fredag 27. desember 2013

Kjendis!!

For øyeblikket no så er eg på juleferie. På juleferie i ein annan liten by, på besøk med vertsbesteforeldra mine. Dei bor i eit stort og fint hus og omtrent heile familien til vertsmora mi er her, så det er koslig, særlig sidan eg er så vandt med familieselskap i juletider! Denne byen her er mykje mindre enn Quito, så det er deilig! I tilegg er her ganske kaldt i forhold til det eg er vandt til, så det er hærlig, sidan det er litt meir likt Noreg. Vi har gått rundt i byen sånn at eg skulle få sjå, lakka neglar å ete mat. Det første eg la merke til var at folk la ekstra merke til meg her, og eg er faktisk den einaste BLONDE i byen, har i allefall ikkje sett nokon andre. I Quito er det av og til vi får litt ekstra oppmerksomhet, men her føles det ut som at eg er ein turist-attraksjon. I tilegg er eg ganske høg, så er ikkje så lett å gøyme seg vekk. Her i Tulcan er det også mykje billegare enn i Qutio, så eg var veldig klar for å kjøpe meg nye sko, sidan det får ein aldri nok av, ikkje sant pappa? Hehe! Men eg blei fort skuffa, for trur ikkje du at den største størrelsen her er 38?? Følte meg ikkje mindre som ei kjempe når ingen hadde min sko størrelse. Jaja, MEN over til høgdepunktet. I dag har eg følt meg som kjendis heile dagen, men du kan sei at eg føle meg enda meir som ein kjendis no.. På kvelden for vi på konsert, sidan det var 4 forskjellege artistar/band som skulle opptre, alle ganske så kjent i heile Ecuador/Colombia. Vi for avgårde tidleg, så vi fikk plassar ganske langt framme. Etter å ha venta i nesten 4 timar, ete kylling og chips (Har mista tallet på kor mange gongar eg har ete det) kom den første artisten på scena. Eg hadde verken hørt om han, eller nokon av sangane hans. Eg merka fort at han la merke til meg. Etter nokre sangar stoppa han opp, såg mot der vi stod og sa: Como te llamas? Eg trudde han såg på nokon andre, men vertssøstra mi begynte å rope: Maria! Maria! Eit ellevillt publikum prøvde å hjelpe ho med å få fram kva eg heitte. Når han endeleg forstod at namnet mitt var Maria ba han meg om å komme fram til scene-kanten. Eg gjekk fram, han spurte meg kor gammal eg var og kor eg var i frå. Deretter ba han meg om å komme opp på scena! Politiet slapp meg forbi og eg entra scena, passe nervøs!! Så der stod eg, med eit hylande publikum og eg ein kjent person som eg ikkje ante kven var. Han fikk tak i ein stol, plasserte meg på den og sang både ein og to sangar TIL MEG. Han spurte meg fleire spørsmål, men eg kan seie deg det at det ikkje var særlig lett å tenke på spansk, så følte meg litt passe dum der eg satt, smilte og visste ikkje heilt kva anna eg kunne gjer. Når han spurte meg om eg kunne ein av sangane hans blei det i allefall flaut! Publikum ropte og gaula på at vi skulle kysse, gjett om eg fekk litt panikk! Det endte meg at han kyssa meg på panna, klemte meg og tok meg i handa og førte meg av scena. Eg ana ikkje kor lenge eg var der oppe, men det føltes ut som ei evighet! Når vi skulle gå frå konsert område fekk eg verkeleg kjenne på det at folk no i allefall visste kven eg var. Alle ropte Maria, plystra og sa at eg hadde vore flink på scena. Var nesten som at folk ville ha autografen min. For ein rar følelse, og all oppmerksomheta: Berre fordi eg er blond!

Her er då sjarmøren!

No skal eg søve, var litt morosamt da, må innrømme det.. Men glad for at eg ikkje er kjendis på ekte!

Haha! Dagens innlegg om korleis det er å vere blond av og til! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar