søndag 13. oktober 2013

Ein titt i min kvardag!

Sidan eg sjølv og andre har merka at mine innlegg er ganske lange, skal eg prøve å ha litt fleire bilder enn tekst denne gangen!
Vakre Ecuador!! Ein plass inni der er huset mitt. 

På torsdag skulle vi besøke eit univeristet  litt utanfor Quito, etter 20 minutt i ein stappfull buss (Bussjåføren ba folk om å trekke lenger inn for å få plass til fleire, også kjørte han med open dør for at enda fleire skulle få plass ved å stå i trappeinngangen. Det var villt, spesielt sidan vegane var veeeldig svingete og bratte! Minnte meg om Geiranger, berre enda værre. Når vi endeleg kom fram pøsa regnet ned (Det er vinter i Ecuador no, og det vil seie: regn) Gatene blei fylt med regn på 2 minutt og vi blei klissvåte. Men det var ein opplevelse! 

Her er her vi har tilbringt helga. Vi var å feira vertsmora mi sin far sin bursdag i feriehuset til foreldra til vertsmora mi (haha, innvikkla). Huset var fantastisk! Faren hadde laga absolutt alt, stolar, bord, gulv, senger, you name it! Og detaljar var der nok av, kvar dag såg eg eit nytt bilete eller ein ny ting, huset var fullt av lekre og facinerande ting! Legg merke til dei to hengekøyene, du kan tru det var godt å komme seg litt vekk frå storbylivet, ut til denne fredelege og varme plassen (det var tre timar utanfor Quito, og eit heilt anna klima! Kjempevarmt og deilig!)

Og hagen, den var ikkje mindre imponerande: sitronar, appelsiner, masse anna ecuadoriansk frukt, mango og masse, masse blomster. Fantastisk å ete mango rett frå hagen til frukost. 

Skjekk dei måleria, også faren til Lilly (Mi vertsmor) som har måla. 

Obligatorisk: tekste ut vannkrana bilete! 

Laurdagen for eg, Sunniva og Maria Emilie til eit badeanlegg ikkje langt frå huset. Vi koste oss der i nokre timar. Sidan eg kkje hadde ferie i sommar tok eg det her som ein ferie, digg!

Sklier i lange banar. Dei hadde også eit basseng med bølger, så då følte eg neste at eg svømte på Ulla veit du, fantastisk! 


Eg var den einaste av oss som turte og ta denne sklia, den er veeeeldig bratt, men eg digga den. Adrenalinkick! (Ja, det er forresten eg som kjem ned sklia) 

Sunniva, Lilly (Vertsmor), meg og Maria Emilie (Vertssøster) Dei er fantastiske!

Dette er ei blå-bru som går ut til ein liten landsby der det er veldig fattig og berre mørkhuda personar som bur. Var veldig spesielt å komme ut dit å sjå kontrastane på nærthold. Der ute fulgte ungane etter oss, dei gjekk utan sko, hadde hølete klede og husa var veldig falleferdige. Midt inn i all fattigdommen var det bygd ein splitter ny barnehage som skulle opne snart, vakta som stod utanfor (Ja, dei måtte ha ei vakt utanfor heile tida, for å unngå at dei skulle ødelegge, bryte seg inn eller stjele noko) slapp oss inn så vi fikk sjå. Var veldig spesielt at det var ei så ny bygning på den ellers veldig triste plassen, men samtidig var det veldig fint, det ga på ein rar måte eit håp om at dei barna kanskje får ei betre framtid på grunn av det bygget. Det var også litt rart å vere der, for så å fare tilbake til huset å få besøk av ein millionær, kontrastar, store kontrastar! 

Ut av denne bilen kom det 15 personar, ikkje mykje trafikksikkerheit her, nei. 

Sunniva og eg og nokre av dei jentene som fulgte ette oss. 

Dagens frukost, fantastisk med ein heil tallerken med frukt! Det andre dåkke ser er eggerøre, gelatin/gele ( dei raude koppane) og grilla banan i midten der. På dette bilete hadde ikkje all maten komt på, det mangla kake og kaffi også.
Dette er berre eit av måltida denne helga, eg anar ikkje kor mykje eg har ete denne helga. Eg trur ikkje det har vore ein time utan noko mat. På fredag var det ein veldig viktig kamp mellom Ecuador og Uruguay, så den måtte vi selfølgelig få med oss. Men vi hadde ikkje tv på "hytta", så vi gjekk bort til naboen, først var der berre to + oss 6, plutseleg berre strømma det på med mennesker, eg trur vi til slutt blei opp i 20, meir eller mindre. Og alle vi skulle sjå kampen på den minste tvén dåkke kan forestille dåkke. Skikkeleg Ecuadoriansk kultur, alle måtte selfølgeleg komme å sjå! På den 90 minutta fikk vi servert: to runder med sjokolade, to runder med popkorn, to runder med vatn, to runder med kjeks og ei runde med ein slags ost med honning på. Eg trilla ut av det huset for å seie det sånn..!
Med ein gong nokon kom innom "hytta" vår var alle damene i sving for å servert noko, det er visst veldig viktig i Ecuador. Du går ikkje på besøk til nokon utan å få servert noko, også er det veldig uhøffeleg å takke nei til det du blir tilbydd, så jah, blir mykje mat kan du seie.. 


Dette er faktisk eit spel, veldig artig!


Eg har hatt ei veldig bra helg! Masse fantastiske folk, imøtekommende og veldig hærlege. I går kveld var det bursdagsselskap, eg og Sunniva måtte synge hurra for deg tre gongar + andre norske songar. Ellers fikk eg god tid til å sitte i mine eigne tankar sidan alt foregjekk på spansk. Noko eg merka i går var at eg saknar å flire, alle dei Ecuadorianske flira og flira, men eg forstod ikkje kva som var så morosamt.. Men det kjem nok det også etterkvart!
I morga startar studentlivet, då skal eg tidleg opp på skulen, for å komme meg til universitetet, der skal eg studere spansk kvar dag (utenom helga) fram til jul. Det blir spennande, og eg gruar meg litt. Samtidig skal det bli godt å komme i gang med å lære spansk skikkeleg. Eg forstår veldig mykje, så det er frustrerende å ikkje kunne svare. Det er også rart å ikkje snakke så mykje som eg vanlegvis brukar, haha!

Hasta luego! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar