onsdag 26. mars 2014

Eventyret er snart over

Kor skal eg begynne? Eg har så mykje på hjertet, eg har så mykje i tankane og eg har så mange følelsar i sving, at eg ikkje veit heilt kva eg skal skrive. Om 1, EI veke reiser eg her i frå. Eg reiser frå mitt andre heimland, eg reiser frå GODE vennar, familie. Eg reiser frå landet, byen og kulturen eg har blitt så glad i. Kvardagen her får eg aldri tilbake, og det er ikkje anna enn trist. Når eg satt her i det samme landet for 6,månadar sidan hadde eg aldri trudd at eg skulle skrive det eg no skriv om landet. Alt var så vanskeleg: språket, kulturen og at alt va annaleis og så stort. Det var så store kontrastar og forskjellar. 
No har eg godtatt det, meir enn godtatt det, no diggar eg det. No er den avslappa kvardagen, spansken, maten og folka noko som gjer livet mitt rikare. Den siste veka har gått med til avskjedar, men det at eg faktisk snart reiser går ikkje opp for meg, akkurat som at det er litt sprøtt at eg har budd her så lenge. Det er sprøtt alt eg har lært, alle opplevelsane rikere, og utviklinga eg har gått igjennom. Frå å vere ein utlending som ikkje kunne språket, ikkje ane korleis eg skulle komme meg frå plass til plass, vere usikker og irritert på alle folka som stirra osv, har eg no blitt meir sjølvsikker, eg er orientert i denne store byen og veit godt korleis eg skal komme meg frå plass til plass, eg kan meir eller mindre snakke spansk (Idag leda eg og Sunniva Bibelstudie på spansk.), smile over at folk kallar meg gringas osv. Eg har lært så mykje om korleis det er å vere annaleis, korleis ein kan vekse og lære av at alt er annaleis, og du sjølv er annleis i forhold til dei rundt deg. Og ikkje minst at den norske kvardagen og livet der ikkje er den einaste måten å leve på. 
Eg trur det blir rart å komme tilbake til Noreg. Når ein bur i eit anna land sett ein pris på dei gode tinga i sitt eige land, men ein ser også det som ikkje er så bra. Kanskje eg kjem til å sjå dei tinga litt for godt når eg kjem heim. 
 Kanskje eg kjem til å sjå annaleis på såkalla utlendingar sidan eg så godt veit korleis det er å vere det. 
Men det skal bli godt å komme heim, få litt perspektiv på ting. Kanskje eg då skjønnar enda meir? 



I går var eg og Sunniva på besøk med Shannon. Ei dame som gjekk i spansk klassa vår, ho er frå USA og har blitt tanta vår her! Fantastisk dame!

Idag gjekk ikkje alt som planlagt, men det førte til tid til pedikyr. Viktig å forberede det som kan forberedast. Neglane med eit norskt og eit ecuadoriansk-flagg!
Idag var det siste dagen vår på jobb. Desverre fikk ikkje vi sagt hade til dei vi har jobba med, sidan ikkje alle daga blir som planlagt. Gjerne be for situasjonen for dei vi har jobba med.! 

Kjem til å sakne denne arbeidsplassen!

Fine smykker som jentene våra har laga :)


Gjerne ver med å be for siste veka, pakkinga(om å ikkje ha overvekt, haha), sikkerheta, avskjedane, flyturen, at bagasjen kjem fram og at det må blir VELDIG kjekt å komme heim(Noko det blir! :D)

God Bless :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar