lørdag 11. januar 2014

nedtrakka converse


Eg går ut av den varme senga mi, tar på meg kleda mine, ofte prøver eg ulike plagg før eg blir fornøgd med dagens outfit. Eg tuslar ned på kjøkkenet, der står frukosten klar, eg et og tar på meg skoa mine. Eg er klar for dagen. Videre går eg ut på gata, den er trafikert og mykje folk hastar av gårde til jobb og skule. Eg smilar, i dag blir det ein bra dag tenker eg. På enden av gata sitt du der, smilet mitt visnar kvar gong eg ser deg. Du sit der på ein murstein, du har på deg ein lyse rosa skitten joggedress, på beina har du forsmåe converse sko, gråe, hullete og berre tærne dine får plass i skoen. Håret ditt er skittent og står til alle kantar. Hendene og ansiktet ditt er skittent, fullt i eksos. Tennene dine har rotna litt, dei er litt svarte. Og du luktar, du luktar urin, svette og skittent. Omtrent kvar dag sit du der, uten mat, drikke eller kjærlighet. Eg får vondt inni meg. Kva kan eg gjere for å hjelpe? Du har jo ingenting! Eg har så lyst til å snakke med deg, men heilt ærleg er eg litt redd. Du ser ikkje skummel ut, men eg kan ikkje noko for at eg får frysninga og går fort forbi. Eg prøvar å smile litt til deg, men du ser ned i bakken. Alle andre i gata går også berre forbi. På kvelden på veg heim ser eg at du ligg å søv utanfor ei kyrkje, du har i allefall ei slags dyne som held deg varm. Eg får lyst til å gå bort, klappe deg på kinnet, synge ein nattasang til deg sjølv om du sikkert er over 30.år. Ein dag får eg mot i meg, eg har bestemt meg for å gi deg litt pengar sidan det snart er jul. Du sitt der, eg stoppar framfor deg, du ser beskjedent opp, eg rettar fram handa mi med pengane, finn handa di og legg pengane der. Du ser på meg og pressar fram: Gracias og eit lite smil. Eg går vidare, du ropar til nokon du kjenner om at du har fått pengar. Eg smilar, men berre halvveis. Eg gjorde så lite, men for deg betydde det tydelegvis mykje. Eg har så lyst til å gi deg pengar kvar einaste dag, men eg trur ikkje det er så lurt for du kjem deg ingen veg med dei få dollarane. Eg trur det beste eg kan gjere for deg er å be for deg, sjå deg, smile til deg og prøve å gi deg omsorg der eg passerer deg på veg til min kvardag. Eg håper du veit at eg bryr meg. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar