søndag 29. september 2013

Mi vida

Etter alt for lite søvn dei siste seks vekene, og spesielt då den siste veka var det litt deilig å komme heim å søve ut litt. Etter seks fantastiske og livsforvandlende veke var det også rart og ikkje minst veldig trist å seie hade til alle dei utruleg brae menneska som eg har fått æra av å verte kjent med. Det er rart kor godt ein blir kjent med kvarandre på så kort tid når ein bur så tett på kvarandre. Det er heldigvis berre ein avskjed som betyr på gjensyn. Heldigvis møte eg igjen alle om seks eller sju månadar!
Det var også godt å komme heim til eit rom der eg faktisk kan legge meg når eg vil, og ikkje minst: vere aleine på rommet.. Eg var ganske lei av internat før eg byrja på Hald, så eg har verkeleg kjent på det som ei stor utfordring å dele rom med tre andre desse seks vekene, det har gått overraskande bra, sett bort frå at eg har hatt enkelte dagar der eg gjerne skulla hatt ein plass å trøkke meg tilbake til, aleine. Eine dagen denne veka kjente eg ekstra på at no var det nok internat for ei stond.. : når eg for ein gongs skyld tenkte å legge meg tidleg, då var det selfølgelig mykje folk, musikk og dansing på romme mitt, så då måtte eg fint gå ut igjen å vere sosial nokre timar ekstra før eg då kom inn på romme mitt på natta for å legge meg og oppdagar at det faktisk er fem andre på rommet som overnattar.
Fredag var eg superletta over å sleppe å betale overvekt på flyet *klapp på skuldra til meg sjølv*, pengar spart tenkte sunnmøringen i meg. Eg tenkte å spare enda meir pengar med å vente på gratis skyss ut til mi vakre øy. Den skyssen bestod av privatbåt, og ein ting har eg funne ut.. Båt og mykje bagasje går kanskje ikkje heilt så godt overens. Eg skulle løfte min tunge kuffert (eg fikk på lapp om at den var tung..), over i båten, og satte veska mi ned for å ha begge hendene ledig. Når eg då satte veska ned så velta veska, og i det eg skulle redde Mac-en, Bibelen, lommeboka osv frå å dette i sjøen(Var like før) klarte eg på ein eller anna måte å miste mobilen i havet. Den sank rett ned og eg såg den faktisk ikkje igjen. Så det blei kanskje ikkje pengar spart likevell på den turen, men eg klagar ikkje, båtturen var definitivt verdt det. Og kanskje det berre var ei bra oppvarming til Ecuador?
Det er ikkje berre på Hald eg har vennar, på laurdag kom det ein god og fantastisk gjeng hit for å treffe meg, ein utruleg bra dag med lokal-fotball, mat og prat. Det beste var avslutninga, ute på tur, i mørket, omringa av hærlege menneske som stilte seg opp å ba for meg. Beste opplevelsen på lenge!
No skal dei siste dagane brukast til enda meir båt ,mat, avslapping, avskjedar, pakking, lage presentasjon om meg sjølv på spansk(!) osv.
 Eg blir berre meir og meir klar for å reise!

Makan til bra gjeng altså! Dåkke vil bli sakna dei neste seks/sju månane! 

Ikkje så værst å vere heime når eg bur så vakkert!
                                             
Kanskje neste innlegg blir frå Ecuador?
God bless

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar