torsdag 7. november 2013

Dårleg tid, men

Daga med for lite tid. Dei aller fleste dagane her nede flyg av gårde og kvar kveld når eg legg meg så tenke eg på alt eg planlagte å gjer som eg ikkje fikk gjort.. Timane strakk ikkje til. Enkelte dagar har eg tida, men eg klarer ikkje å gjer noko som helst.. Alle oppgåvene eg må begynne på, spansk leksa som må bli gjort, kle som burde vore vaska, men eg klarer ikkje.. Eg orkar ikkje, eg utsett alt, i morga er det ein ny dag. Eg legg meg i senga mi, sett på lovsang, eg kunna gjort alt anna enn det eg MÅ gjer.
Kvar dag på skulen sitt eg der i spansk timane, tre timar spansk kvar dag... I kvar einaste time sitt eg der, redd for at læraren skal spørje meg om noko, for mest truleg veit eg ikkje svaret. Det er travelt, og det er flaut når eg svarar feil, men eg byrjar å bli vandt med det. Timane er lange og leksene er ofte vanskelege.. Eg vil lære, men eg har ingen motivasjon. Eg klarer ikkje å sjå framgang, i allefall ikkje den framgangen eg vil sjå, men eg veit at det er EG som må gjere noko med det. Det er min feil at eg ikkje lærer så mykje eg kan lære, for mulighetene for å lære er der så absolutt. Det er vanskeleg.. Idag kunne læraren vår fortelje oss at i morga skal vi ha ei prøve og på tirsdag skriftleg EKSAMEN og onsdag muntleg EKSAMEN. Eg satt der, tårene pressa på. Eksamen og spansk er to ord som eg fryktar, det er to ord eg har dårlege minner frå, det er to ord som får følelsane mine til å komme, tårene til å renne, eg vill ikkje.. Men eg må. Det var på denne tida i fjor at eg også følte meg håplaus og lite flink. Eg trudde alt skulle verte lettare her, men eg tok nok feil.
Det er på sånne dagar eg kunne tenke meg å vere ein annan plass.. Eg trives veldig godt her, men det er på sånne dagar savnet etter alle og alt det kjente blir ekstra sterke. Det er også på sånne dagar at det verkar utholdeleg lenge til april.
Eg ser meg sjølv i spegelet, augene er svarte etter den rennande maskaraen, det var godt å få ut litt følelsar. Eg ber Gud om styrke og motivasjon, eg må vell berre ta tak i meg sjølv, setje meg ned å byrje på i allefall nokre av oppgåvene eg må gjere i dag, resten får eg ta i morga.

Eg skulla gjerne ha køyrt bil, og enda meir skulla eg leika gjøyme og leite med bil i lag med ein fantastisk venne-gjeng. 

Eg skulla gjort såå mykje for å ha sett og hørt havet i dag.. 

Eg lengtar etter den friske lufta, eg trur ikkje all eksosen her nede er fullt så bra som den gode havlufta.

Eg skulla gjerne ha fått krabbe, fisk eller sjømat i dag.

Eg skulla gjerne ha fått ein klem av den gode, fantastiske familien min!

Eg skulla gjerne reist tilbake til Vestborg med denne fantastiske gjengen og andre, gjort alt det sprøe vi fant på og verkeleg berre levd livet der om igjen.

Eg skulla gjerne ha klemt og kost med alle dei hærlege søskenbarna mine!

MEN eg er fantastisk glad for livet her i Ecuador! Eg har det fantastisk bra! Og er utruleg takknemmlig for å ha muligheita til å få oppleve alt det eg får oppleve her. 

Eg får så mykje ut av å jobbe med andre som ikkje har det så godt som meg. Eg er så takknemmleg for alle klemmar, for alle nye ting eg lærer om meg sjølv, Gud og andre menneske. 

Eg er takknemmleg for å ha gode menneske rundt meg i kvardagen her nede også!
Eg er så velsigna som kjenne så mange fantastiske menneske både her og der! 

Eg er takknemmleg for å ha komt i ein god vertsfamilie, der eg har fått ei ekstra-søster som blandt anna er flink til å hjelpe meg med spansk leksa mi. 
Eg er takknemmleg, glad og velsigna, men eg er også glad for at eg har lov til å syns at ikkje alle dagar er like enkle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar