onsdag 15. januar 2014

Hva vil du lære meg?

Gud har en hensikt bak hvert problem. Den setninga var det som møtte meg i ei bok eg las i i går når eg nok ein gong måtte fare heim fordi eg var sjuk. No har eg vore sjuk heilt sidan siste dagen i Peru, og eg begynne å bli rimelig lei av å vere sjuk. Mest fordi at eg ikkje får gjort eller vore med på alt eg vil gjere og vere med på. Eg har heldigvis klart å fungere litt, så har fått med meg cirka halvparten av det eg skulla gjort denne veka. Og det er eg glad for. Denne veka begynte vi nemlig på ein ny jobb, ein ny, spennande og interessang jobb. Vi skal jobbe med jenter i alderen 12-17 år som har vore innblanda i sex-handel!! Nokre hærlege og fantastiske jenter som lære seg andre måtar å skaffe seg pengar på. Eg og Sunniva skal få vere ein del av det her, vi skal blandt anna lære dei å strikke hue(!) Først må vi lære det sjølve, men. (Det er no eg angra på at eg ikkje strikka enda meir i min tidlegare oppvekst, haha!) Ellers skal vi også muligens lære dei å bake, så det blir spennande! (Meir om jobben seinare).
Etter å ha lest kapittelet med tittel: Forvandlet gjennom prøvelser, blei det plutsleg ikkje sjå kjipt å vere sjuk lenger. Så klart hadde det vore best å vere frisk, men når eg først er sjuk så kan eg iallefall fokusere på det som noko positivt. Det høres kanskje rart ut, men overraskande nok funkar det veldig godt.
"Gud bruker prøvelser for å dra deg nærmere til seg" "Når livet er rosenrødt, klarer vi oss med å vite om Jesus, med å imitere Ham, sitere Ham og tale om Ham. Men det er først i lidelsen vi lærer Jesus å kjenne" Eg går ikkje akkurat igjennom ein stor lidelse, men eg har merka at bønnene til Gud har blitt meir: Kvifor meg? Kvifor kan ikkje eg få bli frisk no? Osv. Men etter å ha lest det kapittelet har eg forstått at det ikkje nyttar å tenke slik, sjølv kor fristande det er. Eg har innsett meir og meir at eg har så mykje å takke for i staden for å syte over. Eg må ha meir fokus på gode tankar!!
"Hendelsene i livet ditt virker sammen i Guds plan. De er ikke isolerte handlinger, men sammenknyttede deler i prosessen som gjør deg lik Kristus. Når du skal bake en kake, må du ha mel, bakepulver, egg, sukker og smør. Hver for seg smaker ikke ingrediensene særlig godt, men bland dem sammen og bak en kake, så blir den deilig. Hvis du gir Gud alle dine vonde opplevelser, blander Han dem sammen til noe godt." Kor fantastisk er ikkje det å tenke på?? Eg merkar at når eg er sjuk, så har eg god tid til å gjere ulike ting, blandt anna å lese i Bibelen og høyre på lovsang, Så klart burde eg utnytta den tida enda meir, men det kjem seg! Eg har tid til å reflektere over livet (muligens for god tid), og eg har tid til å fikse praktiske ting som eg burde gjort for lenge sidan. På infield snakka vi om ting som fylle og tømme tanken min, og nokre av dei tinga eg skreiv opp som fylle opp tanken min får eg gjort mens eg er sjuk: aleinetid, lovsang og bønn. Eg trur eg har lært mykje om meg sjølv og korleis eg taklar ting, særleg sidan eg har vore mykje sjuk i Ecuador. Eg trur faktisk eg har vokse på å vere sjuk, rart, men sant. Ein lærer iallefall å sette pris på å vere frisk! No sattsar eg på å snart bli heilt frisk, men eg stolar på at Gud har ein plan! "Hvis du har problemer nå, skal du ikke spørre:"Hvorfor meg?" Spør i stedet: "Hva vil du lære meg?" Så skal du stole på Gud og fortsette å gjøre det som er rett.

Livet e en vei å gå


Ha fortsatt ei velsigna veke!
"For jeg vet hvilke tanker jeg tenker om dere, sier Herren, tanker om fred og ikke om noe ondt. Jeg vil gi dere framtid og håp."
Jeremia 25,11

(Boka er: Målrettet liv--Hvorfor i all verden er jeg her?  av Rick Warren)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar