torsdag 14. november 2013

Visste du at?


At vi unnte oss litt luksus ein dag. (1.dollar for masasje)  
At eg har spansk kvar dag i tre timar, og at dette er klasserommet. Pultane du ser er forresten like ille å sitte på som dei ser ut.. 

At eg har spansk-lekser.. Og at eg lærer meir og meir spansk for kvar dag!
I spansk klassa er det faktisk ein som er 78 år!!!

At eg går i klasse med mange hærlege menneske frå mange ulike nasjonar og at på fredag var klassa på ein Koreansk restaurang. Visste du at eg klarte å ete alt det her med pinnar! Litt imponert over meg sjølv!



At eg og Sunniva ein dag laga oreo-kake.
Det er noko av det vi har komt på som går ann å lage utan ovn.. (Om du har gode forslag til ting som kan lagast utan ovn, kommenter!! ) 

At eg kvar onsdag jobbar som frivilleg på Casa De Victoria, og at det er ein fantastisk jobb!




At eg aldri har vore flink å teikne.. skal ikkje seie kven av desse som er mi teikning.. 

At jula er på full veg til å komme. November er halvveis, og det er nok sikkert vanleg både her og i Noreg å ha opp julepynt, men når eg i dag gjekk forbi det her treet syns eg det var alt for tidleg. Trur igrunnen ikkje eg kjem til  å få julestemning her i år, kanskje, men i allefall ikkje enda.. Det er jo sol og varmt, blå himmel.. Saknar litt kald snø-storm.

At alle bussar er stappfulle uansett når på døgnet. At eg betalar 25 cent, (kanskje 1-2 NOK) for å ta både buss og Ecovia til skulen.
Visste du at lufta her er full av eksos, og at eg av og til faktisk kan kjenne det på stemma mi at eg har pusta inn mykje eksos.. 


At eg får servert alle måltid kvar dag, det her er bilete av frukosten ein dag, ja pannekakene er enda betre enn dei ser ut. 

At det står politi/trafikk-politi overalt og dirigerar trafikken. Og at her i Ecuador er det så mykje bilar at kvar  bileiger har ein dag i veka der ein ikkje får bruke bilen. 


At eg ofte går på ei rullebane, eller rettere sagt går igjennom ein gammal flyplass (Den har blitt gjort om til ein park)  
At eg fortsatt har norsk sjokolade! 

At eg har fått meg ein storsjarmør her nede. På onsdag sa eg at det var veldig varmt ute, då starta han å synge ein sang til meg. Ahh!! Ellers når vi leika, spanderte han maten eg bestilte på caféen. Skikkeleg gentleman!

At når eg har mykje å gjer så er eg flink til å finne enda meir å gjer.. Eg burda ha lest bok, burde ha skrevet på oppgåva for Hald, men eg valgte heller å lage ein kaldender for resten av oppholdet her, men planen for dagane og også nedtelling til Infield (Berre rundt 50 dagar!) og heimreise (ca 142).
Visste du at det berre er 117 dagar til eg blir 20 år??!!


At eg har det veldig bra!
At eg har fri frå skulen i morga og skal på eit badeanlegg, og at eg gledar meg til resten av helga, som er fullt opp med program. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar