søndag 19. januar 2014

Bestemoremne

Helga mi har som alle andre helge vore; uforutsigbar! Eg veit aldri kva som skjer om eg ikkje har spesifikke planar om kva som skal skje. Fredag hadde eg fri/studiedag, eller det vil seie, eg har fått ein haug med jobb! Nemmleg strikking, vi må nemmleg lære diverse fram til onsdag, så det er berre å henge i. Kvar gong vi møte "læraren" vår får vi eit nytt garn og eit nytt prosjekt, så no held eg på med heile 5 prosjekt samtidig! Blir bestemoremne ut av det her, haha. Laurdag var det opp tidlig for å smekke i hop 100 smørbrød i lag med nokre Cece-studentar. Så for vi til ein park for å selge dei(skikkeleg ecuadorianskt), all inntekt går til ein camp vi skal ha i begynnelsen av februar. Det er ikkje alle studentane som har råd til å fare, så no jobbar gruppene for å tjene pengar for i allefall å dekke transporten. (Om du vil sponse ein student eller to er det berre å ta kontakt! Det hadde hjulpet på mykje, og gleda dei som vil på leir, men ikkje har råd. Det kostar 330 NOK for å sponse ein student med leiren). Etter mange timar trakking var det godt å komme heim. Kom heim til fullt hus, alt pynta og klart til Babydusj(shower). Eg og Sunniva var heller innstilt på å lage norsk taco, så vi gjømte oss på kjøkkenet mens det var fullt leven i stua. Vi hadde nemmleg taco-pulver frå Noreg, og eg skal seie deg det at det smakte Veeeldig godt! Kvelden blei også brukt til strikking og filmsjåing. Vi la oss rondt 12 sidan vi var sliten av dagen. Eg var veldig klar for å søve, men det var lettare sagt enn gjort sidan det var full fest nede i stua, og eg  har ikkje ei dør eg kan late att. Eg låg våken frå tolv til halv fem! Før eg fekk søve. Synging, dansing, limbo, klapping, fliring og hoiing var litt av lydane som holdt meg våken. Eg må igrunnen berre flire, for det er ikkje første natta det har vore sånn. Eg kan vell legge det under kategorien kultur. I dag har eg tatt igjen litt søvn og strikka. Eg ser fram til ei ny og spennande veke!


Fantastisk!

Viktig å vere litt kjendis i Norge også!

Godt i gang! Eg har i allefall trua på at det KAN bli bra!

Husk å  ta kontakt om du vil sponse nokon ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar