tirsdag 15. oktober 2013

Ein av dei dagane

Idag har ikkje heilt vore dagen, eg våkna og følte meg ikkje heilt tipp topp, eller det vil seie.. Forma var egentlig bra, men eg såg ikkje lyst på å komme med til skulen, kanskje fordi at eg ikkje hadde særleg lyst? Ellerså var det berre det at eg kunne ønske det gjekk ann å komme seg til skulen på en raskare og meir behageleg måte? Ikkje veit eg, men eg stod opp, var litt låk i magen, gjekk ned og der stod som vanleg frukosten klar. Idag var det toast, hardkokt egg, juice og eit glas varm melk på menyen (Det er forresten fantastisk med Ecuador, her nede tøler eg melka så eg drikk mykje melk!). Videre gjekk eg som vanleg for å treffe Sunniva like ved bussplassen, idag var det nok ein grå dag i Quito, regnet pressa seg gjennom skyene og det var ganske kaldt ute. Når eg nesten var framme der eg skulle møte Sunniva kom det ein røykfylt buss mot meg, det var røyk under heile bussen, eg tenkte med meg sjølv at dei menneska burde gå ut av bussen fort som lynet, før det gjekk gale. Så mens eg gjekk langs vegen snudde eg meg fleire gongar for å sjå om folka i bussen kom ut, og heldigvis såg eg at bussen stoppa og folka måtte finne seg ein annan buss. Mens eg var opptatt med å få med meg det der så klarte eg å trakke opp i ein hundebæsj, fantastisk. Idag gjekk reisa litt bedre enn i går, i går var det nemmleg tre bussar som berre kjøyrte frå oss og når vi kom til stasjonen for å bytte buss ante vi ikkje kva buss vi skulle ta og når vi endeleg fant ut det var der milevis med kø. Så vi bestemte oss for å ta ein taxi, når vi endeleg fekk ein taxi til å stoppe forstod ikkje han kvar vi ville, så vi måtte hoppe ut igjen for så å vente lenge på å få tak i ein ny taxi. Det heile endte med at vi kom 30 minutt forseint til spansk-undervisninga første dagen, flott. Idag brukte vi berre ein time på å komme oss til skulen. Undervisninga i dag var mykje repitisjon og på ein måte enkel.. Når vi skulle begynne på siste timen (Har undervisning frå 9 til 12:20 kvar dag) ba læreren meg og Sunniva om å komme fram, og ho ba oss om å gå til eit anna klasserom for å ta spansk nivå 3 i staden.. Eg såg spørrande på læraren fordi eg blei plassert på spansk nivå 2 under tvil... Vi gjekk til det andre klasserommet og eg kjente på meg at det var heilt anna å vere der, eg forstod fortsatt kva læraren snakka om, men eg hadde ikkje (trur eg) hatt peiling på kva eg skulla svart om ho hadde spurt meg om noko. Så eg satt der, nervøs for at læraren skulle avsløre at eg ikkje var god nok for det nivået, samtidig så syns eg at nivå 2 på ein måte er litt for basic.. Så eg anar ikkje kva eg skal gjere.. Innan i morga må eg bestemme meg, og det plagar meg.. Skal eg ta sjangsen på at eg lærer meir av å utfordre meg sjølv med nivå 3, men også risikere at eg kanskje lærar mindre enn kva eg gjer om eg velg nivå 2? Uansett, skuledagen gjekk forbi og vi tok turen bort til eit anna universitet for å ha bibelstudie med cece-studentane der, ei veldig kosleg gruppe! Alt foregår på spansk, og i dag var eg litt for sliten til å ein gong prøve å henge litt med, så det var litt nedtur. Eine cece-studenten tok oss med for å vise oss kor vi kunne kjøpe ecuadorianske-klede før eg og Sunniva tok turen på egenhånd til eit kjøpesenter. Fant ingenting av det vi skulle ha, men men. Når vi skulle heim var det som vanleg mykje folk overalt. Men i dag føltes det heilt ekstremt. Dei tre første bussane som kom var det umulig å komme på sidan dei allereie var fulle, på den fjerde var der eindel folk som kom av så eg og Sunniva pressa oss inn i bussen, det gjekk fint heilt til at buss-sjåføren lata igjen døra litt for tidleg.. Eg fikk foten min skvisa mellom dørene og ein port som kjem opp, det var låkt (Vondt), veldig låkt!!! Eg skreik høgt AU AU AU AU og etterkvart skjønte alle at foten min faktisk satt fast, så alle begynte å rope til bussjåføren om at han måtte opne dørene igjen, heldigvis gjorde han det. Eg valgte å ikkje gå av av bussen, og fortsatte turen. Tårene pressa på, det værka skikkeleg. Når vi endeleg kom fram til der vi må bytte buss var det sjølvsagt ei mil med kø, eg grein. Vi kom oss på bussen og hadde nokså god plass samanlikna med den forrige bussen. Foten værka, eg begynte å bli kvalm og uvel, plutseleg kaldsvetta eg skikkeleg og kroppen begynte å visne vekk, plutseleg svimte eg av, datt rett ned. Dei som stod rundt meg klarte å ta meg litt i mot, dei fikk bussjåføren til å stoppe så eg og Sunniva fikk gå av. Eg var skikkeleg dårleg å måtte sette meg ned på bakken, etter ei lita stond begynte ting å gå litt bedre og eg begynte å halte heim til Sunniva sitt hus. Der kom alt eg hadde ete den dagen rett, eg fikk tatt av meg skoen og vertsmora til Sunniva kom med ein kald klut, ringte mi vertsmor og hadde på ein krem som skulle minke hevelsen. Deretter bestilte ho ein taxi og ho og Sunniva fulgte meg heilt heim, her har eg også fått pleie med mat og også ein slags vidunder krem. Eg og vertssøstra mi har sett Ecuador-Chile kamp, Ecuador vant ikkje, men kom vidare til World Champion etteleranna, så det var stas! No har eg hatt "legebesøk" på rommet mitt, vertsbroren min studerar nemleg til å bli lege, han trudde at det berre var ei rift eller ei slags skade på beinet, og eg trur det samme for eg klarer i allefall å gå (halte). Så no skal eg smøre foten min meir inn med krem før eg må legge meg, sattse på at hevelsen går ned til i morga og at eg klarer å bestemme meg for kva eg skal gjere med spansken. Men andre ord, sattsar på ein betre dag i morga..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar