søndag 15. desember 2013

Tida flyg

Eg ser på datoen, kva er det allereie 15.desember?! Vi er halvveis i desember og det er snart jul! Snart årets høgdepunkt for mange, tida på året med familietid, tradisjonar, julebakst, juletre, julelys, julepynt, julenisse, julemiddag, julegåver, jul, jul, jul, jul! For mange er også dette tida på året med mykje stress, alt skal ordnast, alt skal vere perfekt. Det er denne tida mange slit med økonomien sidan det skal bli kjøpt så mykje, spesielt gåver, helst dyre. Ein stressar rundt med alt som skal ordnast. Her i Ecuador er det også snart jul, men eg merkar det nesten ikkje. Alle butikkane og husa er fulle av juleting, gjerne meir enn i Noreg, og trafikken er for tida enda meir håplaus sidan alle er ute på julehandel. Men i min familie og blandt mine vennar merkar eg ingenting av alt det stresset. Her er det vanlege kvardagar med ekstra kos. Her er det enda meir tid for sosialeanledningar. Her er ein ikkje så nøye, her kjøper ein gjerne ein liten ting på deling til heile familien og det er alt. Eg har enda ikkje begynt på julegåvene, men eg stressar ikkje, for i år blir det berre nokre få som må kjøpast. Her føler eg at eg sjølv klarer å fokusere meir på det som er viktig med denne høgtida: Juleevangeliet! Eg likar tida her, alt er så annleis.
I det siste er det mykje som har skjedd, på tirsdag og onsdag hadde eg spansk eksamen, både skriftleg og munntleg, eg var ikkje noko stressa og syns nesten det var litt gøy å ha eksamen (Berre nesten!). Rart kor mykje som kan endre seg på nokre veker. Det heng nok saman med at eg har lært meir spansk og føler at eg mestrar det betre. Og det er faktisk bevist, sidan eg for første gong i historia stod på ein spansk eksamen! Fredag var siste dag på universitetet, og eg hadde aldri trudd eg kom til å sei at eg kjem til å sakne det, men det gjer eg jammen og deg. Eg gjekk i ei fantastisk hærlig klasse og det var deilig å ha ei rutine i kvardagen. Men vi skal nok få andre kjekke ting å gjer på i tida framover, så det skal nok gå bra, også håper eg at vi klarer å holde kontakta med dei i klassa :)
Fredagskveld var vi med vertsmora mi til ei venninde av ho. Vi for dit for å utføre ein veldig utbredt katolsk tradisjon. Det vil seie at ein gjeng samlast ni gongar (Altså i utgangspunktet 9 dagar før jul) For å gå igjennom juleevangeliet, huske på alt som skjedde, be og ete mat. Vi var ein liten gjeng som sang (Eg og Sunniva måtte som vanleg synge ein sang på norsk), ba og åt empanada, ein kosleg kveld.
Laurdag var det duka for julefest med Cece (Samme som Laget). Det var noko vi hadde sett fram til sidan vi skulle få vere i lag med studentane vi jobbar saman med, ikkje-kristne som blei invitert, ete god mat osv. Eg og Sunniva hadde ansvar for litt av desserten, tross i at det var litt utfordrande å finne ut kva vi skulle lage, med tanke på kva ingrediensar her er klarte vi å slå i saman to sortar julekaker, ikkje dei mest tradisjonelle, men. Ein ambassadør og kona som er veldig fan av Cece opna heimen sånn at vi kunne ha julefesten der, hærleg! Vi holdt på med leikar, hemmleg venn (alle måtte lage eit julekort, så trakk vi eit namn også ga vi julekortet til den personen), vi åt masse god mat, 4 av universiteta hadde øvd inn kvar sine delar av juleevangeliet. Så eg spelte Maria, på spansk!!
Eg hadde også eit lite innlegg om kva jula er for meg, PÅ SPANSK! Litt skummelt, men kjekt. Veldig inspirerande at der var heile 35 personar, for i fjor var det berre 6! Noko som tyder på at cece-gruppene har vokse betrakteleg sidan i fjor, og det er ikkje anna enn fantastisk!
I dag var det opp klokka 06:00 som vanleg. Etter kyrkja blei eg med vertsmor til ein plass der radio blir spelt inn. Eg trudde ho og bønnegruppa hinna skulle bli intervjua på radioen (Det er ein kristen kanal), men det viste seg at den radiokanalen hadde eit slags arrangemang med ulike boder, ein sal der du kunne sitte å høre/sjå på at dei spelte inn radiosendinga direkte. Men der var også eit rom for forbønn, så det var der vi gjekk. Eg og venninda til vertsmor blei eit slags team, så vi satt der, hadde lister med namn og bønneemne som vi ba for og innimellom kom der personar inn som ville ha forbønn. Så eg å ho satt der, lytta til kva folk vill bli bedt for også ba vi. Eg forstår mykje spansk, men det er fortsatt litt vansklig å snakke masse og flytande, så eg turte ikkje å våge på å be på spansk. Så dei som kom til oss fikk ei bønn på spansk og ei på norsk. Sjølv om dei som var til forbønn ikkje skjønte eit ord så er ikkje det så viktig sidan Gud forstår det. Det var ein fin ting og eg likte det, sjølv om eg ikkje ante at eg skulle vere forbeder når eg gjekk inn i rommet!
Heile huset vårt e pynta til jul, til og med kjøleskapet ;) 

Juletreet har vore på plass sidan 1.desember! Litt rart, sidan vi ikkje brukar det før 23.desember.

Norskjuledeig i Ecuador

Hunden chester pynta til jul. 

Torsdag kom ein pakke frå Norge, så eg har kosa meg med norsk pålegg! :D

Eine universitetet i sving

De tre vise menn.

Alle i aksjon for å lage julekort til sin hemmelege venn.
Nyt den 3.søndag i advent :)

1 kommentar: