søndag 15. september 2013

Flyplass

I det siste har eg reist endel og mykje av den reisetida har blitt brukt til å vente på flyplassar på neste fly. Det er ei tid som går sakte, du sitt der, i mitt tilfelle: aleine. Du les litt, ser ut i lufta og venta på at tida skal gå. Livet står litt stille, du kjem deg liksom ikkje vidare. Du lengta og gleda deg til å komme fram til den plassen du skal til, men tida har stoppa litt opp. Du sett deg ned på ein café, du sett deg i ein ypperlig posisjon til å observere andre. Det er mykje rart, men kva er eigentleg normalt i våre dagar? Nokre spring for harde livet, dei har dårleg tid, flyet er i ferd med å flyge i frå dei! Andre går sakte, dei fleste går i si eiga verd, med eigne tankar, gjerne med musikk på ørene. Andre igjen har hendene full av bagasje, og lengta etter å få sette frå seg alle veskene og taxfree posane. Nokre kan det lyse nervøsitet av, dei har ikkje lyst til å ta fly, dei gruar seg, samtidig som dei veit at det er nødvendig dersom dei skal komme seg dit dei vil. På en gate ligg der fleire på benkar, søvande, sliten og glad for å kunne slappe av litt. Ein flyplass er mykje rart, mange rare og mykje samla på ein plass. Samtidig har alle noko til felles, alle er på reise og alle ventar på å komme seg vidare til den nye plassen eller dei nye opplevelsane, inkludert meg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar