tirsdag 19. november 2013

Ikkje ta med deg meg på sjukehuset.

Her flyg dagane av gårde! I morga har eg budd her i 8 veke!! Ting begynne å gå seg enda meir til, og eg blir stadig overraska over kor bra det går. Dei siste dagane har vore travle, vi har mykje å gjer og får kanskje ikkje tid til alt vi faktisk vil gjer. Fredag var vi på eit badeanlegg to timar utanfor Quito. Då var vi høgare oppe enn vi er til vanleg, så eg kjente at eg måtte ta det veldig med ro sidan eg blei fort svimmel osv. Men å ta det med ro på den plassen var ingen problem, for vi låg rett ut i basseng varma opp av VULKANAR heile dagen, litt kult og VELDIG deilig!!
     Laurdagen var det tidleg opp for å få bli klare for piknikk, denne gongen med mange av vennane til vertsmora mi. Vi feira (trur eg) dagane til heimplassen hinna i lag med vennar frå den plassen. Så då blei det utført mange sprøe og morosamme leikar (Eg hadde valgt å ha på meg skjørt den dagen, og det var ikkje heilt ideelt, så eg blei setande mest å sjå på og ikkje minst; flire!). Videre åt vi myyykje mat som er typisk frå den plassen. Etter mange timar i den steikande sola for vi avgårde for å fare på CECE-møte. Ein utruleg kjekk kveld i lag med hærlege studentar på vår alder. Bibelstudie, snakking og eting stod på programmet. Bibelstudiet var veldig bra, og eg fikk verkeleg augene opp for ordspråkene 8, annbefalar å sjekke det ut ;)
           Søndagen kom og eg søv litt lenge, stod opp og hadde store planar om å skrive oppgåve heile dagen, eg gjekk ned for å ete frukost og straks blei heile dagen min snudd opp ned, begynne å bli vandt med at ingen dagar blir som planlagt. Vertsmor lurte på om eg kunne bli med ho på sjukehuset (Ho braut foten forrige veke og måtte fikse gipsen sin), eg sa ja eg, sidan det hørtes betre ut enn å skrive oppgåve. Vi for av gårde, selfølgelig var det ikkje berre på sjukehuset vi skulle, så først for vi til ei fotballbane, der var eit slags marked. Men sidan det var så varmt og mykje folk bestemte vi oss heller for å fare ein annan plass å ete mat. Vi endte opp på ein kinesisk resturant, eg åt ei risblanding med reker, smakte fantastisk! Så bar det til sjukehuset, sidan vi ikkje hadde ein time måtte vi inn på akutten. Det var like før eg ikkje slapp inn, men vertsmor sa eg va dattra (dei stussa litt, sidan vi ikkje akkurat er så like) så eg slapp inn. Vi satt oss ned for å vente, eg er ikkje så veldig begeistra for sjukehus og hadde nok gløymt å fortelje om at eg kan besvime om eg ser blod. På akutten kom det inn litt av kvart blandt anna folk som blødde, eg satt der, prøvde å ikkje tenke på det, prøvde å tenke: dette klare eg! Men den gong ei,, plutseleg begynte eg å kald-svette, hørte eller såg ingenting, hendene vissna vekk og ting begynte å bli svart. Eg prøvde å få fram nokre ord sånn at vertsmor skulle bli obs på at eg kunne svime av når som helst. Det var ikkje så veeldig enkelt å klare å forklare kva som var gale på spansk når eg først og fremst prøvde å konsentrere meg om å ikkje dette av stolen. Vertsmor tok på meg og sa at eg var like kald som is, eg var likbleik i ansiktet og sklei lenger og lenger ned mot golvet. Ho fikk tilkalla sjukepleiarar, så det var mange som stod rundt meg, vifta med hendene, tok noko under nasen min osv. Vertsmor ringte til han som kjørte oss, han kom å henta meg sidan eg ikkje kunne vere der meir, så det endte opp med at eg måtte sitte i bilen og vente mens han blei med ho i staden, HAHA. Så ikkje ta med deg meg om du skal på eit sjukehus, det kan fort ende med at det er eg som treng hjelp ISTADEN.
Blir heilt nostalgisk når eg ser rennande vatn, haha! 

Du veit du er høgt oppe på eit fjell når du blir solbrent når det er heilt overskya og litt regn etter ein heil dag i basseng! 

Ein av leikane

Nokre hadde betre teknikk enn andre! I tilegg til å utføre det fysiske måtte ein også sei ei frase på spansk mens ein gjorde det..



Mandag og i dag har gått med til skule, cece møte og mykje jobbing på bokrapportar og oppgåveskriving.
Det er mykje som skal bli gjort, og dagane har litt for få timar.
Skal i allefall bli godt å bli ferdig med det som skal bli sendt til skulen i Noreg før 1.desember.
I mellomtida får eg trøste meg med:
"For visdom er bedre enn perler, ingen skatter kan lignes med den." Ordspråkene 8,11

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar