tirsdag 24. september 2013

Siste veka

Då va eg godt i gang med siste veka i Noreg på seks månadar. I går skypa vi med kontaktpersonen vår i Ecuador og fikk då vite litt meir om kva som skal skje den første veka og litt om kva vi skal ha med oss. Også veit vi kven vi skal sjå etter på flyplassen, så det er jo ein fordel. Forventningane mine er mange, og eg gledar meg masse. Føler eg har fått fram at dette er noko eg ser fram til, men ja.
Som eg kanskje har nemnt i forbifarta tidlegare så skal eg jobbe for Laget. Laget er ein kristen student organisasjon. Eg og Sunniva (som er min team-partner), skal jobbe med cece som er Laget i Ecuador. Der skal vi vere ein del av studentmiljøet og bidra på vår måte, vi får også litt andre oppgåver, som å hjelpe til på ein heim for barn etter skuletid. Trur eg heller fortel meir om jobbinga vår etterkvart, men det eg skulle fram til er at eg er veldig spent på korleis det vil verte. Eg er vandt med å vere ein del av Laget på Vestborg, ha bibelstudie og bønnemøter der. Men det blir nok ein heilt annan opplevelse i ein annan kultur, men eg trur det er noko av det eg ser mest fram til. Eg ser fram til å lære meir om meg sjølv, mi tru og bli utfordra nå det gjeld mitt standpunkt som kristen. Men det er inspirerande å vere her på Hald, for sjølv om vi er forskjellege så har vi (værtfall mange) den samme trua. Så det blir nok litt den opplevelsen eg får i Ecuador også!
Idag hadde eg ein litt oppvekker i ein samtale. Vi hadde ei gruppeoppgåve der vi var nokre norske og nokre internasjonale i ei gruppe. Vi hadde cirka 15 min på eit ark med nokre spørsmål osv. Vi satte oss på ein benk ute i sola, den eine internasjonale tok alle i handa og forsikra seg om at alle visste kva alle heitte osv. Så begynte vi å snakke om ting utanfor spørsmåla. Eg såg på klokka å sa: vi har berre 10 minutt, så kanskje vi burde svare på spørsmåla. Alle var enige og vi fullførte arket, med ein gong vi var ferdig så såg vi norske på klokka og oppdaga at det var fem minutt til mat, så vi var på veg til å gå. Då satte den internasjonale i gang med å flire, så spurte eg kva han flirte av og då sa han: eg har levd i Noreg nokre veke no, og eg har lagt merke til kor opptatt dåkke er av tida, i Afrika kan vi sitte lenge å prate om alt mulig, og det ville blitt sett på som uhøflig å berre gå med ein gong etter at vi var ferdig med spørsmåla, sånn som vi norske gjorde. Han fortalte også om kor mykje meir dei i Afrika snakkar med kvarandre, vi norske var mest opptatt med å gjer oppgåva vår, for så å gå, mens han ville igrunnen spørre om alle hadde det bra osv før vi satte i gang. Vi har kanskje noko å lære?! 
I det siste har vi lært om alt frå kidnapping til at vi heilt garantert kjem til å oppleve å få diaré. Så dermed har det vore ville tilstandar på skulen. Alle er i ferd med å feite seg skikkeleg opp før avreise, sånn at vi har noko å gå på i tilfelle sjukdommen diaré vil inntreffe, (noko som nesten er garantert). Vi sørger også for å få i oss alt som er norskt! Eg trur ikkje eg skal ramse opp alt eg har spist i det siste, men eg kan legge ut litt bilder som kanskje gir litt innblikk.


Skal ikkje seie kor mange jenter som åt desse 9 posane med bollar... 

Kjem til å sakne Birte og Bente!! 


Sommaren lev enda på Sørlandet! (Bente, Rita, meg og Birte)



Alex og meg!

Her er heldigvis fotballinterisserte på Hald. På søndag såg vi fire kampar samtidig! Sånn er det når alle heiar på ulike lag. 

Laurdag var eg i K-town, og der helste vi på Politimester Sebastian!!! 
På fredag blir dinna hærlege gjengen spredd for alle vindar! Eg gledar meg allereie til vårkurset!! 

1 kommentar:

  1. Hei!
    Jeg har sendt deg en e-post om å skrive for Credo. Supert om du kan lese den og svare meg ;-)
    -Ingunn M. Ruud
    Laget

    SvarSlett