søndag 29. desember 2013

Vind i fleisen

For meg er i år det meste annleis, men eg kan ikkje klage når alt som er annleis er så bra! Eg storkosar meg på juleferie. Det er travle dagar med mykje program, men eg får oppleve svært mykje! 
Igår for vi til ein gravplass, kanskje ikkje det mest vanlege å ta med folk til ein gravplass når ein skal vise rondt i byen, men eg forstod fort kvifor. For vi for til ein gravplass med fantastiske trær/busker, utskjært som figurar. Ein stor og berømt turistattraksjon, litt sært at det er på ein gravplass, men imponerande var det i allefall. Videre drakk eg kakao og åt kake som nesten smakte som julemann(Med litt innbilling)
Idag har eg hatt ein "norsk-dag" her i Tulcan. Vi stod opp og alle pakka på seg det dei hadde av varme klede sidan vi skulle til ein kald plass. Eg har ikkje så altfor varme klede her i Ecuador, men tok på meg det varmaste eg hadde. Heile storfamilien satte seg i bilane, kjørte i nesten ein time, på toppen av eit fjell. Der kom vi til ein vulkan og vi var i ei høgde på 4748 meter! Blei nesten litt høgdesjuk. Vi gjekk ut av bilane, og vinden blåste mot ansiktet mitt, ein kald og frisk vind. Maskaraen rann og kinna blei raude. Nesten som å vere heime på Ulla med nordavind, Fantastiisk følelse. Alle andre klaga på at det var iskaldt, men eg syns det berre var hærlig. Desverre var det mykje skodde så vi såg ikkje så mykje. Videre for vi til eit marked for å ete lunsj, og trur ikkje du eg fekk fisk da? #Helsepåjord så godt det var. 
Vi har også besøkt mykje slektningar, spennande å sjå dei ulike husa, det er som natt og dag korleis folk lev. Men i alle hus blir vi tatt imot som hedersfolk, får servert mat og alle er like gjestfrie og glade uansett når du kjem og kor mange som kjem. Det er noko av det eg likar best med denne kulturen. 
Ellers blir kveldane brukt til å sjå julefilmar som heimealeine, ligge under dyna og ellers nyte livet!






Neglane er i allefall pynta til nyttår!

Skikkeleg kaffi <3

I mange katolske heimar er det her veldig utbredt. Det blir kalla pesebre. Det her er den største eg har sett så langt. Her er då heile historia før Jesu fødsel, med Jerusalem, Betlehem osv. Mykje detaljar og mykje arbeid for å berre ha det fra desember til januar. 


Det fins elefantar i Ecuador også

Maria Emilia og Maria(Meg) Med Jomfru Maria med Jesus i armane




I går var det nok ei parade, i forbindelse med nyttår. Ein skulle tru at det snøva, men det er berre partyskom som alle spruta på kvarandre. 

Det var faktisk fleire som gjekk i paraden som kjente meg igjen, så det var fleire som berre; Maria!!!
Rart å gå i gatene her å føle at alle veit kven eg er. 

Ligna meir på eit karnevall. Desse poserte fint til meg

Eg kan seie deg at eg mildt sagt var utsatt for å bli spruta skom på. Høg og blond har sine fordela/ufordela nok ein gong. 

På kvelden fyrte vertsbestefaren i peisen, trudde ikkje det fanst i Ecuador. Men det var hærleg å oppleve varme frå peisen igjen!

Kald vind i fleisen, håret til alle kantar, og følelsen av Noreg! :D

Desse plantane finst faktisk berre tre plassar i heile verda, og her er ein av dei. 

Smakte innmari godt!

Nydeleg landskap med masse grønne sletter. Deilig med ein pust vekk frå storbyen!

I morga går turen muligens til Colombia, så det blir spennande! Nyttår skal bli feira her i Tulcan før turen går tilbake til Quito før det blir Peru natt til fredag! Så med andre ord, eg har det veldig bra, har mykje å sjå fram til og gledar meg til fortsettelsen.

"Gled dere i Herren alltid!" (Fil 4,4)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar