fredag 18. oktober 2013

Dia mundial del Estudiante

Så var det fredag. Idag skulle eg ønske eg kunne ha vore ein annan plass enn i senga mi. I går våkna eg sliten og heilt tappa for energi.. Etter å ikkje ha holdt på noko mat i to dagar og i tilegg ha ein låk fot valgte eg å vere heime. Så i heile går låg eg i senga mi, søv og leste litt. Var ein tur på legen og vidare på sjukehuset for å ta røngten av foten, dei fant heldigvis ikkje noko brudd, og eg fekk ein kur med antibiotika.(Typisk min uflaks å nesten ha blitt rana, besøkt doktor og sjukehus når eg berre har vore her i to veke.. Men sattsar på at eg er ferdig med alt no, greit å berre vere ferdig med det først som sist, haha). Idag føler eg meg litt betre, men fortsett veldig slapp så eg mot min vilje valgte å vere heime i dag også, for å bli heilt frisk. Så no ligg eg her, klokka er ikkje 8 enda, og eg skulla gjerne ha vore på veg til skulen for å ha spansk nivå 2 i staden. Etter skulen i dag skulla eg ha vore med på bønnedag rundt om på universiteta saman med dei andre studentane. For i dag er det nemmleg IFES sin internasjonale bønnedag. World Student Day takes place on Friday 18 October. It is an annual celebration of all that God is doing, through IFES, amongst students around the world. Please join with us as students, staff and supporters pray for one another and for specific situations facing students. Pray especially for members of IFES movements, that they might be encouraged to know that they are part of a global family.  (http://ifesworld.org/pray) Men det er det flotte med Gud, han høyrer bønn uansett kvar du er, så eg kan be her, frå senga mi! Ver gjerne med å be du også :) Når det gjeld tema som vi ber om her i Ecuador så er det at cece-gruppene kan verte større, studentane kan verte meir gira og meir engasjert i å ta ansvar og initiativ sjølve, og kanskje vere meir tydeleg kristne rundt sine med-studentar og at cece kan få fleire staf som jobbar fast med cece, det er ganske avgjerande for om det eventuelt kan bli starta opp nye grupper på fleire universitet. (For dei som ikkje veit kva ei cece-gruppe er, så er det ei gruppe med kristne studentar som møtast ein gong i veka på sitt universitet for å studere Bibelen, be å snakke om viktige spørsmål i lag, det samme som tilsvarar Laget i Noreg). Eg og Sunniva har i løpet av dei to vekene reist rondt og besøkt omtrent alle cece-gruppene her i Quito, dette skal etterkvart bli eindel av jobben vår. Sånn eg har forstått det skal vi velge oss ei gruppe kvar som vi skal møte kvar veke, i og med at vi sjølve er på skulen kvar dag er det litt vansklig å følge opp meir enn ei cece-gruppe no i starten, men etter jul tippar eg at vi får jobbe meir og med fleire grupper.
Onsdag etter skulen skulle vi til Casa de Victoria for å jobbe, vi stod utanfor universitete å venta på Ruth, ei gammal dame uten tenner, fillete klede og med ein stokk i handa stod rett ved siden av meg å tigga. Det stakk i meg, eg ser mange tiggera kvar dag, men det var noko spesielt med ho her. Eg leita i veska mi, fant fram litt pengar, først litt. Eg blei flau over meg sjølv, der stod eg å vurderte om ho skulle få to eller tre dollar for eg tenkte: kanskje eg treng den eine dollaren.. Kvifor i alledage skulle eg trenge den? Eg hadde jo fem dollar til.. Eg ga ho pengane, ho såg på meg å smilte. Men eg klarte ikkje å føle meg betre, glad eller bra for å ha gitt ho litt av mi overflod. Eg stod igjen med dårleg samvittighet.
Vidare for vi ut til Casa de Victoria, ein heim der fattige barn kjem etter skulen for å få hjelp med lekser, få leike, bruke datamaskin, ete mat, lære om Jesus å ikkje minst ha ein trygg plass å vere i nokre timar. Der kom det strømmande på barn i alle aldrar, mange i fillette, for småe klede, skitne, men uten unntak: alle i strålande humør, alle hoppande glade, alle nyskjerrige. Dette trur eg blir ein jobb som blir til stor inspirasjon.
Casa de Victoria

Ha ei flott helg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar