mandag 26. august 2013

Respekt

Heilt sidan eg kom på Hald har ordet Respekt vore mykje i fokus. Respekt handlar om å sjå ein gong til. Og det er veldig viktig når det kjem til forståelse av kvarandre, kulturar osv, det er berre noko av det vi har lært om til no. Det meste vi lærer er interessant, men det er ikkje kvar dag eg er på kurs der eg går fram og tilbake på eit golv for å samtidig gå igjennom ei historie i hovudet mitt for at det igjen skal føre til at eg blir ein god historie-fortellar, men eg får nok bruk for det også ein vakker dag.
Den første skikkelege helga på Hald er over, og den har gått i god gammal internat-stil. Volleyball frå morgon til kveld, "fjellturar" (Det som blir kalla fjell her i Mandal liknar ikkje på fjella på Sunnmøre), trening, avslapping, speling og ellers det som skulle friste å gjer. Ellers så har det vore godt å komme inn i den skikkelege internathumoren igjen, spesielt med dei internasjonale her. Ord som: It´s gratis, gratis, ye,ye,ye,yellow, crazy, and I have the ball! går igjen og igjen og det beste er om ein ikkje har noko å seie så er det berre å seie nokon av dei orda så er du garantert å få ein latter som respons.
Eg har det veldig bra i det blide sørland, og har lært mykje så langt. Sola skin og alt er berre velstand, men eg må også seie det at det av og til hadde vore litt godt å hatt kjente ansikt og kjente stemme rundt meg. Eg får av og til nokre augeblink der eg saknar det gamle, men det går fort over, heldigvis :)

Mitt volleyball-lag i turneringa. Eg, Eivind og Rita!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar