fredag 30. august 2013

Blåtur

Heilt sidan onsdag etter lunsj har nesten 100 personar vore på blåtur. Etter lunsj på onsdag satte vi oss i ein to-etasjes, raud buss klar for nye eventyr. Alle hadde pakka ut i frå ei pakkeliste som inneholdt søvepose, støvlar osv. Men ingen visste noko om kor vi skulle eller kva vi skulle. Etter to minutt i bussen måtte alle levere inn alt av mobilar, data, klokker, ipod, ipad, you name it. Så dermed veit eg lite om når vi kom fram til leirplassen vi budde på. På den leirplassen har vi vore frå onsdag til fredag, då har vi gjort mykje forskjellig. Vi har grilla, ete masse god mat, hatt undervisning, team-samarbeid på tvers av dei kontinenta vi skal til, underholdningskveld, "fjell"tur, bading, osv. Team-samarbeid var veldig kjekt fordi då har eg vorte betre kjent med dei andre jentene som skal til Sør-Amerika, for vi skal nemnlig treffast ein plass i Sør-Amerika ein gong i januar og tilbringe ei veke i lag, så det blir bra. Vi var forresten eit veldig bra team, og vant omtrent alle samarbeidsoppgåvene. Det å vere utan klokke eller mobil i nokre dagar kan verkeleg anbefalast. Det har vore så deilig å ikkje stresse med å rekke noko, fordi vi har ikkje hatt kontroll på når ting skulle skje. Det var også veldig vittig fordi ingen ante når ein skulle vere trøtt eller våken. Den første kvelden var det mange som følte at det var kjempe seint ei lita stund etter at det var mørkt. Nokon tippa at klokka var to på natta, men så var det nokon som klarte å finne ut kva klokka var ved hjelp av eit kamera, å då var berre klokka rundt tolv, og då var faktisk dei aller fleste i seng. Ikkje veit eg når vi blei vekt heller, men i dag blei vi i allefall vekt tidlegare enn vi skulle. Lærerane hadde planlagt å vekke oss halv ti, men nokon som har gått på skulen før, stod opp tidlegare for å vekke oss. Vi var godtruande vi, for vi ante ikkje kva klokka var, så vi stod opp(tippa klokka var åtte).  
Det er rart kor fort vekene går, det er jammen og deg helg igjen, og det er berre 33 dagar til utreise!! 

                                                      Eg bur på ein fin plass no også!!



Eg og Rita var på shopping på Nille her ein dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar