lørdag 23. november 2013

Helg=vekkerklokka på 06:00

Dagane går i eitt, kvar gong eg kan ta ein liten pust i bakken nyt eg det. Denne veka har gått utrulig fort og i morga er det søndag igjen, utruleg. Denne veka har gått som normalt med skule, cece-møte, jobb på Casa de Victoria og ellers diverse. På fredagen skulle eg på eit universitet for å intervjue nokre doktorar for oppgåva mi som eg driv å skriv til Hald. Men det blei ein liten bom-tur, sidan ingen av doktorane ville snakke med meg, i frykt for å miste jobbane sine! Eg måtte visst ha ei henvisning frå lederen på heile sjukehuset om eg kunne få stille doktoren to spørsmål. Jaja. Temaet eg skriv om er: Kvifor jenter i Ecuador blir gravide i tidleg alder. Temaet er veldig interessant å skrive om, det er spennende å intervjue folk om temaet, men det skal også bli godt å bli ferdig! Etter bomturen blei eg og Sunniva med ei dame i spansk-klassa heim. Ho er frå USA og hadde invitert oss for å prøve å få julestemning. Vi kom til ei nydelig fin leilighet, ho har tre nydelege ungar, alt låg til rette for ein bra kveld, og det blei det!! Vi satte i gang med å pynte cookies. Vi pynta med frosting å MASSE godteri, det beste var selfølgelig å ete litt(masse) underveis..Føltes litt ut som vi pynta pepperkake!! I tilegg fikk vi kakao med krem og mashmallows. Julemusikken ljoma og vi kom rett i den rette stemninga. Etter mykje pynting gjekk vi over til å lage appelsinjulekalender med sånne spikarar som luktar veldig godt! Når det også var unnagjort benka vi oss framfor tv-en for å sjå ein film, ete popcorn og berre ta livet heilt med ro. Når vi var ferdig med det var det pizza og brus! #Helsepåjord! Eg hadde ein heilt fantastisk kveld, var så deilig å slappe av, koble av, bli enda betre kjent med fantastiske Shannon og den nydelege familien! Håpe det ikkje blir siste gongen. Å for ikkje å gløyme: Eg fekk litt julestemning!!! <3 Så utruleg takknemmleg for hærlege personar rundt meg. Eg blir rett litt mållaus over gjestfriheta og godheita til enkelte.
Idag var det opp klokka 6, alltid gøy på ein laurdag.. Nokon av Cece-studentane hadde invitert oss med på å vere med dei og ungdommane i kyrkja deira. Vi møtte opp med kyrkja 07:30, sånn vi hadde fått beskjed om. Men i Ecuadorian time vil det seie at vi faktisk ikkje reise før i allefall ein time seinare. Sånn blei det i dag også. Vi for til ein park kalla: Jerusalem! Der kosa vi oss med leikar, fotball (Hærlig å spele igjen, blei desverre avslutta med hyperventilering, men sånn er det.) Vi åt mat, nokre bada i eit basseng og vi hadde Bibelstudie, alt i alt ein veldig kjekk dag.. Julestemninga blei fort bytta ut med sommerfølelsen da, men, jaja..
I morga blir det nok ein gong opp klokka 6 igjen for å fare i kyrkja, må seie eg gledar meg til mandag, då får eg endeleg søve litt lenger (06:45) haha!
Alt klart for pynting

Sunniva prøvesmakar

Mmmmm!

The Grinch!

Kakao <3

Har aldri vore så flink på design og sånn

Gledar meg til å ta ut ein spiker for kvar dag fram til jul!
Rommet mitt luktar forresten nydelig på grunn av dinna

Ungdommane klare for leikar

Sidan pappa alltid spør meg om korleis det går i Afrika, kan eg i dag meddele at eg fikk litt Afrikafølelse når vi spilte fotball, sjøl om eg aldri har vore i Afrika da, men..

På menyen i dag var det ikkje overraskande: Kylling, ris og chips. Standard!
Noko eg har funne ut at eg savna er saus.. Dei brukar ikkje saus her, berre ketchup og majones..

Ein idyllisk plass

Bassenget 

Sunniva og Ruth (Eine cece-studenten)

Heile gjengen samla

I heile dag følte eg at vi var på ein klassetur eller korpstur eller sånn. Følelsen blei berre enda meir forsterka når vi kjørte i ein skulebuss, haha! Mange gode minne med sånne turar, så i heile dag har eg gått å tenkt tilbake på klasseturen til Polen, korpstur til Dannmark og England osv! Apropo korps, her ein dag satt vi på klasserommet også var det eit korps som øvde til Quito dagane, og då fikk eg VIRKELIG lyst til å begynne å spele saksofon igjen! 
I morga skal eg muligens lage norsk middag her i huset, trur eg har landa på kjøttkaker. Ikkje så veldig ideelt å ha budd tre år på internat, noko som vil seie at eg ikkje har hatt så god trening i å lage mat dei siste åra.. Men eg må vell klare å få det til,, om eg finn ingrediensane da, veit iallefall at eg ikkje finn brun saus.
Apropo ting eg saknar og ser fram til, tankar osv, no om dagane går eg rundt og heile tida tenke at eg kjem til å treffe kjentfolk på gata. Eg går å på ein måte å dagdrømme om at nokon kjem på overraskelsesbesøk, og det er rart med det, for når du tenke mykje på det så begynne du faktisk av å til å tru at ein fremmed person på gata er ein av dine nærmaste vennar.. Det er også litt rart kor mykje (i følge meg, kan ver berre det at eg føler det) nokon her liknar på folk eg kjenne!!
No må eg krype under lakenet, prøve å ikkje tenke på at alle myggstikka som eg fikk i dag klør, å prøve å søve!
Buenas Noches! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar