søndag 10. november 2013

Den galne timen

Hei godtfolk! I går fekk eg verkeleg oppleve Ecuadoriansk-kultur! På fredagskveld når eg kom heim fikk eg vite at eg hadde blitt bedt i eit selskap til ei som blei 15.år, selskapet skulle vere ikkje anna enn dagen etterpå. Eg takka ja til invitasjonen (Etter å ha lært på Hald og ikkje takke nei til sosiale invitasjonar, hehe) og leita fram kjolen i skapet. Kjolen var godkjent, heldigvis. Eg søv, stod opp og kom meg ut av dørene i lag med vertsmor og verstsøster. Først bar det til ein salong, der fikk eg endeleg fiksa neglane mine, for nette summen av 3 dollar, himmelsk! Deretter for vi å kjøpte litt nødvendig før vi satt beina innanfor ein ny salong, denne gongen for å fikse hår. Eg satt meg i stolen og sa at eg ville ha krølla og håret litt bak, frisøren spurte meg om noko og eg sa berre: si, si, si, sidan eg ikkje heilt forstod, så då endte det med å at det såg ut som eg hadde ein skalk med loff på toppen, eller ein sveis som Eli Hagen. Bake i håret lagde han ein slags blomster av krøllar. Eg måtte flire litt for meg sjølv når eg såg meg i spegelen, men ja skal ikkje klage, betalte 10 dollar for både vask og styling. Så for vi heimom i 10 minutt for å hive på oss kjolane, deretter taxi til ei katolsk kyrkje, vi kom litt(veldig) forseint så rakk berre 10 minutt av sermonien der, men den var ganske høgtidleg. Jenta som fylte 15.år (Den bursdagen er veldig viktig her i Ecuador!) var kledd i ein stor rosa-kjole og kyrkja var pynta med masse rosa blomster, minnte meg meir om eit bryllup egentlig! Ut over kvelden blei eg berre meir og meir overraska over kor stor den feiringa var og at det var litt sprøtt at eg var ein del av feiringa, men med den Ecuadorianske kulturen skulle det igrunnen ikkje vere overraskande, men ja. Det er på ein måte som ein norsk konfirmasjon, men eg vil seie at det nok var enda større feiring her enn i Noreg og det minte meg meir om eit bryllup enn ein konfirmasjon! Trur eg tar resten av feiringa i form av bilder og tekst under bileta!
Klar for bursdag til ei ukjent!

Pynten i kyrkja

Her er sermonien ferdig. Ho hadde til og med "brudepiker" Ho eine bar tiaraen og ho andre skoa. (Under sermonien bytta  bursdagsjenta sko, tru de va ett slags symbol på at ho no var voksen)

Eg og Maria Emilia (vertssøster).

Borddekorasjonen. Eg trur ikkje dei hadde heilt kontroll på kor mange gjestar som faktisk kom, sidan der var mange ledige plassar, faktisk eit heilt bord. I Noreg har vi nok kontroll på det meste sånt. 

Kaka! 

Her byttar mora skoa enda ein gong!

Bestemora festar tiaraen.

Ei anna hadde på lebestiften

Vi hadde ein veldig hektisk dag, så vi rakk ikkje å ete anna enn frokost kl 9, så vi var veeeldig svoltne då vi endeleg fekk mat klokka 10 på kvelden! Eg blei overlykkeleg då eg oppdaga reke inni brødet.

Middagen

Desserten


Eg måtte bli med på ein av leikane, eg forstod den ikkje heilt, men den fungerte i allefall på den måten at gutane tok eit sånt bånd frå foten til bursdagsjenta og tok det på ein ny fot. 

Eg, verstmor og vertssøster klare for dansing!

Ein kan trygt seie at det var store kontrastar mellom sermonien i kyrkja og feiringa etterpå! I løpet av festen har dei noko som dei kallar: Hora de loca (eller noko sånt), då kom det plutseleg inn 6 personar med kostyme, dei dansa og lagde show. Alle gjestane måtte selfølgelig delta og alle fikk på seg både masker, hattar, ballongar osv!
Det var verkeleg ein GAL time, men hysterisk morsomt også! I allefall når det var folk i ALLE aldrar som dansa og showa. Den eldste var over 80 år å klarte så vidt å gå, men danske skulle han! 




Det tok selfølgelig ikkje slutt der, etter mange timar dansing kom det enda fleire innleigde folk inn, denne gongen eit band som spelte og sang, sikkert tradisjon det også.

Denne skoen fekk eg med meg heim, det var ei slags gåve, men også ein slags påminnelse på feiringa(trur eg). 

Her i Ecuador er det vanleg at bursdagsbarnet et første biten av kaka med munnen, og selfølgelig når ho skal ta ein bit så er det nokon som står klar til å presse hovudet ned i kaka. Det blei gjort i går også, så her er bursdagsjenta etter å ha forsynt seg med kake

Klokka halv 2 i natt fikk vi kake.
Her varer festen lenge!
Festen starta klokka 17 og vi for der i frå 02 i natt! Men den varte visst til kl 4 i natt! 
Eg hadde ein veldig gøy kveld med mykje tankar og inntrykk, veldig glad for å få oppleve ein sånn fest sidan den er veldig Ecuadoriansk! Eg dansa meg i seng halv 3 med eit smil om munnen. Livet og kulturen her er facinerande! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar