tirsdag 5. november 2013

Fiesta de Cuenca

Eg blir stadig overraska over at eg blir overraska over kor varm kulturen her i Ecuador er!
På fredagskveld satt eg og Sunniva oss på bussen klare for 8 timar (trudde vi), det tok 10 timar med buss! Vi ante ingenting om kven som skulle ta i mot oss eller kva vi skulle gjer når vi kom fram. Bussen overraska med gode og komfortable seter, og vi såg lyst på reisa. Reisa starta, vi stappa i oss litt kjeks og banan før vi la oss godt til rette for å få skjønnhetssøvn. Eg søv ikkje så alt for mange timar den natta og var ganske sliten og trøtt då vi klokka 7 om morgonen blei henta av to Ecuadorianskeguttar veivande med norske flagg (Stakkars dei som stod opp klokka 6 ein laurdagsmorgon!). Videre blei vi køyrt opp til ho vi skulle bo med, der fikk vi servert frokost og ellers gjekk praten på spansk. Ho som vi skulle bo med hadde eksamen om to dagar, men likevell tok ho i mot oss! Utruleg!! Dagen gjekk vidare med guidane våra, dei tok oss med heim til han eine. Der fikk vi helst på søstra hans som snakka flytende norsk!! Huset var også fylt med alt frå Bjørn Eidsvåg cd-ar til bilete av Tante Sofie og røverane i Kardemommeby, morosamt. Vi for ned til Cuenca sentrum, der fikk vi besøke ein katedral, sjå utover heile byen og ellers berre vandre i gatene i varmen. Dette var ein mindre by enn Quito, så det var deilig å komme seg litt vekk frå storby-livet. Vi åt god lunsj, fikk sett både det eine og andre som vi kunne smake på om vi ville.. Vi takka fint nei til både gris og marsvin. Det morsomme var at når vi møtte desse guttane snakka vi spansk,  men utover dagen forstod vi at dei kunne norsk! Begge to har budd og vore i Noreg mange gongar, så guidinga foregjekk på norsk.
Midt ut på dagen møtte vi fire andre, hærlege norske jenter som er utsendingar for Gå Ut Senteret. Den kvelden kosa vi oss i lag med prat, latter og Pizza hut! Det var så fantastisk hærleg å snakke norsk, dele erfaringar på norsk, flire av den same humoren, sleppe å tenke over korleis eit ord blir bøygd, eller om uttalelsen er rett, men kanskje det beste av alt var at eg kunne vere meg sjøl for to dagar. Det var godt.
Søndagen for vi ein liten tur på tivoli før vi blei med familien til eine cece-studenten ut for å ete lunsj (grunnen til at vi besøkte Cuenca var for å treffe cece-studentar i den byen også). Etter det for vi opp til han eine Ecuadorianske igjen sidan mora hadde invitert oss på Colada de Morada og nåkke mais frityrstekt greier, det smakte forresten nesten som potetball (Komle,raspeball,kompe,ball osv), så det var godt. Mens vi venta på mat blei det mange runder med Ligretto, eg som ikkje er så glad i spel syns det var fantastisk hærleg å spele,veit ikkje heilt kvifor, men kanskje fordi eg vant overlegent? Noko som er veldig populært i Ecuador er karaoke, eg som den nordmannen eg er, er ikkje så alt for begeistra for det og har vore glad at eg har klart å unngå det til no. Men på søndag måtte eg til pers, men det var overraskande gøy, ganske pinleg første sangen, men det kom seg etterkvart. Deretter blei vi køyrt til bussen, klare for ei lang natt tilbake til Quito. Ei lang natt blei det også, sidan det var fest i Cuenca den helga vi var der (dei feira grunnleggelsen av byen) var det mykje folk der denne helga, så bussane var fulle, og vi hadde fått biletta på ein buss som var søtte opp som ekstra buss. Den var gammal og etter ein times køyring kunne eg høyre at sjåføren hadde problem med å gire. Det var berre nokre gir som virka og bussen køyrte sakte, veldig sakte opp bakkane. Eg satt der, bad og bad heile natta om at bussen måtte bli fiksa og at vi kunne komme oss trygt fram utan å måtte bytte buss eller noko. Gud er god, og vi kom oss trygt fram etter maaange, lange timar i buss. Vi tok taxi heim, dusja og for rett på skulen. Var ikkje mykje eg fekk med meg dei timane, men. Eg er takknemmleg for ei veldig bra helg, takka vere alle som tok seg av oss, brukte tida si på oss, sjølv om dei kanskje kunna tenkt seg å gjort andre ting.

Hærlege vennar som et mais, som smakte som potetball og Colada de Morada, veldig typisk mat!

Cuenca

Eine guiden vår

Blei du frista no?

Gruar meg til den dagen eg må smake på det her... Om den dagen kjem da.. Det er jo tross alt nasjonalretter her i Ecuador..

Neimen, hei der! Enda ei delikatesse som vi takka nei til...

Norskeflagget på plass i Ecuador, samt fire nye norske venninder. 

Ja, eg sitt opp ned i den karusellen der!

Før kyllingen kom på bordet fikk vi servert forrett.. Suppa var god heilt til eg kom litt ned i suppa og såg det her.. Skal det vere litt fingrar å bein? 

Fantastisk gøy å spele!

Banan i ny form: kake! Minnte meg om farmor si gode banankake,, så klart ikkje like god,men!

Karaoke på høgt nivå


Eit lite glimt av våre uttalege timar på buss.
No er eg godt i gang med ei ny veke, forkjøla og litt underernært på søvn ser eg fram til å kunne slappe av, men det blir nok ikkje før på torsdag sidan dagane er fylt opp med skule, lekse, selskap, jobb, cece osv. Travelt, men veldig kjekt!

Adios!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar