar som ber!

Sååå hærlig! Kjem til å sakne alle dei fantastiske ungane!!


Hærlig  å komme seg i naturomgivelsar
Bor i ein ganske så stor by ja!

Ein av leikane var å barbere ein ballong utan å sprekke den.


Vi skulle konstruere bruer! 
Avslapping ved bassengkanten var ikkje feil! 





Ha ei strålande veke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar