søndag 20. oktober 2013

Idag

Dagen starta tidleg, eg våkna i mi gode dobbelseng, søvnen i nytt sengesett blei plutsleg avbrutt av vekkerklokka.. Den viste 06:30, på tide å stå opp, det var jo tross alt søndag! Frokost, buss x2, masse folk, men mindre enn vanleg. På veg til min destinasjon passerar eg ein uteliggar, lukta av urin, fillete klede som ikkje dekke alt det burde dekke, berusa, eg går fort forbi. Eg står utanfor kyrkja, klokka er 08:15, ut av kyrkja kjem det masse folk, den første Gudstjenesta er allereie forbi. Eg går inn, saman med mange andre, klare for runde nr 2 av 4 Gudstjenestar i samme kyrkja, eg sett meg ned i lag med vertssøstra mi, musikken startar, heile menigheta står, gamle som unge. På scena er det livlege forsangarar, musikarar og ikkje minst dansarar. Eg står der, inspirert og glad for at det her skal vere min kyrkjelyd dei neste månadane, eg likar meg her. Preika blir talt og med hjelp av ein norsk og ein spansk Bibel får eg i allefall med meg noko av det som talaren snakka om. Plutseleg er Gudstjenesta over, alle går ut, ute står det mange nye klare til å delta på Gudstjeneste nr 3. Vi tar turen til sentrum av Quito, vi går rundt, smakar på ting eg ikkje har prøvd før, besøker museum. Eg er ikkje så alt for glad i museum, og det blei igrunnen berre enda mindre interessant når eg ikkje forstod halvparten av det guiden snakka om, men uansett. Vi går ut, veskene må vi passe enda betre på, vi er i eit fattigare strøk, eg kjenner meg igjen, det er her eg skal jobbe kvar onsdag. Tiggarar, uteliggarar, barn som jobbar, plutseleg føler eg at det er noko kjent med ho på 6 år som selg frukt. Eg ser ein gong til, var ikkje det ho som satt på fanget mitt på onsdag? Det stikk i meg, tårene pressa på, der går eg rundt, ser på livet, nyt livet, kjøper mat, går på museum og der går ho med ei tung kurv med frukt, prøver å få selgt noko, kanskje for å få nok til dagens mat? Og eg kjenner ho, i allefall veit eg litt kven ho er.. Eg går fort forbi, vil ikkje at ho skal kjenne meg igjen, men kanskje eg burde stoppa, kjøpt frukt? Eg blir uvell, vil igrunnen legge meg ned å grine, samtidig som eg berre vil hjelpe.. Føler for å gi pengar til alle eg ser er fattig, men er det rett? Vil ein eller ti dollar hjelpe dei til å få ei betre framtid? Eg vil så gjerne hjelpe alle som ikkje har det så godt som meg, eg blir litt demotivert av å tenke på at det faktisk ikkje går. Men kanskje eg kan gjere ein liten forskjell, kanskje for nokon. På alle onsdagar framover skal eg i allefall vise å gi mest mulig av meg sjølv, kanskje det kan gjere ein liten forskjell for nokon at eg gir av min kjærlighet. Kanskje det betyr meir enn at eg kjøper frukt? Men eg føler at det ikkje er nok... Dårleg samvittighet.. 
Eg legg meg i den gode senga mi, tårene får berre komme.. 
                                                          Livet er urettferdig, eg er heldig. 

Kjære gode Gud, takk for alt eg har fått, takk for alt eg får oppleve, takk for alt som er utfordrande å sjå. Eg ber om at du må gi meg styrke og håp når det gjeld å sjå at andre ikkje har det like godt som meg. Eg ber om at eg må kunne føle meg nyttig å gjere ein forskjell for dei som ikkje har det så godt. Takk for at du er med meg, og at du også ser til dei som ikkje har det så godt. Takk for at du elskar alle like mykje, hjelp også meg til å gjere det! I Jesu namn, amen! 

 

1 kommentar:

  1. Fikk tårer i øynene av teksten din! utrolig sterkt å lese. Du er modig, sterk og omsorgsfull. Det er bra du tar Gud med deg i hverdagen din, spre glede og vær den fantastiske jenten du er:)

    SvarSlett