lørdag 21. desember 2013

Sjuk..

Eg ligg her i senga mi, her har eg løgge så å sei heilt sidan tirsdag.. Tirsdag på veg heim blei ej sjikklig dårleg og sidan har eg vore det. Onsdag var eg ein tur på legen, kan seie at det var mitt mest ubehagelege møte med legen sidan eg var veldig kvalm og han trykte i veg på magen, med ein gong han var ferdig måtte eg berre springe for å finne eit do.. Lite gøy.. Fikk påvist ein slags bakterie, så no håper eg at medisinen vil hjelpe snart. Er sååå lei av å vere sjuk... Sååå lei av å berre ligge i ei seng, søve, sjå film og drikke ekkelt vatn med kokos-smak som skal hjelpe på at eg er dehydrert.. Så lei av å gå på diett... Så lei av å vere kvalm.. Så lei av å ha feber.. Men no skal eg ikkje klage meir, eg har hatt mine lyspunkt i desse dagane; heldigvis. Tirsdag hadde eg ein voldsam heimlengsel, trur det heng saman med at eg er sjuk(Og syns veldig synn i meg sjølv.) og at uansett kva eg les på facebook så inneheld det jul, heim til jul, godt å komme heim, sitt på flyet på veg heim, osv. Det er så rart å vere på andre sida av jorda, på ein måte kunne eg ønske at det var eg også som kunne skrive: Endeleg heime til jul. Men på den andre sida er eg glad for at eg er her eg er, eg gledar meg til å oppleve alt som er annleis her, sjølv om eg ikkje kjem til å føle at det er jul. I går hadde vi besøk, mange vennar av vertsfamilien kom over for å avslutte Novena (Ein katolsk tradisjon) med masse god mat og anna program. Var litt spennande sidan vertsmora mi gjorde det litt annleis enn kva dei er vandt til (Sidan ho er kristen), trur det starta nokre tankar for nokre :)  Alle hadde med seg eit kort eller ei lita gåve også hadde vi nok ein gong Hemmeleg venn, der vi ga gåvenen til den personen på lappen, ein veldig kjekk tradisjon!
Desse dagane har eg også fått snakka ein god del med folk, med nokre det var lenge sidan sist, så det har vore perfekt. Eg har også blitt veldig glad og takknemmleg for dette Bibelverset som eg fikk av nokon: Da sa Herren til meg: "si ikke at du er ung! Alle jeg sender deg til, skal du gå til, og alt jeg befaler deg, skal du tale. Vær ikke redd for dem, for jeg vil være med deg og berge deg," lyder ordet fra Herren. Det gir inspirasjon til å fortsatt bo her i Ecuador og la Gud bruke meg på den måten han vil her!
Eg er også veldig velsigna som blir tatt veldig godt vare på her også når eg er sjuk. Ingenting som står på omsorg i allefall, verken frå dei her eller dei heime på skype!

Gåvene klare til hemmelegvenn! 

Klare for kalkun!

Kosleg!

Årets julebilde! Fikk faktisk litt julestemning :) 

Idag var eg fast bestemt på å ver frisk. Gjekk ut, blei slått av 23 varmegrader og måtte flire litt for meg sjølv, surrealistisk at det er 21 desember! (Etter å ha gått litt måtte eg snu og innsjå at eg fint måtte holde senga i dag også..)

Dei kan å pynte alt som kan pyntast her!

No skal eg høyre på julemusikk (Alt utenom: Home for Christmas, den sangen blir hoppa over i år,, den får litt for lett fram tårene..)  og prøve å bli heilt frisk!!!!!

Klem frå Ecuador!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar