onsdag 9. oktober 2013

Cada día es bello

Så sitt eg her i Ecuador, klokka er snart ni på kvelden, heime er det langt på natt, snart morgon igjen.
For ei veke sida var alt det her heilt nytt, eg var i ferd med å få mine første inntrykk av Ecuador, eg var i ferd med å ha mi første natt på andre sida av gode, trygge Ulla.
Ei veke har gått fort på ein måte, og på ein måte ikkje. Eg har gjort så utruleg mykje denne veka at eg føle eg har vore her mykje lenger. Trafikken, bussane, bananane, alle folka, kaste papiret i do, smøre seg med solkrem, ta taxi, ete middag to gongar for dag, søve i laken, drikke kjøpe vatn, kysse alle ein møte på kinnet, seie buenas dias eller buenas tardes, chao og si heile tida, alt det har sakte, men sikkert begynt å bli nye vanar. Eg byrjar å bli vandt med det, endten eg likar det eller ikkje. Det her er min nye livsstil og eg har enda mykje å lære, mykje! Som foreksempel i dag så opplevde eg mitt første ubehagelige møte med min nye kvardag. Vi hadde vore å besøkt Casa de Victoria, vårt frivillege arbeid som vi skal gjere kvar onsdag fram til jul, der skal vi jobbe med fattige barn som kjem dit etter skuletid for å få hjelp med lekse, lære seg vanar og manerar og ikkje minst: ha ein trygg plass å vere i nokre timar. Den jobben ser eg veldig fram til og gledar meg til første "arbeidsdag" neste veke. Vi var på bussen på veg tilbake, på bussen var det som vanleg mykje folk. Vi pressa oss inn i ein buss, Ruth og Sunniva klarte å komme seg forbi folkemengda, litt lenger bak i bussen og eg var på veg til å gjere det samme, men då kom det ein stor gjeng som skulle av på neste stopp. Så eg måtte stille meg rett framfor ei dame som satt, samtidig som eg måtte holde meg godt fast for å ikkje dette over ho eller nokon andre i bussen. Eg prøvde å presse meg forbi folkemengda ein gong til, men det var ein mann som stod i vegen. Eg trudde han skulle av på neste stopp, så tenkte at då gadd ikkje eg å presse meg meir forbi, eg kunne vente til han hadde gått av. Neste stopp kom, og mannen stod der fortsatt, så då prøvde eg meg enda ein gong med å komme meg forbi, denne gongen meir bestemt, og eg klarte å komme meg forbi. I det eg hadde pressa meg litt fram mista mannen noko på bakken, eg såg ned og oppdaga at glidlåsen på veska mi var open! Når eg hadde fått pressa meg bak til Ruth og Sunniva fikk eg sett i veska og heldigvis hadde ikkje han tatt noko, eg veit ikkje om det var fordi han ikkje rakk det, eg trur heller det at han ikkje fant det han leita etter (pengar og mobil), for det låg heldigvis i ei anna lomme. Han var gammal og ganske utspekulert, han hadde ein genser over handa si så det gjorde det vansklegare å sjå at handa hans begevde seg og sånn, ho dama som eg stod rett framfor merka heller ingenting! Heile hendelsen gjekk bra, men det har verkeleg fått med til å innsjå og tenke enda meir over at her er det ikkje som i Noreg.
Men over til noko heilt anna: i går så kjøpte eg meg ein spansk Bibel! Kven hadde trudd det for eit år sidan? (For dei som ikkje veit det, så var det på denne tida i fjor at eg jobba iherdig med spansk for å ta opp igjen spansk eksamen, sidan eg hadde strøke i mai. Eg tok eksamen, og strauk enda ein gong. Eg klaga begge gongane, og den andre gongen gjekk klaga igjennom, så eg har stått i spansk. Men som dåkke kanskje forstår er ikkje ferdighetene heilt oppegåande, så det er litt komisk at eg no skal lære meg spansk.) Bibelen har blitt lest litt i, men eg kan seie at eg foreløbig foretrekke den norske. Men utanpå den spanske Bibelen står det: Cada día es bello- kvar dag er vakker. Enkelte dagar kan det vere vanskeleg å tenke det, men når dei dagane kjem så er det berre å snu tankegangen, for om du leitar finn du alltid noko positivt å fokusere på. Det er berre å sjå ut vindauget, sjå alt det vakre Gud har skapt, tenke på all familie og vennar som du har, tenke på at Gud har ein plan med livet ditt, og at han også er med når du har det vanskeleg. I kveld er det stjerneklart og ein nydeleg måne som skin i Quito og det var fantastisk å sjå, for det ser eg i Noreg også. Tenk kor fantastisk det er! Så var ikkje alt annleis likevell.

Skjønnaste vertsmora hadde lagt fram sjokolade, ein lapp der det stod velkommen og ein leike saksofon når eg kom, sidan eg hadde skrevet i informasjonen om meg sjølv at eg hadde spilt saksofon. Haha, har ikkje spilt på nokre år, men fortsatt veldig koslig å bli møtt med! 


I helga skal eg og Sunniva bli med vertsmora og vertssøstra mi til der Lilly (vertsmora mi) er i frå. Der skal vi vere med på bursdagsfeiringa til faren til Lilly. Vi skal også besøke basseng og sklier, marked og sånn (trur eg, ut i frå det eg har forstått av det Lilly har prøvd å fortalt meg på spansk) Så det gledar eg meg veldig til! 
Endeleg har eg fått meg hund!! Det her er Chester, han er husets herre!
 

Adios!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar