onsdag 4. september 2013

Fritime

Her går livet i sin vandte gang, men kva vil egentlig sin vandte gang seie? Eg står opp om morgonen litt før 8, et ein god frokost (Maten her er fantastisk!), går på rommet, har ein halvtime fri der eg gjer det eg vil, men prøvar å bruke tida til blandt anna å lese Bibelen. Så begynner skulen kl 9, då varierar det veldig kva undervisning vi har, det kan vere alt frå undervisning om fattigdom til undervisining om kulturforskjellar, til sånn som idag om kultursjokk. I løpet av undervisninga har vi fruktpause og ein time med lunsj, som er varm-måltidet, altså middag kl 1. Etter skulen varierar det veldig kva som skjer, men noko er det som skjer, konstant.
Sett bort frå det har eg i det siste tenkt på kor mykje ein burde sette pris på dei små tinga, og det har eg i grunnen begynt å gjere. Som ein klem, eit smil eller ein hyggeleg kommentar, det er rart kor mykje det kan gjere for at dagen blir ti gongar betre. Du treng ikkje å gi mykje av deg sjølv for at dagen til nokon skal verte betre. Eg har også på ny merka at internatlivet er intenst,veldig også til tider og det kan vere vanskeleg å ta inn over seg alt som skjer, ta seg tida til å setje seg ned for seg sjølv, for rett og slett å tenke, ein er heile tida så redd for å gå glipp av noko, redd for å ikkje få med seg alt det gøye som skjer. Her ein dag blei heile skulen kommandert til å ha ein individuell time, altså 60 minutt for deg sjølv, der du skulle sitje ein roleg plass, og gjere kva du ville. Og eg skal sei at det var deilig! Tenk da, at eg kan setje så pris på å bli kommandert til å sitje aleine ein time. Rart med det.

 Idag var eg og Rita på joggetur, og då er det viktig å fylle opp igjen kaloriane som forsvant.

Adios!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar