Bursdagen min var ein veldig fin dag! Eg stod opp, var seint ute så mens eg styrta frokosten banka det på døra, der stod Sunniva med ein STOR bukett med roser frå hinna vertsfamilie! Koslig. Videre tok eg med meg kaffikoppen i handa og gjekk til jobb, kan tru eg følte meg voksen då? ja.
På jobb blei dei litt irriterte og nesten litt sinte for at vi ikkje hadde fortalt dei dagen før at eg hadde bursdag! Vi prøvde så godt vi kunne med å forklare at det er den europeiske kulturen å ikkje fortelje/fremme deg sjølv eller sånn for å få oppmerksomhet. Det blei ikkje ei heilt godtatt unnskyldning, og forstod nok at den ecuadorianske kulturen er heilt annaleis når det kjem til sånne ting! Her så blir alt som kan feirast, feira. Så når dei ikkje visste at eg hadde bursdag og at dei hadde ei mulighet til å ha ein fest så blei dei nesten litt skuffa. Jaja, lærte noko nytt den dagen også: Ikkje ver beskjeden i den sør-amerikanske kulturen! Det endte opp med at vi for på café ilag med sjefen min, åt kake og drakk kaffi, koslig!
Så hadde eg nokre timar i huset mitt som blei brukt til skyping med alle familiemedlemmane i kjernefamilien, veldig kjekt! Videre blei eg rørt at alle koslige gratulasjonar! På ettermiddagen gjekk eg og Sunniva til Ruth (Kontaktpersonen vår), for der skulle vi på middag, trudde eg. Døra blei opna og eg blei møtt av hærlege Cece-studentar som hadde arrangert bursdag for meg. Kvelden blei fyllt med masse leikar, god mat, kake, eg måtte utføre den ecuadorianske tradisjonen med å stappe haudet ditt i kaka, bursddagssang på tre språk, gåver,blomster og masse fine ord. Etter ein lang bursdag (To døgn, på grunn av tidsforskjellar) var det ein fornøgd 20.åring som la seg. Så velsigna som har så masse GODE folk rundt meg her i Ecuador, i Noreg og igrunnen i resten av verda også!
![]() |
Klarte 20 lys på ett pust! |
![]() |
Så masse fantastiske folk!! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar