lørdag 30. november 2013

Reke, parade og 1.desember

Du veit du har mykje å gjer når du berre har tid til å blogge i helgene (og nesten ikkje då heller). Denne veka har som dei andre vekene, gått veldig fort og i det vanlege. Jobb,cece osv! Denne veka har det også gått ein god del tid på å få gjort ferdig oppgåva til Hald, på fredag "skulka" eg faktisk skulen for å ha ein heil dag å jobbe med oppgåva på. Var ei glede å sende e-posten med innleveringa i dag! Har sett fram til 1.desember mykje på grunn av at då måtte eg vere ferdig med oppgåva, men også fordi desember alltid er ein koslig måned. I år veit eg faktisk ikkje heilt kva eg kan forvente, kva tradisjonar vi skal gjer osv. Her er i allefall ikkje vanlig med adventskalender eller adventsstake.. Men eg ventar på adventskalender frå mamma i posten, kryssar fingrane for at den kjem i løpet av neste veke #glede!
På fredag for eg og Sunniva til kontaktpersonen vår for å pynte juletre og ete skive med reke og avokado (sidan vi hadde snakka om at det var sånn vi åt reke i Noreg), det var veldig koslig og ikkje minst godt. Eg fikk i allefall litt julestemning, det hjalp også på at det regna ute, blei straks litt meir likt vinter. Her i gata eg bur har dei fleste fått opp julelysa og det skal eg seie deg: det er ikkje lite. Men eg likar det. Når eg kom heim frå Ruth var huset fult med folk. Det var duka for å spele 40, eit tradisjonelt kortspel for Quito. Det er ikkje mykje speling her, men på denne tida av året spelar alle 40. Eg hadde fått kjapp opplæring på dagen, så eg klarte i allefall å spele litt og ikkje tabbe meg heilt ut. Maten som vart servert her var kinesisk mat, ris med reker, nudlar osv. Reke to gongar på ein kveld var ikkje feil. Når klokka var 2 fant eg vegen mot senga mi, tok litt tid å søvne sidan det var full fest her heile natta med karaoke og dansing. Eg låg her i senga mi å berre flira litt for meg sjølv, kulturen er facinerande. I dag blei eg vekt tidleg og fikk beskjed om at vi skulle ut av døra om 15.min, eg heiv på meg klena og kom meg ut. Vi for til den gamle flyplassen (ein park) for å sjå på vertssøstra mi danse. Der var det maaaasse folk og ikkje berre skulen til vertssøstra mi som skulle danse for å seie det sånn. Neste helg er det: fiestas de Quito, men den begynte visst allereie denne helga (eigentleg er det fest heile desember for grunnleggelsen av Quito). Vi stod i mange timar utan noko mat eller drikke (vi rakk ikkje å ete frukost), å venta på at vertssøstra mi sin skule skulle komme dansande forbi oss. Dei var så klart nesten heilt til slutt. Men for meg var det ein stor opplevelse å stå å sjå på alle mulige i paraden. Alt frå skular til politi og 70-åringa som dansa seg forbi i steikande sol. I eit innlegg for litt sidan skreiv eg at eg har lyst til å spele saksofon igjen, i dag blei eg litt usikker, det må i allefall ikkje bli i eit skulekorps der masjering er obligatorisk. For det frista lite å spele og masjere. Eg syns rett litt synn på dei som gjekk der, men eg blei passe imponert sidan INGEN hadde notar og alle dansa mens dei spelte og i tilegg var det ganske varmt. Heile parada var imponerande, det som eg kan samanlikne det mest med er nok 17.mai tog i Noreg, men må nok skuffe dåkke med at Noreg ikkje er noko imponerande med sånne tog i forhold til her.  Når vertssøstra mi hadde dansa seg forbi oss tok vi taxi for å endeleg ete litt mat. Eg blei passe overraska når vi for på ein resturang med sjømat. Men eg klaga ikkje, tredje gongen med reke på to dagar, litt spesielt å ete det til frukost/lunsj (Klokka var 15:00), men godt. Når eg kom heim var det duka for besøk igjen, koslig.





Eg trur det her er dronninga av Ecuador (Men eg forstod ikkje heilt, for dei har jo president..?)

70-80 år gamle damer som dansar i veg

Ein skal tidleg krøkast.

Nydelege drakter

Sikkert nokre viktige personar. Tippar kongen, sjølv om dei ikkje har konge da. 
Imponerende kunstverk i paraden

Trur dei må ha mange prinsesser, neida. Eg berre tippar 

Så går vi rundt i ring

synkront

Til og med cowboyar. Fikk litt lyst å danse linedance igjen. 
Desse her var berre heilt nydelege og ikkje minst: flinke å danse

howhowhehwhow

Legg merke til hattane

Nok eit kunstverk

Til og med astronautar.. Tulla, trur det er røykdykkarar.

Desse kunne nok ha blitt cheerleader´s for HaNo

Helten!

Skulen til vertssøstra mi i aksjon

Vertssøster, vertsmor og  meg.

Skal det vere litt innbakte reke, kokt banan og ris, med popcorn og bananpotetgull vedsiden av?
(Det var veldig godt)
(blir stadig overraska over at Banan blir brukt ilag med alt og i alle mulige variantar)


Det er så rart at det er 1.desember i morga, føles ikkje sånn ut i det heile tatt, vi har ikkje pynta huset eller noko, men eg trur vi skal det i morga. Det er ikkje mykje som minne om at det snart er jul anna enn at eg i allefall har fått på plass raudfargen i ansiktet mitt. (Litt veldig solbrent etter dagen i dag, har enda ikkje lært at sola er veldig sterk og at den kjem fort fram sjølv om det er skyer om morgonen.) I morga er det nok ein gong tidleg opp, denne gongen for å møte Cece-studentar frå forskjellege plassar i Ecuador som er i Quito denne helga for ein konferanse.
Håpe alle dåkke i Noreg har leita fram teksten til: No tenner vi det første lys, eg har i allefall fått på julemusikken her, stemning.
God adventstid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar