Søndagskvelden bar det rett på ei slags Gudstjeneste i lag med berre internasjonale! Det krydde av amerikanerar, ei frå England og til og med ei frå Sverige! Mange av dei amerikanske påstod at dei var norske, men ingen kunne snakke norsk da, men uansett veldig koslig! Mandag var det å stå opp tidlig, for å fare på jobb. Frå mandag til onsdag jobba vi på ein skule for dei aller fattigaste i det området. Dei har berre råd til å kjøpe eit eksemplar av alle bøkene som dei treng, sidan dei ikkje får noko støtte frå regjeringa. Så vår jobb var å kopiere alle bøkene til alle elevane, det var litt av eit arbeid når det er 300 elevar og alle skal ha minst 6 bøker! På ein dag laga vi 400 bøker!! Jobben var kjekk, litt slitsom, men absolutt verdt det. Vi jobba i lag med eit team frå USA, så var kjekt å vere litt i lag med jamnaldrede. Det teamet jobba også med eit anna hus, ein barneheim. Vi fikk besøke barneheimen og det gjorde inntrykk. Huset og alle som jobba der var fantastiske, og ungane, ahh!! Skal ikkje sjå vekk i frå at eg reise tilbake dit for å jobbe der, sidan mange av ungane hadde spesielle behov, altså det eg har lyst å utdanne meg innan. Men historiene bak korleis ungane hadde havna der var veldig forskjellege, men utruleg triste...
Torsdagen var vi på guida tur i jungelen, den bestod av mykje gøy! Det starta med at vi besøkte eit samfunn, fikk på oss tradisjonelle klede, ansiktsmåling osv. Videre gjekk vi opp til eit utsiktspunkt og såg langt utover Amazonas jungelen, vakkert. Vi fikk til og med ta ei slags slenge, gøy. Vi bada i eit fossefall, åt fisk innpakka i blad, satt i ein kano oppå eit biltak mens vi køyrte for å komme til elva, deretter var det kano ned elva, osv. Ein opplevelsesrik dag!
No er eg tilbake i Quito, og er klar for siste innspurt. Denne helga er det karneval, men det har regna så mykje at det har vore lite vits i at folk spyler ned kvarandre med vatn.
![]() |
Kan eg gå med det her i bryllupet ditt, Anne-Marte? |
![]() |
SJÅ! Eg tok eit steg i å overvinne frykta mi mot fuglar, litt stolt! |
![]() |
Guiden la ut om naturale medisinar, så vi smørte oss inn med noko som skulle vere veeldig bra for huda. (Foresten veldig fin stil) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar