tirsdag 24. desember 2013

lillejulaftan,nyttår,julaftan-alt på ein gong

Jul i eit anna land.. Ting er ikkje som eg hadde sett for meg, men igrunnen huskar eg ikkje heilt kva eg såg for meg. Eg visste at alt kom til å bli annleis, men eg var kanskje ikkje forberedt på at det skulle vere så STOR forskjell. Eg tek meg sjølv i å samanligne mykje med Noreg, men ofte er det håplaust sidan det ikkje liknar på Noreg i det heile tatt.. I går var det lille-julaftan, dagen då vi brukar å pynte juletre, vaske siste rest, slappe av å forberede alt klart til den store dagen. I går var det lille-julaftan i Ecuador også, ikkje mykje pynting her skal eg seie deg. Eg stod opp, følte meg for første gong på lenge veldig bra, for ut for å kjøpe julegåver, aldri før har eg utsatt all gåvekjøpinga til dagen før. Men det fiksa seg bra og eg pusta letta ut klokka 12 på ettermiddagen då eg var ferdig, berre av å ha vore på ein butikk! Eg for vidare til mentoren min for å snakke om korleis alt går. Alltid like koslig! Og eg var ei lykkeleg jente som gjekk der i frå med heimelaga tyske julekaker (Betre enn ingen julekaker i allefall :)). Eg kom heim, lagde oreokuler dyppa i sjokolade sidan vi skulle ha selskap heime med oss den kvelden også. Kvelden kom å mange gjestar kom! Lite visste eg om at festen faktisk var for å feire NYTTÅR! Haha,, til og med før julaftan. Og eg kan seie deg ein ting, det var ikkje få gongar den kvelden eg tenkte: det her er så galskap,, rart, kultur og fantastisk morosamt. Det starta med at alle reiv papir og aviser og lagde små ballar av det, desse ballane stappa vi i nokre strømpebukser for å lage ein figur. Vi blei delt inn i fire grupper og eg kom på mat-gruppa, så vi kjørte ut for å få kjøpt inn mat til alle.. Var ikkje berre berre  å skaffe 64 kyllingvingar og 26 porsjonar med chips, men vi klarte det på eit vis etter mykje leiting. Når vi kom tilbake til huset var det galehus! Fullt program, diverse leikar osv osv! Eg måtte berre flire for meg sjølv, det her hadde aldri skjedd på lillejulaftan i Noreg. Kvelden blei avslutta med å tenne på figuren vi hadde laga. Mens den brann opp dreiv alle å sa: Godt nytt år osv! Haha, litt spesielt, men det skada vell ikkje å feire det før julaftan heller! Huset var heller ikkje så reint og ryddig etter denne festen, som kanskje alle hus i Noreg er på lillejulaftan.
I dag , julaftan! Det føles igrunnen ut som ein vanleg dag, men eg har det veldig bra. Eg stod opp tidlig for å fare til ei frå USA, der var det mange familiar samla, alle hadde med seg noko å ete, så det var eit stort koldtbord med mykje godt, vi åt mat, sang julesangar og hørte på ei julegudstjeneste i USA. Veldig bra start på dagen :) No sitt eg her med tårer, gledestårer. Eg har akkurat skypa med familien som har fått i seg julemiddagen og opna gåvene, det var så kjekt å sjå foreldre, søster, besteforeldre, tante, onkel å nokre hærlege søskenbarn! Det er så rart å ikkje vere der, så rart at det ikkje føles ut som jul i det heile tatt, men det er også godt at eg har det bra sjølv om eg ikkje er heime. Det er så kjekt å skulle få oppleve ei heilt annleis jul, men det er også litt vansklig. Savnet pressar tårene fram. Men det er nok berre eit godt teikn!
I dag skal eg nyte dagen, fordi det er Jesus sin bursdag! Det er ein gledens dag, Gud sendte sin sønn til oss. Det er så fantastisk og så stort at det er vel verdt å sette av ein dag for å feire, desverre er det veldig mange som gløymer kvifor vi faktisk feirar jul..


det blei litt krig med å kaste papirballar på kvarandre,, skulle nesten tru at det var snøballkrig

dansing

Konkuranssar

vi skulle kåre vinnaren



Med tilbakeblikk på året som gjekk og ønske om eit godt nytt år!

figuren nesten brennt opp

dagens julefrokost
Teksten på julesangane

Er ikkje så allerværst å kunne gå i kjole, solbrille og ikkje fryse på julaftan!
Klokka 5 skal eg i ei Gudstjeneste i ei engelsk kyrkje, så det blir nok bra. Ellers veit eg lite om planane, julemiddagen blir i morga. Fram til eg finn ut kva eg skal gjer skal eg lese i Bibelen, kose meg med tyske-julekaker og opne den siste kalendergåva, det blir nok einaste gåva i dag sidan pakkane frå Noreg ikkje har dukka opp. Men det gjer ingenting!

Ha ei velsigna God Jul! Ta vare på kvarandre, vis omsorg og kjærlighet, og tenk over kvifor vi faktisk feirar jul! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar