fredag 25. oktober 2013

Livet uten dør

Eg våknar av radioen, kristen lovsang på spansk ljomar i ørene mine, klokka viser berre 05:00, eg smilar, ser ut vindauget, heile rommet mitt er fylt med sollys, eg bryr meg fint lite, snur meg og legg med til å søve igjen. Klokka 06:45 ringer alarmen, eg ligg i senga, ber og lyttar til radioen som kjem frå to etasjar lenger ned. Eg står opp, hiv på meg klede, les i Bibelen, pakkar veska og tuslar ned på kjøkkenet. Der står frukosten klar, eg et og kjem meg av gårde, portvakta smilar i det han seier: Buenas dias og opnar porten for meg. På vegen mot bussen går eg forbi mange ukjente, men ordet: Buenas dias går igjen og igjen. Den varme kulturen får meg til å smile, det her blir ein bra dag, det regnar ikkje så idag stoppar den første bussen, vi står trangt, men det går fint. Begynner å bli vandt med det. Vi stiller oss i den megalange køa som minkar på berre 3 minutt, vi går inn i Ecoviaen, turen tar ca 30 minutt og blir brukt til å be, vi går av på stoppestaden å tuslar opp mot universitetet. Der blir vi møtt av mange hyggelege folk, klassa vår. Mykje latter, spansk og ellers blir pausane brukt til å utveksle spørsmål og planlegging av sosialt samver. Onsdag var det ein gjeng som for på café etter skulen og i dag var det ein gjeng som for for å ete kinesisk mat (Vi har folk frå USA, New Zeland, Russland, Tyskland, Japan, Kina, Korea, Iran og Vietnam i klassa! ) Desverre har vi ikkje hatt mulighet til å vere med, men vi sattsar på at det blir fleire muligheter. Sånn går dei fleste dagane frå 06:45 til 12:30 mandag til fredag. Etter universitetet varierar det, men denne veka har det vore mykje som har skjedd! Mandagskveld reiste vi ut for å helse på mange folk som jobbar i det samme som cece/Laget osv som har vore i Ecuador på konferanse, mange frå mange ulike land! Veldig spennende og inspirerende å sjå engasjerte kristne frå mange land i Latin Amerika, (Brasil, Paraguay, Venezuela, Bolivia, Peru osv osv). Tirsdag reiste eg direkte til cece-gruppa "mi" og hadde bibelstudie i lag med to kjekke studentar. Onsdag reiste vi som vanleg ut til Casa de Victoria, fantastisk kjekt. Vi leika, fikk mange klemmar, øvde spansk, og ellers berre kosa oss inne mens ute hølja regnet ned i takt med lyn og torden. Etter jobben der reiste vi direkte til Ruth, der baka vi 100 vaniljekjeks. Utrulig gøy å bake igjen! (Ikkje det at eg bakar så mykje når eg er i Noreg, men når eg ikkje har mulighet til å bake her fristar det verkeleg å bake). Visste du at i Ecuador så er det omtrent ingen som bakar eller i det heile tatt brukar ovnen sin? Som i mitt hus så brukar vi berre platene oppå komfyren, steikovnen er aldri brukt. Eg skulle skjekke om vi kunne bruke den, opna døra og der var det rimeleg støvete og ikkje minst så var døra ødelagt, så den gjikk ikkje ann å late igjen.. Torsdag hadde eg fri, så eg reiste heim og gjorde spansk-leksa mi å slappa av. Når vertsmor kom heim var ho i ekstase over å vise meg ein bra film. Eg trudde det var ein kort youtube film, men det viste seg å vere ein film på 2 og ein halv time! Og det var enda til ein Indisk film, så dei snakka indisk og tekstinga var på spansk, haha! Men filmen var bra, sjølv om eg ikkje forstod så mykje av det som blei sagt. I dag var det rett til eit anna universitet etter spansk, der delte vi ut invitasjonar og kjeks. To av cece-studentane som studerar medisin hadde arrangert å fått ein taler til å komme å snakke om: ?Después del orgasmo que? Eg forstod ikkje så mykje, men dei som var der fikk i tilegg til temaet, høre litt om den kristne religionen og ikkje minst cece. Så det blir spennande å sjå om det kanskje kjem fleire på neste cece-møte på det universitetet.  Etter det bar det avgårde i lag med to hærlege jenter frå Tyskland (To vi har blitt kjent med igjennom cece), og tre Ecuadorianske guttar, dei tok oss med opp til ein park med fantastisk utsikt over Quito, vi var der ganske lenge, det regna, men vi fant oss ein benk under eit tak, ba i lag på tre ulike språk, snakka og delte eventyr frå våre land. Videre gjekk vi langt for å ete mat, ein må verkeleg ha tolmodighet her! Når vi skulle ta eit bilete brukte vi minst 10 minutt på det bilete, sidan alle skulle ta med sine mobilar, kamera og ikkje minst frå ulike vinklar. Men jah, alt i alt ein superkosleg kveld! Var deilig å komme seg ut litt, flire og begynne å skape vennskap! :)



Sang og musikk høyrer med på eit opningsmøte 

Onsdag feira eg og Sunniva tre veke(eller tre år som eg sa) i Ecuador! Tida har gått veeeldig fort til no.  
Har blitt ekspert på den kjeks-oppskrifta for å seie det sånn!

Parken vi besøkte i dag

Viktig å få med statua i bakgrunnen

Ein veldig koslig kveld med brae folk!

No skal helga nytast med avslapping, forhåpentligvis litt pensum lesing, og desidert spansk jobbing.. Læreren vår sa i dag at vi skal ha eksamen på mandag.. Litt usikker på kva det vil seie, men..

På kveldane kjem eg heim, maten står klar, eg et, snakkar med vertsfamilien min går opp på rommet mitt, ordnar meg og legg meg i senga. Lydane frå etasjen under er høge, musikk, gjerne tre forskjellege, tv-seriar og snakking. Eg legg meg i senga mi, det blir ikkje stilt før eg søvnar til alle lydane. Av og til hadde det kanskje vore litt deilig med ei dør på rommet, men det går veldig fint! Er tross alt vandt med lydar etter tre år på internat!

Adios!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar