torsdag 31. oktober 2013

Eg har blitt vandt til...


Då har eg jammen og deg budd over ein måne i Ecuador!! 
Tida har gått veldig fort, eg har lært veldig mykje og har også blitt vandt til mykje. Dagane er stappfulle av ulike og mange aktiviteter. I det siste har eg tenkt litt over alt eg faktisk har blitt vandt til, mykje av det trudde eg ikkje at eg skulle bli vandt til, men eg tok vell feil. 
Har endeleg skaffa meg eit kamera, så det her blir eit innlegg med mykje bilde med tekst om mitt liv under bileta. 








Kvar morgon er eg vandt med å stå opp, gå inn på mitt lekre 70(?)talls bad. Her har eg blitt vandt til å kaste papiret i do, vente lenge på varmt-vatn og ellers det som er normalt å bli vandt til på eit bad

Mitt kjære rom. Her har eg blitt vandt til å kvar morgon lese Bibelen, be og hive på meg klede. Har også blitt vandt til at eg må leite etter internett, og den beste tilgangen er der mac-en står på bilete.

Har kvar dag blitt vandt til å ligge i senga, sjå på alle bilda av den flotte familien og fine vennane mine. Av og til kjem det nokre tåre, det er rart å ikkje ha mine nærmaste rundt meg. Og ofte saknar eg å ha nokon som kjenne meg rundt meg. Ein måne frå alle kjente har gått, men det er enda fem igjen. Heldigvis er dagens teknologi så bra at eg kan få skypa og snakka med dei fleste i ny og ned. Det hjelp veldig på! 

Har blitt vandt til å ikkje ha dør og dermed høre alt som skjer ellers i huset. Har også blitt vandt til at hunden Chester ofte kjem tuslande opp å kreve litt kos. Men ofte er det fantastisk, for dyr er menneskenes beste venn, er ikkje det det ein seie? Så han kjem ofte å trøstar meg. 

Har blitt vandt til å ete banan i alle mulige variantar. Det her er favoritten så langt. Bananchips med picante!  

Nok ein variant av banan: Is! 

Har blitt vandt til å vere på universitetet kvar dag frå 09:00 til 12:20, det går i spansk! Men kvar tirsdag har eg blitt vandt til å ta turen til eit anna universitet for å treffe dei her konge folka for å studere Bibelen i lag, snakke om tru og andre viktige spørsmål om livet. Det her er "mi" cece-gruppe, ein del av jobben min her nede. 

Kvar dag til og frå huset har eg blitt vandt til å gå forbi to supermarked. Det eine med namn Santa Maria, det ligg nermast mitt hus, så då veit eg at eg snart er heime

Har blitt vandt til at kvar dag sitt port-vakta klar for å trykke på knappen som gjer at døra opnar seg og eg kan gå endten inn eller ut av det vakre nabolaget (Bildet er inne på området der eg bur)

Har blitt vandt til at det her er huset mitt for 6.månadar. Har blitt vandt til at min gode vertfamilie alltid passar på at eg har det bra. Eg har også blitt vandt til å aldri vite kva som skjer. Som i går då kom eg heim frå skule og jobb, trøtt og sliten og gleda meg til ein rolig kveld, der tok eg feil, etter å ha fått servert litt mat bar det avgårde til nokre venner av mi vertsmor for å prøve Guagua de pan y Colada de Morada. Det er noko som er over heile Ecuador for tida. Den 2.november er dagen då dei minnast dei døde, det gjer dei i form av å ete brød som skal forestille ein baby og også drikke ei drikke som skal forestille blodet, den drikka er lilla og inneheld mykje forskjellig frukt. Det nærmaste vi kjem om eg skal seie kva det minne om i Norge er nok gløgg.. Der var vi til langt på kveld, eg satt å lytta til at dei snakka om mat i mange timar, og dei flira, å kor dei flira.. Men har blitt vandt til det også, blitt vandt til å berre sitte der i mine egne tankar, forstå kva dei snakka om, men ikkje vere inkludert i samtalen.
Når vi skulle heim litt over klokka 11 var det ikkje noko problem at dei vi besøkte skulle køyre oss heim, det var visst ikkje noko problem at han skulle køyre alle heim, så jahh.. Vi pressa ikkje mindre enn 9 voksne persona inn i ein personbil beregna for fem persona! Hysterisk morsomt! 
Har blitt vandt til å kvar onsdag etter universitetet reise ut til den meir fattigere plassen i Quito for å jobbe på fantastiske Casa de Victoria! Er så takknemmleg for denne jobben, den gir så mykje forståelse og tankar om livet. Kvar onsdag blir vi møtt av hærlege, glade og livlige ungar som vil bli kasta opp i lufta, klemma på og ellers berre bli sett. Mange av ungane har for små klede, mange er skitne, mange manglar tenner eller har brune tenner, mange kjem dit i lite klede sjølv om det er kaldt ute. 

Eg har ein tendens å legge merke til dei småe-tinga i kvardagen. I går var det sko på ungane på Casa de Victoria!  Eg har alltid lagt merke til sko, men det er noko heilt anna å legge merke til desse barne-skoa. Det sett ein støkker i meg. Det får meg verkeleg til å tenke.. Særleg på kor heldig eg er, som har heile sko + masse anna.. Eg lev i overflod i forhold til mange av desse barna.. 







Jenta som eig desse skona har fått ein spesiell plass i hjertet mitt.  Jenta sett seg på fanget mitt, eg tek i mot alle klemma og lærdom frå ho. Ho rettar på spansken min og hjalp meg med spansk-leksa mi. 


Ecuador, eg har blitt vandt til at det er her eg bur. Eg har blitt vandt til all transporten og begynne å sjå positivt på den.. Eg kan jo bruke all tida eg brukar på transport til å be! Fantastisk!!!

Livet er bra, travelt og interessant!!
Eg ser fram til fem månedar til her!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar