tirsdag 3. desember 2013

Verdens lys

Eg sit her i Ecuador, nok ein dag har gått forbi, eg er heime aleine, det er stille i huset, men ute er det voldsamme lydar. Rommet blir opplyst av lynet og nokre sekund etterpå brakar det laust, litt sånn som livet mitt her. Mange høgdepunkt (Lynet) Men av og til brakar det laust med følelsar og tankar (torden). Eg legg meg ned i senga, har løgge her nokre dagar, eg har vore sjuk. Det er alltid kjipt å vere sjuk langt heimafrå. Men heldigvis har eg fantastiske personar rundt meg her som forsikrar seg om at eg har det best mulig sjølv om forma ikkje er på topp. Eg ligg der, tenke på mykje rart. Mykje på gode minne, mykje på alt eg gledar meg til å gjere her, Peru om ein måned, besøke andre plassar i Ecuador, bli ferdig på universitetet, lære meir spansk, jul, eit nytt år, bli 20.år, komme heim osv osv. Eg veit ikkje kvifor eg tenke så mykje på det her, men det er på mange måtar godt, samtidig er nokre av tinga ikkje fullt så bra å tenke mykje på, for det gjer det vanskelegare å leve i nuet. Men eg prøvar. I det siste er det fleire ting som har vore utfordrande, eg har møtt situasjonar eg har sett på tv i min kvardag, i mitt hus. Det er så rart å oppleve heilt andre utfordringar enn før. Det er rart å vere i ein situasjon der økonomien er ei utfordring, religionen ikkje blir akseptert av andre familiemedlemmar, og det er vanskeleg for meg å ikkje føle at eg kan hjelpe til med noko. Det er rart og veldig utfordrande, men samtidig trur eg det er nyttig og lærerikt. Sjølv om det ikkje akkurat var sånne utfordringar eg såg for meg at eg kom til å møte her så ser eg at eg lære mykje av det. Ofte vil eg berre rømme frå situasjonen, men på den andre sida er eg glad eg er her. Eg er tross alt veldig heldig! Og det beste av alt det her er kor mykje eg lære om det å stole på Gud. Personane rundt meg som står i ein vanskeleg situasjon avsluttar alltid samtalen med: Men Gud har ein plan, ein må berre stole på at Gud fiksar. Og det er så sant og det gir meg verkeleg inspirasjon og lærdom om korleis ein burde ta trua inn i problema, for då blir situasjonen ein heilt anna.
Når det tordnar og alt er mørkt gjeld det å oppsøke Jesus (Lynet), då blir alt så mykje lysare.

Igjen talte Jesus til folket og sa:
 "Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys." Johannes 8,12


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar