fredag 10. januar 2014

Påfyll

Takknemmeleg!! I natt kom eg heim frå Peru. Eg har hatt ei fantastisk veke i lag med 13 andre norske, alle jenter/kvinner. Vi har budd på eit hostell, omtrent for oss sjølv, hatt basseng, soling, undervisning, sosialdag osv. Eg har opplevd mykje, mykje bra! Det var veldig hærleg å treffe igjen dei andre norske, snakke i lag om opplevelsar og korleis livet er no når vi alle bur i andre land og andre kulturar. Morosame historier blei utveksla, men også mykje inspirerande historier.
Eine dagen hadde vi sosialdag, då reiste vi inn til Lima og hadde ein dag med dansing. Eg trur instruktørane hadde ei opplevelsesrik og morosam stund når 14 norske skulle danse afrikansk dans (Som inneholdt MYKJE shaking av kroppsdela som vi norske ikkje er så veldig vandt med å riste), eller når vi skulle danse salsa. Men vi gjorde vårt beste, og det blei iallefall bra underhaldning og nokre latterfylte timar. Dagen blei avslutta med at vi lærte å spele på nokre trommer, ei spelte på ein esel-kjeve og ei anna på ei boks, så det blei eit heidundrandes show til slutt! Ellers koste vi oss med god mat og sosialt. Siste dagen for vi for å besøke eine prosjektet som to av dei norske jentene som er i Peru jobbar på. Heile dagen var fantastisk. Prosjektet er veldig bra! Sjølv med få resurssar og eit skur som hovudhus var prosjektet verkeleg stort. Ideen er å holde ungar og unge borte frå blandt anna gjengkriminalitet i eit område som består av mykje fattigdom og vold. Dei som kjem dit lærer blandt anna å gå på styltrer, sjonglere, vente på tur, litt engelsk osv. Vi hadde ein fantastisk dag, der vi blei mektig imponert over ferdighetene til utøverane, leike med ungane og ellers berre sjå at det nyttar!
I løpet av infield har vi jobba mykje med å vere positive. Vi har også reflektert over kva vi har opplevd og lært dei tre første månedane, og kva vi vil gjere ein betre innsats på, lære meir om, fokusere meir på osv dei neste tre og siste månane! Eg er verkeleg inspirert og gira på å gjere det beste ut av dei igjenverande månane. Infield var verkeleg nyttig og bra, og eg trur alle jentene verkeleg kosa seg, det gjorde i allefall eg!
Her budde vi. Ein fredeleg og stille plass! 

Fantastisk å treffe tjommien igjen :) 
Ingvild og Rita klare for å spele trommer
Instruktøren vår
Vi blei litt gode på desse trommene

Glade og fornøgde ette ein bra og humoristisk dag!

Koslig å ete ute ilag. Ein veit kanskje at alle vi har budd i ulike land og kulturar ei stund når vi velg å ete pizza to kveldar i staden for å prøve ut nye matrettar, hehe ;) 

Imponerande prosjekt!





Eg såg havet for første gong(På avstand, men uansett) på 3 månar! Det var ein rar følelse, men det gjorde godt. 

Fin 70-talls-stil 

I Peru følte eg at ein kunne sjå fattigdommen meir tydeleg enn i Ecuador. Det gjer noko med ein når ein set i ein bil, kjøyrer og ser alle slags mulige hus og folk langs vegen. Mange ser du at har veldig, minimalt lite å rutte med. Ein får litt dårleg samvittighet. Men det var fantastisk å besøke prosjektet, for prosjektet betyr håp og forandring for mange, og ein får verkeleg inntrykk av at det faktisk hjelp å hjelpe andre. Ofte kan det verke håplaust, eller veldig lite det ein gjer for andre, men eg har verkeleg fått augene opp for at det ofte er dei små tinga som faktisk kan bety ein forskjell for andre. Det nyttar folkens, husk det.

Her i Ecuador regnar det, og det er veldig kaldt i forhold til Peru. Vi har besøk av Siri, eine læraren på Hald, må seie at det er litt kjekt at vi skal vise ho rundt, vise ho "vår" by, det er litt rart og deilig at denne byen faktisk er kjent, og alt er ikkje nytt lenger. Til veka begynne nok kvardagen igjen, då skal vi starte på nye og spennande prosjekt, samt gjer noko av det vi gjorde før jul, eg gledar meg!

Ha ei velsigna helg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar