onsdag 18. september 2013

14 dagar!

Sidan sist har eg vore både høgt og lavt. I helga var eg heime på Sunnmøre ein tur, noko som var veldig kjekt, desverre litt for kort.. Men i løpet av helga fikk eg besøkt nokre, blandt anna Vestborg. Det var rart, og veldig annleis å vere tilbake. Få kjente, men fortsatt mykje det samme som før. Det beste med å vere heime var kanskje å få søve ut litt. Det blir kanskje litt for lite søvn her på Hald. Sidan eg kom tilbake på søndag har eg blandt anna søve ei natt i ei trapp, det var ein ny søveplass, stortsett komfortabell. I tilegg har det blitt gjort litt fleire ting som minner meg om sånn eit internatliv skal vere. Når eg kom tilbake på søndagen hadde vi dopapir-krig, eg kunne faktisk lage dopapir englar på gulvet, så det seier noko om mengda opprevet dopapir. Eg og Rita har også leika husmødre og imponert med heimelaga sjokoladebollar.
På skulen har vi vore flittige studentar der vi har mimra tilbake til norsk-timane dei tidlegare åra, i form av at vi prøvde ut dikt-ferdighetene våre igjen. Den hobbyen hadde eg gløymt litt bort, så det hjalp på kreativiteten min å få skreve nokre velklingande dikt igjen!

                               
Eit lite innblikk i krigen. 
Klar for natt i trapp
                                                           

Kristian og Jakob var utvalgte dommarar til å vurdere husmoremnene våra.
                               

Eg tippa karakteren 6 hadde passa godt til dette bilete

                                       

På skulen i dag lærte vi om ernæring og kva kosthold som er sunt, skal tru om elevane tok til seg råda eller kva. Ut i frå bileta så er eg ein smule usikker.

Jakob var særs fornøgd med resultatet av heimelaga Ballerinakjeks.


No er det faktisk akkurat 2 veker til eg sitt på flyet på veg til andre sida av jorda. Sør-Amerika ventar, og eg er spent. Veldig spent, men også veldig klar. Spansken har blitt litt jobba med, tankar om korleis pakkinga skal vere har begynt og kriblinga i magen er godt i gang.
Eg har trua på at dette blir BRA. I mellomtida nyt eg siste dagane her på Hald med alle dei konge folka og det brae opplegget som er her. 









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar