søndag 8. september 2013

Gudstjeneste

No er jammen og deg snart denne helga også over. Den første skikkelege veka med undervisning kvar dag gjekk overraskande fort, enda vi til og med hadde undervisning på laurdag. Inn i mellom all undervisning har eg hatt kjøkkentjeneste (det er alltid stemning), eg har vore på det første praise and prayer møtet her på Hald. Eit møte stappfullt med lovsang, fantastisk! Denne helga har det også vore besøkshelg av tidlegare elevar, så då har eg faktisk hatt kjentfolk her, og eg trudde aldri eg kunne verte så glad av å berre sjå eit kjent ansikt. Så det har vore veldig kjekt! I natt hadde eg også mitt første bad for sommaren, det er tross alt ikkje akkurat sommer, men sist eg bada var før mai, så. Det var overraskande "varmt" til å vere på natta, i regn. Eg har også vore på bønnemøter nesten kvar dag, og det har vore digg, sidan det er noko av det eg verkeleg savna frå Vestborg. Der brukte vi å ha bønnemøter kvar dag, og no har vi endeleg starta det her også. Det er heilt fantastisk å sjå så mange nasjonar samla på eit rom, alle med samme brannen og behovet for å samlast i bønn. Det eg syntes var utfordrande på bønnemøta på Vestborg var at nokre ba fadervår på nynorsk, og nokre på bokmål, så du kan tru det er utfordrande når det er minst fem forskjellege språk fadervår blir bedt på i slutten av møta. Men det er utruleg kult! Apropo språk, i dag var alle Hald-studentane på Gudstjeneste i Mandal-kyrkje. Hald hadde ansvaret for store delar av deltakinga under Gudstjenesta, så idag har eg vore på ei verkeleg internasjonal Gudstjeneste. Det mest utfordrande der var at eg satt i lag med ein frå Peru, så eg skulle då oversette det som blei sagt på norsk til engelsk. Ikkje alltid like lett å oversette fort og rett, særleg ikkje når det er ord som eg kanskje ikkje brukar så veldig ofte ellers. Det var litt komisk når ein frå Madagaskar ba på sitt språk og han frå Peru ba meg oversette kva han sa, hehe.
Ellers har eg nedtelling til ein snarleg heimtur, det skal bli litt godt!


                                      Favorittjentene etter kyrkja i dag: Bente, Birte og Rita!

Ha ein fortsatt fin søndag!
                           

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar