søndag 6. oktober 2013

Banana i lange bana


Eg hadde akkurat sagt hadet til mamma, tårene rann, eg gjekk igjennom sikkerhetskontrollen, satte meg ned, drakk litt ananasbrus, tankane strømma på…Det begynte å gå opp for meg.. Kva var det eg hadde gjort? Kvifor hadde eg no sagt hade til alle mine kjente, alle mine nære. Kva kunne eg forvente? Korleis ville dette gå? Eg skulle sette meg på eit fly, eit fly som ville ta meg langt vekk, langt vekk frå sjøen, den gode hav-lufta, den gode norske maten, alt det kjente. Eg satt der, tårene rann og rann, angra eg? Kva kunne eg forvente? Kom eg til å klare det, takle alt det nye? Eg følte meg ikkje bra, absolutt ikkje. Eg var stressa, bekymra og redd. Livet mitt var jo så bra, kvifor skulle eg då utfordre meg sjølv med å reise på andre sida av jorda for å finne ut kva? Eg møtte Sunniva i Amsterdam, vi satte oss på flyet som skulle ta oss til Quito. På det flyet gjekk ting litt bedre, tankane var litt lettare og eg fikk litt meir mot, i allefall i starten av flyturen. På slutten av flyturen såg eg plutseleg på kartet kor langt vi hadde fløge, og panikken vokste igjen, og tårene kom nok ein gong strømmande. Eg såg på meg sjølv, og plutseleg gjekk det opp for meg at det ikkje nytta å angre, det nytta ikkje å tenke seg redd før eg ein gong hadde landa. Vi landa og blei godt tatt i mot av generalsekreteren i cece i Ecuador. Vi satte oss i bilen og hadde ein interessang biltur, som mesteparten foregjekk på spansk, overraskande, men det gjekk ok bra.. Sleit mest med å snakke, men forstod faktisk ein god del av det som blei sagt. Vi blei køyrt heim til han, der fikk vi treffe kontaktpersonen vår(som er kona til generalsekreteren) og barna deira. To nydelige jenter!! Vi leika og prata med dei før vi fikk nydelig taco! Når vi skulle ta oppvasken(som består av kaldt vatn og såpe, ikkje mykje hygene her..)  så blei eg ståande å prate med ei dame som verkeleg gav inspirasjon (Mora til Ruth, kontaktpersonen vår) ho hadde vore misjonær i 60 år!! Og hadde mykje spennande å fortelle om korleis Gud hadde leda ho til dei ulike landa ho hadde vore misjonær i osv. Trur eg kjem til å lære mykje av ho igjennom perioda i Ecuador! Etter nokre tima der blei vi køyrt til cece sitt hus, som ligg sentralt i Quito. Når vi kom fram dit åt vi kake og feira Anita sin bursdag. (Anita er ei jente på 24 år som gjekk på Hald og var i Norge i fjor), foreldra hinna var også her, så vi hadde ein koslig kveld som foregjekk på spansk. Eg og Sunniva var ganske utslitte, så vi fant senga rundt 9 på kvelden her, nåkke som tilsei 4 på natta i norsk tid. Så ikkje så rart vi var trøtte etter å nesten ha døgna! Det rare var at vi begge to var ganske kalde og fraus når vi skulle legge oss. Ikkje hadde eg trudd at eg kom til å få bruk for ull i Ecuador, men jammen og deg fikk eg bruk for det allereie første natta! Dagen etter for vi tre jentene avstad på nye eventyr, denne gongen til midten av jorda (Ekvator)! Der var det museum, butikkar og ei stor bygning med ei linje som viste skilje mellom nord og sør for ekvator. Litt kult å seie at eg har vore på midten av jorda.Vi åt vanlig Ecuadoriansk lunsj der, noko som vil seie: kylling, ris, avocado, salat, ferskpressa søt juice og frityrstekt banan! Ja, du hørte rett. Banan er nok noko av det eg kjem til å ete mest av dei neste månane, i skrivande stund sitt eg faktisk å et banan potetgull, ganske godt faktisk. Dagane etter det har gått med til blandt anna eit cece-møte, der fikk vi treffe nokre av dei studentane vi skal jobbe med, men også ein god gjeng frå Tyskland som jobbar her i Quito, litt rart å vere 50-50 europearar og ecuadorianarar på eit møte i Ecuador, men veldig gøy! 
Idag blei eg og Sunniva plukka opp av ein cece-student, han tok oss med til kyrkja hans, ei lita luthersk kyrkje, ikkje så mange folk der, men bra lovsang og sikkert ei bra andakt av ein misjonær frå Afrika (alt foregjekk på spansk). Etter Gudstjenesta fikk vi oppleve skikkeleg Ecuadoriansk kultur: Vi blei tatt med og invitert med heim til cece-studenten. (Vi fikk egentlig ikkje noko valg, vi berre satte oss i bilen og plutseleg var vi heime med han og familien). Dei stressa rundt og lagde til middag, litt kleint sidan ingen i familien kunne noko særleg engelsk foregjekk besøket mest i stillheit, men det var koslig da! 
Etter det besøket bar det videre for å treffe vertsfamilien min! Så her er eg no, eg bur i eit kjempefint hus og har mi eiga etasje med eget bad. Familien består av ei enslig mor, ei datter på 16 og ein sønn på 20, og også ein hund, eg trives godt her så langt, litt vanskeleg når det gjeld språk, men ellers alt bra!

Så for å oppsumere så er første inntrykka mine av Ecuador: masse folk, alle bussar og metroar er fulle uansett når på døgne eller kor du skal ta den, masse støv i lufta pga masse trafikk, og trafikken er  totalt annleis frå norsk. Her går det masse i tuting og full fart, minner meg mykje om trafikken i Indonesia. Her er meir vanlig å uttrykke religionen sin i form av å sette meir fokus på den. Sånn som før eit måltid så er det alltid nokon som ber for maten, det synes eg er veldig positivt, for det får ein til å huske på å ta med Gud i kvardagen. Her et folk mykje bananar i mange ulike variantar, nemnte eg at dei har banan i suppe? Idag smakte eg nemmleg ein ny kombinasjon; reke-suppe med banan, popcorn og ris til middag! Juice er også eit must, ein lunsj uten juice er ikkje ein skikkeleg lunsj. Det mest rare,uvandte og ekkle er det at vi må putte det brukte dopapiret i bossbøtta ved siden av do, æsj! Men eg blir nok vandt til det også. Ecuadorianerar er utruleg immøtekommende, eg har ikkje anntall på kor mange klemmar og kyss på kinnet eg har fått, fordi når du kjem inn i eit nytt rom så helsar du på alle, ukjente og kjente på den måten, og når du skal gå så seier du også hade på samme måten. Men eg likar det :)




Banana i lange bana+masse anna snadder! 
Det her blei mykje tekst, men sånn er det når det er masse nye inntrykk! 
God bless!! 

2 kommentarer:

  1. Hei Maria! Så kjekt å lese om alt du oppleve! Jammen får du oppleve masse spennande d neste halve året! Ej syns du e rå tøff :-) Høres ut som du blir tatt godt vare på! Vi tenke på dej å ber for dej kvar dag! Stå på. Gla i dej! Stor klem fra oss alle sammen. (Tante M og onkel Ø å gjengen ;-) )

    SvarSlett
  2. Gode tante!! Tusen takk, de betyr mykje at folk ber! :)
    Gla i dåkke me!! :)

    SvarSlett