tirsdag 4. mars 2014

Tankar


Livet. Det er så rart, ligge her i øverste etasje, sola skin, men eg veit at om nokre timar kjem nok regnet. Eg smilar, spansk lovsang ljomar, og nede er frokosten snart klar. Ein ny dag med nye muligheter er i gang. Ein ny dag i eit land som no har blitt litt mitt. Kulturen, menneska, kvardagen. Eg har budd her i over 5 månadar, og det er under ein måne igjen før eg sitt på flyet tilbake til det landet eg er frå. Tilbake til familie, vennar og livet der. Det skal bli deilig og eg GLEDAR meg, men eg kjem til å sakne livet her, veldig.
I begynnelsen syns eg at mange ting var rart, men i dag er dei tinga den største sjølvfølge. Eg kjem til å sakne Bananar. Bananar var noko av det første som slo meg når eg kom til Ecuador. Det var bananar på kvart gatehjørnet og i kvart måltid. Slik er det enda, ein dag utan banan er ein rar dag. Kulturen her er varm, open og imøtekommende. Ein blir med ein gong inkludert, og det er aldri ei tid som ikkje passar å få besøk eller å reise på besøk. Alle er velkommen. Her blir det som vi kallar brød det samme som å kjøpe bollar på Esso eller Statoil. Her er kylling og banan ete like ofte som vi et brød i Noreg. Her er det mødrene som styrer i huset, og som ei datter blir ein veldig bortskjemt. Her får ein servert alt av mat utan å måtte løfte ein finger. Her har eg blitt avhengig av ketshup! Eg trur at eg må på avvenning den siste måneden her. Grunnen er at det ikkje fins sausar til å ha på maten, så risen kan bli veldig tørr om eg ikkje har på ketshup. I kvardagen min her har det blitt den største sjølvfølge å snakke tre språk om dagen. Spansk for det meste, ein god del engelsk og litt norsk. Eg trur at hjernekapasiteten min har auka ;) Det å alltid ha neglelakk på både fingrar og tær er kultur, og til meir avanserte mønster du har til meir føler du deg ecuadoriansk. Å våkne av bilalarmar eller sirener er ikkje lenger så irriterande. Å høyre hundane i gata bjeffe har rett blitt litt stemning. Trafikken er fortsatt like ille, men det er veldig gøy å kjenne seg igjen, vite kor huset ditt er i forhold til kjøpesentera. Det er gøy å oppdage at du veit kor bussane går og kva buss du skal ta for å komme deg ulike plassar. Det er ikkje lenger så irriterende å aldri vite kva, kor lenge eller med kven om du blir med vertsfamilien ut. Det er fortsatt irriterende å finne fugledrit på dei nyvaska kleda. Det er ikkje lenger vanskeleg å vite kva klede du skal ha på deg i og med at klima skiftar fortare enn at du rekk å ta opp paraplyen. Å kaste papir i bosset vedsiden av do er i dag meir naturleg enn å kaste det i do. For litt sidan var vi på besøk med nokon som hadde do der du kunne putte papiret i do.. Eg syns det var fælt, og følte eg gjorde noko ulovlig kvar gong eg kasta papiret i do. Å kysse vilt fremmede og kjente på kinnet er vane. Det værste er å møte internasjonale som også har budd i denne kulturen, det blir så kleint, fordi vi ikkje veit om vi skal ta kvarandre i hendene, eller kysse på kinnet, ofte blir det halvt om halvt.
Å gå utanfor komfortsona blir ofte praktisert her, og på ein rar måte er ikkje det så ille.
Å aldri vite om du får dusje i kald, lunka eller varmt vatn er faktisk ikkje så ille, men dei gongane det er varmt sett du pris på å dusje.
Du sett pris på at det er mykje folk i gatene og på bussane, for det føles tryggare. Det at folk legg merke til deg, plystrar, tutar osv er oppmerksomhet som av og til kan gjere dagen betre.
Det at det er heilt greit å slappe av, ikkje gjer noko fornuftig, er heller ikkje å klage på.
Men det beste med å bu her og i Noreg er at Gud er den samme. Uansett kor eg er i verda er Han mi største hjelp og styrke. Eg trur eg trengte denne reisa for å utvikle mitt forhold til Jesus. Eg trur eg trengte meir å møte utfordringar og leve i eit heilt anna miljø, der alt var ukjent, sett bort frå Bibelen. Eg trur det har gjort mykje med meg, eg håpar det har gjort mykje med meg. Eg håpar at resten av tida i Ecuador blir fantastisk, fordi at eg kan lære meir om trua mi, bli enda meir bevisst og ha Jesus på 1.plass. Og bønna mi er at eg kan klare å vekse like mykje som eg har gjort her når eg kjem heim også.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar